The Division Bell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Division Bell
Studioalbum av Pink Floyd
Språk engelsk
Utgjeve 28. mars 1994
Innspelt Januar til desember 1993
Studio
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 1:06:23
Selskap
Produsent
Pink Floyd-kronologi 
Shine On
(1992)
The Division Bell Pulse
(1995)


Singlar frå The Division Bell
  1. «Take It Back»
    Utgjeve: 16. mai 1994
  2. «High Hopes» / «Keep Talking»
    Utgjeve: 17. oktober 1994

The Division Bell er det fjortande studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut 28. mars 1994 på EMI Records i Storbritannia og 4. april på Columbia Records i USA.

Det var det andre Pink Floyd-albumet som vart spelt inn utan det opphavlege medlemmet Roger Waters og vart stort sett skrive av gitaristen og songaren David Gilmour og klaverspelaren Richard Wright. Wright song solovokal på plata og det var første gongen på eit Pink Floyd-album sidan The Dark Side of the Moon (1973). Forloveden til Gilmour, Polly Samson, skreiv mange av tekstane i lag med Gilmour og dei omhandla kommunikasjon. Det var det siste Pink Floyd-albumet som vart spelt inn med Wright, som døydde i 2008.

Albumet vart spelt inn i bandet sitt eige Britannia Row Studios og husbåten til Gilmour, Astoria. Produksjonsteamet bestod av folk som hadde samarbeidd med Pink Floyd lenge, som produsenten Bob Ezrin, lydteknikaren Andy Jackson, saksofonisten Dick Parry og bassisten Guy Pratt.

The Division Bell fekk blanda kritikk då det kom, men gjekk til topps på albumlistene i både Storbritannia og USA. Det selde til dobbelt platinaplate i USA same året som det kom ut og 3x platina i 1999. Det vart etterfølgd av ein turné i USA og Europa. Unytta materiale frå Division Bell-innspelingane vart ein del av det neste albumet til Pink Floyd, The Endless River (2014).

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelingsstudioet til David Gilmour, Astoria

I januar 1993 byrja gitaristen David Gilmour, trommeslagaren Nick Mason og klaverspelaren Richard Wright å improvisere nytt materiale i eit nyoppussa Britannia Row Studios. Dei henta inn bassisten Guy Pratt[2] og i følgje Mason påverka spelinga til Pratt stemninga i musikken..[3] Utan dei rettslege problema som forfølgde produksjonen av A Momentary Lapse of Reason i 1987, kunne Gilmour slappe av. Når han meinte at bandet gjekk framover, spelte han det inn på ein to-spors DAT-opptakar.[4][5] På eit tidspunkt tok Gilmour i skjul opp Wright som spelte og dette danna grunnlaget for tre musikkstykke.[6]

Etter kring to veker hadde bandet kring 65 musikkstykke. Med lydteknikaren Andy Jackson og medprodusenten Bob Ezrin, flytta produksjonen over til husbåten til Gilmour og platestudioet Astoria. Bandet stemde over kvart spor og fekk skore det ned til kring 27 musikkstykke. Dei fjerna nokre spor, sette saman andre og kom fram til omkring elleve songar. Songutvalet var basert på eit poengsystem, der dei tre medlemmane kunne gje opp til ti poeng for ein mogeleg song. Fordelinga vart noko skeiv då Wright gav sine eigne songar ti poeng kvar, og ingen til dei andre.[7] Wright, som hadde fått sparken av bassisten Roger Waters i 1979, var ikkje kontraktsmessig eit fullverdig medlem av bandet, noko som irriterte han. Wright sa: «Det kom nære eit punkt der eg ikkje kom til å spele på albumet, fordi eg meinte at me ikkje hadde kome fram til ein rettferdig avtale.»[8] Wright vart oppført som låtskrivar på eit Pink Floyd-album for første gongen sidan Wish You Were Here i 1975.[9]

Sam Brown medverka på vokal. Foto frå 2006 med Jools Hollands band.

