The Drift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Drift
Studioalbum av Scott Walker
Språk engelsk
Utgjeve 8. mai 2006
Innspelt Juni 2004 – november 2005 ved Metropolis Studios i Chiswick i London, og AIR Studios i Hampstead i London
Sjanger Kunstrock
Avantgarde
Lengd 68:48
Selskap 4AD
Produsent Scott Walker, Peter Walsh
Scott Walker-kronologi 
5 Easy Pieces
(2003)
The Drift And Who Shall Go to the Ball? And What Shall Go to the Ball?
(2007)


The Drift er det trettande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut den 8. mai 2006 og nådde 51. plassen[1]UK Albums Chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Utanom musikken han laga for filmen Pola X, var dette det første albumet til Walker på 11 år og berre det tredje albumet sidan The Walker Brothers vart oppløyst i 1978.

Walker komponerte songar for albumet i løpet av 11-årsperioden etter Tilt kom ut i 1995[2] og byrja med «Cue», songen det tok lengst tid å gjere ferdig. Ein tidleg versjon av «Buzzers» vart framført på Meltdown-festivalen den 17. juni 2