Forfattaren Polly Samson, som var trulova med Gilmour, vart òg oppført som låtskrivar. I starten var rolla hennar avgrensa til å oppmuntre Gilmour, men ho hjelpte han å skrive «High Hopes», ein song om barndommen til Gilmour i Cambridge. Ho var òg medlåtskrivar på seks andre songar, noko Ezrin mislikte. I eit intervju med Mojo sa Gilmour at bidraga til Samson hadde «rufsa til fjøra til mangementet», men Ezrin sa seinare at ho hadde vore inspirerande for Gilmour og at ho «drog heile albumet saman».[10] Ho hjelpte òg Gilmour, som etter skilsmissa si hadde utvikla eit kokainproblem.[11]

Klaverspelaren Jon Carin, perkusjonisten Gary Wallis og korvokalistar, mellom andre Sam Brown og Momentary Lapse-turnésongaren Durga McBroom, vart henta inn før innspelinga byrja. Bandet flytta til Olympic Studios og spelte inn dei fleste songane der i løpet av ei veke. Etter ein sommarpause drog dei attende til Astoria for å spele inn fleire lydspor. Ezrin arbeidde på trommelyden og Michael Kamen skreiv strykearrangement, som vart spelte inn i Abbey Road Studio 2 av Steve McLaughlin.[12] Dick Parry spelte saksofon på sitt første Pink Floyd-album på nesten 20 år, då han spelte på «Wearing the Inside Out», og Chris Thomas skapte den endelege miksen.[13] Mellom september og desember vart innspeling og miksing utført i Metropolis Studios i Chiswick og Creek Recording Studios i London. I september spelte Pink Floyd på ein veldedig konsert i Cowdray House i Midhurst.[14] Albumet vart mastra i Mastering Lab i Los Angeles av Doug Sax og James Guthrie.

Jackson redigerte unytta materiale frå Division Bell-innspelingane, som av Mason vart skildra som ambient, til ein timeslang komposisjon som fekk den mellombelse tittelen The Big Spliff,[15] men Pink Floyd valde å ikkje gje dette ut.[3] Noko av The Big Spliff vart nytta til å skape det neste albumet deira, The Endless River (2014).[16]

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Med hjelp av gitarteknikaren til Gilmour, Phil Taylor, fann Carin nokre av dei eldre klaverinstrumenta til Pink Floyd i eit lager, mellom anna eit Farfisa-orgel. Somme av lydane som vart sampla frå desse instrumenta, vart nytta på spora «Take It Back» og «Marooned».[17] I tilleg til Carin spelte òg Ezrin klaverinstrument. Durga McBroom song korvokal i lag med Sam Brown, Carol Kenyon, Jackie Sheridan og Rebecca Leigh-White.[18]

«What Do You Want from Me» var inspirert av Chicago blues og «Poles Apart» har viseaktige element. Dei improviserte gitarsoloane til Gilmour på «Marooned» vart spelte med ein DigiTech Whammy-pedal for å endre tonehøgda på gitartonane ein heil oktav. På «Take It Back» brukte han ein EBow, eit elektronisk apparat som simulerer lyden av ein boge på strengane, på ein Gibson J-200-gitar gjennom ein Zoom-effektpedal.[19]

Tema[endre | endre wikiteksten]

The Division Bell omhandlar kommunikasjon og ideen om at det å snakke saman kan løyse mange problem..[11] Songar som «Poles Apart» og «Lost for Words» har blitt tolka som ein referanse til det dårlege forholdet mellom Pink Floyd og Roger Waters, som slutta i 1985. Gilmouar har derimot nekta for dette og sa: «Folk kan tolke og reagere på ein song på sin eigen måte, men det er litt for seint for oss no å mane fram Roger.»[20] Tittelen syner til division bell, bjølla i det britiske parlamentet det vert ringt i når det er tid for avstemming.[21] Trommeslagaren Nick Mason sa: «Det handlar om folk som tar val, ja eller nei.»[20]

«A Great Day for Freedom vart skriven nokre år etter at Austblokka fall og sidestiller den generelle gleda då Berlinmuren fall med påfølgjande krigar og etnisk reinsing, særleg i Jugoslavia.[22] Lydklipp av Stephen Hawking, som opphavleg vart spelte inn for ein fjernsynsreklame for BT, vart brukt på «Keep Talking».[20][23] Gilmour vart så rørt av meininga til Hawking i reklamen at han kontakta reklameselskapet for å få løyve til å bruke opptaket.[24] Mason sa han meinte det var «politisk ukorrekt å hente idear frå reklame, men at det var eit særs relevant opptak».[20] Heilt på slutten av albumet kan ein høyre stesonen til Gilmour, Charlie, som legg på røyret etter at Pink Floyd-manageren Steve O'Rourke har ringt. O'Rourke hadde hatt eit sterkt ønske om å vere med på eit Pink Floyd-album.[25]

Tittel og plateomslag[endre | endre wikiteksten]

For å unngå å konkurrere med andre albumutgjevingar, slik det hadde skjedd med A Momentary Lapse, sette Pink Floyd ein frist til april 1994 med å få ut albumet. Det var same månaden som dei skulle leggje ut på turné. Innan januar det året hadde bandet framleis ikkje ein albumtittel. Titlane som vart vurderte var Pow Wow og Down to Earth. Under ein middag skal forfattaren Douglas Adams, som vart lovd ei betaling til ein veldedig organisasjon etter hans eige ynskje, Environmental Investigation Agency, ha føreslått The Division Bell, som er nemnt i songen «High Hopes».[26][27]

Den mangeårige samarbeidspartnaren til Pink Floyd, Storm Thorgerson, fekk oppgåva med å lage plateomslaget. Han reiste to store metallhovud, kvar på høgd med ein dobbeltdekkarbus, på ei eng nær Ely. Skulpturane vart sette mot kvarandre og fotograferte i profil, og kan sjåast som to andlet som snakkar med kvarandre, eller at dei i lag dannar eit tredje andlet. Thorgerson sa at det «tredje fråverande andletet» var ein referanse til Syd Barrett. Skulpturane vart utforma av Keith Breeden, og konstruert av John Robertson. Ely-katedralen er synleg i horisonten.[28][29] Biletet vart teken i februar for optimale lysforhold.[26] I 2001 vart skulpturane utstilte i Rock and Roll Hall of Fame i Cleveland i Ohio.[30] I 2017 vart dei flytta til Victoria and Albert Museum i London for ei Pink Floyd-utstilling.[31] Ei alternativ utgåve av omslaget, med to 7,5 meter høge skulpturar i stein av Aden Hynes vart brukt på kassettutgåva og turnébrosjyrane.[32]

Utgjeving og sal[endre | endre wikiteksten]

On 10. januar 1994 vart det halde ein pressekonferanse for å annonsere The Division Bell og den komande verdsturneen i den tidlegare US Naval Air Station i Nord-Carolina i USA. Det vart bygd eit luftskip for føremålet, og denne flydde kring USA fram til han vrat øydelagd av eit torevêr den 27. juni. Delar av luftskipet vart selt som suvenirar. Bandet heldt ein annan konferanse i Storbritannia den 21. mars. Denne gongen brukte dei eit anna luftskip som var måla som ein fisk og som tok journalistar på tur over London. Luftskipet var lyst opp frå innsida lik at det lyste på nattehimmelen. Det vrt òg flydd over Nord-Europa .[33]

The Division Bell kom ut i Storbritannia på EMI Records den 28. mars 1994, og i USA den 4. april,[33] og gjekk rett til topps på albumlistene i begge landa.[34] The Division Bell selde til sølv- og gullplate i Storbritannia den 1. april 1994, platina ein månad seinare og 2x platina den 1. oktober. I USA selde det til gullplate og 2x platina den 6. juni 1994, og 3x platina den 29. januar 1999.[35]

I USA debuterte albumet på toppen av Billboard 200 veka 23. april 1994 og selde meir enn 460 000 eksemplar, som på den tida var den 12. største salet på ei veke etter at Billboard byrja å bruke SoundScan i mai 1991 og det femte største førstevekesalet fram til då.[36] Den neste veka vart det liggande på topen av lista og selde litt mindre enn halvparten av det det gjorde den første veka, 226 000 eksemplar.[37] Den neste veka var salet falle til 157 000 eksemplar, men vart likevel framleis liggande på toppen av albumlista.[38] Den neste veka, 14. mai 1994 var The Division Bell framleis på toppen av Billboard 200, men salet hadde falle med 17 %.[39] I den femte veka fall albumet ned til fjerdeplassen på lista. Plata låg i alt 53 veker inne på Billboard 200.[40] I 1999 fekk det 3x platina i USA for over tre millionar selde eksemplar.[35]

Turné[endre | endre wikiteksten]

To dagar etter albumet kom ut byrja The Division Bell-turneenJoe Robbie Stadium i Miami. Setlista byrja med «Astronomy Domine» frå 1967, før dei gjekk til to spor frå A Momentary Lapse of Reason frå 1987 og The Division Bell. Songar frå Wish You Were Here, The Dark Side of the Moon og The Wall vart òg spelte. Med seg på scenen hadde dei Sam Brown, Jon Carin, Claudia Fontaine, Durga McBroom, Dick Parry, Guy Pratt, Tim Renwick og Gary Wallis. Turneen fortsette i USA til midten av juni, før dei flytta til Canada og så attende til USA i juli. Då turneen nådde Europa seint i juli avslo Waters ein invitasjon om å bli med bandet på scenen og sa sidan at han var irritert over at Pink Floyd-songa vart spelte på store spelestader igjen. Den første konserten i Storbritannia den 12. oktober, kollapsa ein seteseksjon for 1 200 menneske, men ingen vart alvorleg skadd. Konserten vart då flytta til ein annan dato.[41][42]

Under turneen posta ein anonym person kalla Publius ei melding på ei nyhendegruppe på Internett og inviterte fans til å løyse ei gåte som visstnok skjulte seg på det nye albumet. Melsinga vart stadfesta på ein konsert på East Rutherford, der kvite lys føre scenen stava «Enigma Publius». Under ein fjernsynssendt konsert i Earls Court i oktober 1994 stod ordet «enigma» med store bokstavar på skjermen bak scenen. Mason innrømde seinare at Publius Enigma faktisk eksisterte, men at det var sett i gang av plateselskapet, og ikkje i bandet. Så langt er gåta enno uløyst.[43]

Turneen enda i Earls Court den 29. oktober 1994, og det vart den siste konserten deira før Live 8. Det er estimert at dei selde totalt 5,3 millionar billettar til ei bruttoinntekt på kring 100 million USD.[44] Eit konsertalbum frå turneen, kalla Pulse, og ein konsertvideo (filma 20. oktober 1994) kom ut i juni 1995.[45]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[46]
Entertainment WeeklyD[1]
PopMatters7/10 stars[47]
Rolling Stone2.5/5 stars[48]
Sputnikmusic4.5/5 stars[49]
Uncut4/5 stars[50]

Tom Sinclair i Entertainment Weekly skreiv at «griskheit er den einaste tenkjelege forklaringa på dette glatte, inkjeseiande albumet, som hovudsakleg er merkverdig for ei magevrengande blanding av pompøs progressiv rock og New Age-fikling».[1] Tom Graves i Rolling Stone kritiserte framføringa til Gilmour og sa at gitarsoloane hans hadde «slått seg til ro med tilfeldige tonar, utydelege digresjonar som er like forgløymelege som dei brukte å vere uutslettelege ... berre på 'What Do You Want from Me' høyrest Gilmour ut som han bryr seg».[48] Roger Waters, som slutta i Pink Floyd i 1980-åra, avviste The Division Bell som «Berre søppel ... visvas frå byrjing til slutt.»[51]

Albumet vann ein Grammy for beste rockeinstrumental for «Marooned».[52] The Division Bell vart nominert til Brit Awards for årets britiske album,[53] men tapte for Blur sitt Parklife.

I Uncut sin Pink Floyd: The Ultimate Music Guide i 2011, skreiv Graeme Thomson at The Division Bell «kan rett og slett vere eit uskildra blad i Floyd-kanonen. Dei tre opningssongane er ei imponerande tilbakevending til noko som er nær den evige essensen i Pink Floyd, og mykje av resten opprettheld ei roleg kraft og ein meditativ kvalitet som skapar ei falsk kjensle av samhald.»[54] I 2014 skreiv Uncut om albumet igjen i høve 20-årsjubileet og hylla produksjonen, og skreiv at det høyrdest «meir ut som eit klassisk Pink Floyd-album» enn The Final Cut (1983) og at samspelet mellom Wright og Gilmour var «det musikalske hjartet på albumet».[50]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

The Division Bell kom ut på ny i 2011 som ein del av kampanjen Why Pink Floyd...? der det vart ommastra av Andy Jackson og gjeven ut både som eiga plate og som ein del av plateboksen Discovery.[55] Det kom ut på ny 30. juni 2014, som ei «20-årsjubileeums luksusutgåve»[56] og ein dobbel vinyl.[57] Plateboksen inneheld 2011-utgåva av albumet, ein 5.1-kringlydmiks av Andy Jackson; to LP-ar på 180g vinyl; ein raud 7" singel med «Take It Back», ein klår 7"-singel med «High Hopes/Keep Talking», ein blå 12" med «High Hopes» ei bok og ymse kunstkort.[56] The Division Bell vart igjen gjeven ut på Pink Floyd Records den 26. august 2016.

Ei avgrensa 25-årsjubileums dobbel LP-utgåve kom ut 7. juni 2019 på blå vinyl.[58]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Guy Pratt (til venstre) spelte bass. Foto frå ein konsert i 2005 med Nick Mason (på trommer bak).

All solovokal av David Gilmour, utanom der andre er nemnde.[59]

Originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Cluster One» (instrumental) 
  • Gilmour
  • Wright
5:56
2.«What Do You Want from Me»
  • Gilmour
  • Wright
4:21
3.«Poles Apart»Gilmour7:03
4.«Marooned» (instrumental) 
  • Gilmour
  • Wright
5:29
5.«A Great Day for Freedom»
Gilmour4:17
6.«Wearing the Inside Out» (solovokal: Wright, Gilmour)MooreWright6:49
7.«Take It Back»
6:12
8.«Coming Back to Life»GilmourGilmour6:19
9.«Keep Talking»
  • Gilmour
  • Wright
6:10
10.«Lost for Words»
Gilmour5:13
11.«High Hopes»
Gilmour8:34
Total lengd:66:23

LP[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cluster One» (Instrumental)Gilmour, Wright5:29
2.«What Do You Want from Me»Gilmour, Wright, Samson4:21
3.«Poles Apart»Gilmour, Samson, Laird-Clowes5:49
4.«Marooned» (instrumental)Gilmour, Wright4:08
5.«A Great Day for Freedom»Gilmour, Samson3:38
6.«Wearing the Inside Out» (solovokal: Wright, Gilmour)Wright, Moore6:28
Total lengd:29:53
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Opptak It Back»Gilmour, Samson, Laird-Clowes, Ezrin6:12
8.«Coming Back to Life»Gilmour4:57
9.«Keep Talking»Gilmour, Wright, Samson6:11
10.«Lost for Words»Gilmour, Samson5:14
11.«High Hopes»Gilmour, Samson6:50
Total lengd:28:54

20-årsjubileumsutgåva på vinyl[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cluster One» (Instrumental)David Gilmour, Richard Wright5:58
2.«What Do You Want from Me»Gilmour, Wright, Polly Samson4:21
3.«Poles Apart»Gilmour, Samson, Nick Laird-Clowes7:04
Total lengd:17:23
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Marooned» (Instrumental)Gilmour, Wright5:29
5.«A Great Day for Freedom»Gilmour, Samson4:17
6.«Wearing the Inside Out» (Solovokal: Wright, Gilmour)Wright, Anthony Moore6:49
Total lengd:16:35
Side three
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Take It Back»Gilmour, Samson, Laird-Clowes, Bob Ezrin6:12
8.«Coming Back to Life»Gilmour6:19
9.«Keep Talking»Gilmour, Wright, Samson6:11
Total lengd:18:42
Side four
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Lost for Words»Gilmour, Samson5:14
11.«High Hopes»Gilmour, Samson8:31
Total lengd:13:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd

Produksjon

Andre medverkande

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Australske album (ARIA)[60] 1
Austerrikske album (Ö3 Austria)[61] 1
Canada Top Albums/CDs (RPM)[62] 1
Chile (APF)[63] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[64] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[65] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[66] 1
Norske album (VG-lista)[67] 1
Spanske album (AFYVE)[68] 1
Svenske album (Sverigetopplistan)[69] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[70] 1
Britiske album (OCC)[71] 1
US Billboard 200[72] 1
Liste (1995) Plassering
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[73] 39
Liste (2014) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[61] 40
Danske album (Hitlisten)[74] 31
Nederlandske album (MegaCharts)[64] 64
Franske album (SNEP)[75] 93
Tyske album (Offizielle Top 100)[65] 12
Italienske album (FIMI)[76] 26
Ungarske album (MAHASZ)[77] 6
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[78] 37
Svenske album (Sverigetopplistan)[79] 54
Liste (2018) Plassering
Polske album (ZPAV)[80] 35

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[81] Platina 60 000x
Austerrike (IFPI Austerrike)[82] Platina 50 000x
Belgia (BEA)[83] Platina 50 000*
Brasil (ABPD)[84] Platina 250 000*
Canada (Music Canada)[85] 4× Platina 400 000^
Finland (Musiikkituottajat)[86] Gull 21,183
Frankrike (SNEP)[87] 2× Platina 600 000*
Tyskland (BVMI)[88] 3× Gull 750 000^
Italia (FIMI)[89] Gull 50 000*
Japan (RIAJ)[90] Gull 100 000^
Nederland (NVPI)[91] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[92] Platina 15 000^
Noreg(IFPI Noreg)[93] 2× Platina 100 000*
Polen(ZPAV)[94] Gull 50 000*
Spania(PROMUSICAE)[95] Platina 100 000^
Sverige (GLF)[96] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[97] 2× Platina 100 000x
Storbritannia (BPI)[98] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[99] 3× Platina 3,330,000[100]
Verda over (IFPI) N/A 7 000 000[101]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sinclair, Tom (22. april 1994), The Division Bell, ew.com, arkivert frå originalen 25. september 2012, henta 17. juli 2019 
  2. Blake 2008, s. 356
  3. 3,0 3,1 Mason 2005, s. 315
  4. Blake 2008, s. 354
  5. Di Perna 2002, s. 86
  6. Mason 2005, s. 314–315
  7. Mason 2005, s. 314–321
  8. Blake 2008, s. 355
  9. Blake 2008, s. 354–355
  10. Blake 2008, s. 355–356
  11. 11,0 11,1 Blake 2008, s. 365
  12. Mason 2005, s. 318–319
  13. Blake 2008, s. 356–357
  14. Povey 2007, s. 257
  15. «The Return of the Parts of Something: The Making of The Endless River», by Daryl Easlea, Prog 2014. oktober s. 38-45
  16. Young, Alex (22. september 2014). «Pink Floyd reveals details of new album, The Endless River». Consequence of Sound. Henta 22. september 2014. 
  17. Blake 2008, s. 357
  18. Mabbett 1995, s. 120
  19. Di Perna 2002, s. 83–85
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Morse, Steve (12. mai 1994), «Pink Floyd pride and drive keep band on top with No. 1 album and 60-show tour», Boston Globe, hosted at highbeam.com/, arkivert frå originalen (Registration required) 29. mars 2015, henta 14. januar 2010 
  21. Mabbett 1995, s. 119, 123
  22. Cosyns, Simon (26. september 2008), Echoes brought Rick out of his shell ... we had musical telepathy, thesun.co.uk, henta 17. januar 2010 
  23. (liner notes from Echoes)
  24. In the Studio with Redbeard, 31. mars 1994 
  25. Mabbett 1995, s. 123
  26. 26,0 26,1 Mason 2005, s. 319–320
  27. Mabbett 1995, s. 119–120
  28. Mason 2005, s. 320
  29. Division Bell — Metal Heads, hypergallery.com, arkivert frå originalen 114. juni 2019, henta 117. juli 2019 
  30. «Spotlight Exhibit: Pink Floyd's The Division Bell Sculptures». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. 24. august 2012. Arkivert frå originalen 1. januar 2016. Henta 13. januar 2016. 
  31. https://www.planetrock.com/news/rock-news/photos-the-division-bell-heads-loaded-into-vanda-museum-for-pink-floyd-exhibition/
  32. «Pink Floyd, The Division Bell (Stone Heads w/Boy)». San Francisco Art Exchange. Henta 13. januar 2016. 
  33. 33,0 33,1 Povey 2007, s. 270
  34. Blake 2008, s. 359
  35. 35,0 35,1 Povey 2007, s. 351
  36. Mayfield, Geoff (23. april 1994). «Between The Bullets». Billboard 106: 103. ISSN 0006-2510. 
  37. Mayfield, Geoff (30. april 1994). «Between The Bullets». Billboard 106: 99. ISSN 0006-2510. 
  38. Mayfield, Geoff (7. mai 1994). «Between The Bullets». Billboard 106: 125. ISSN 0006-2510. 
  39. Mayfield, Geoff (14. mai 1994). «Between The Bullets». Billboard 106: 109. ISSN 0006-2510. 
  40. «Pink Floyd Chart History (Billboard 200)». Billboard. Henta 28. januar 2018. 
  41. Blake 2008, s. 367
  42. Povey 2007, s. 270–280
  43. Blake 2008, s. 363–367
  44. Povey 2007, s. 264
  45. Povey 2007, s. 285
  46. Ruhlmann, William. «The Division Bell – Pink Floyd | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». Henta 17. juli 2019. 
  47. Franquelli, Alex. «The Division Bell (20th Anniversary Deluxe Edition)». Henta 17. juli 2019. 
  48. 48,0 48,1 Graves, Tom (16. juni 1994), The Division Bell, rollingstone.com, arkivert frå originalen 19. juni 2008, henta 17. juli 2019 
  49. «The Division Bell – Pink Floyd». Henta 17. juli 2019. 
  50. 50,0 50,1 Magazine, Uncut. «Pink Floyd – The Division Bell Review». Arkivert frå originalen 29. oktober 2019. Henta 17. juli 2019. 
  51. Manning 2006, s. 144
  52. Browne 2001, s. 611
  53. «The Nominees», Billboard (Nielsen Business Media), s. 48, 18. februar 1995, henta 117. juli 2019 
  54. Thomson, Graeme (7. juni 2011). «The Division Bell». Uncut: Ultimate Music Guide – Pink Floyd (6): 128. 
  55. «Why Pink Floyd?, Pink Floyd & EMI 2011 remastered campaign». Whypinkfloyd.com. 19. august 2011. Henta 10. juli 2019. 
  56. 56,0 56,1 «The Division Bell 20th Anniversary Deluxe Box». Arkivert frå originalen 22. mai 2014. Henta 22. mai 2014. 
  57. «The Division Bell 12« Vinyl LP Album». Arkivert frå originalen 22. mai 2014. Henta 22. mai 2014. 
  58. «Pink Floyd | The Official Site». www.pinkfloyd.com. Henta 17. juli 2019. 
  59. «The Division Bell - Pink Floyd | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. 
  60. "Pink Floyd – The Division Bell". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  61. 61,0 61,1 "Pink Floyd - The Division Bell" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  62. "Top RPM Albums: Nummer 2448". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 9. juli 2019.
  63. Hits of the World 106 (24), Nielsen Business Media, Inc, 11. juni 1994, s. 41, henta 13. oktober 2011 
  64. 64,0 64,1 "Pink Floyd – The Division Bell". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  65. 65,0 65,1 "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – The Division Bell" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2019.
  66. "Pink Floyd – The Division Bell". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  67. "Pink Floyd – The Division Bell". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  68. «Hits of the World - Spain». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. 30. april 1994. s. 65. Henta 23. september 2017. 
  69. "Pink Floyd – The Division Bell". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  70. "Pink Floyd – The Division Bell". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  71. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. juli 2019.
  72. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 9. juli 2019.
  73. "Pink Floyd – The Division Bell" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  74. "Pink Floyd – The Division Bell". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  75. «Les charts francais (12/07/2014)». lescharts.com. Henta 9. juli 2019. 
  76. "Pink Floyd – The Division Bell". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  77. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 9. juli 2019.
  78. «New Zealand charts portal (14/07/2014)». charts.org.nz. Henta 9. juli 2019. 
  79. «Swedish charts portal (11/07/2014)». swedishcharts.com. Henta 9. juli 2019. 
  80. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 14. juni 2018.
  81. «Gold & Platinum Certifications». CAPIF (på spansk). Arkivert frå originalen 6. juli 2011. 
  82. «Austrian album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 17. juli 2019.  Enter Pink Floyd in the field Interpret. Enter The Division Bell in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  83. «Ultratop − Goud en Platina – 1995». Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. juli 2019. 
  84. «Brazilian album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. Henta 17. juli 2019. 
  85. «Canadian album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell». Music Canada. Henta 17. juli 2019. 
  86. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  87. «French album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 17. juli 2019. 
  88. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'The Division Bell')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 17. juli 2019. 
  89. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 17. juli 2019.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  90. «Japanese album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. Henta 17. juli 2019. 
  91. «Dutch album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 17. juli 2019. 
  92. «New Zealand album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell». Recording Industry Association of New Zealand. 
  93. «Norwegian album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på norsk). IFPI Norway. Henta 17. juli 2019. 
  94. «Polish album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). Henta 17. juli 2019. 
  95. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 937. ISBN 84-8048-639-2. Henta 23. mai 2019. 
  96. «Gold & Platinum 1987–1998» (PDF). IFPI Sweden (på svensk). Arkivert frå originalen (PDF) 21. mai 2012. 
  97. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Pink Floyd; 'The Division Bell')». Hung Medien. Henta 17. juli 2019. 
  98. «British album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell». British Phonographic Industry. Henta 17. juli 2019.  Enter The Division Bell in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  99. «American album salstrofé – Pink Floyd – The Division Bell». Recording Industry Association of America. Henta 17. juli 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  100. Barnes, Ken (16. februar 2007). «Sales questions: Pink Floyd». USA Today. Arkivert frå originalen 18. februar 2007. Henta 3. mars 2018. 
  101. «Brits around the world - Good news». Billboard. 18. februar 1995. s. 48. Henta 12. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Division Bell
Commons har multimedium som gjeld: The Division Bell


Føregangar
Look What You've Done
Dance with a Stranger
Toppen av VG-lista
Pink Floyd

5 veker, Veke 15–19, 1994
Etterfylgjar
Absolute Music 10
Various artists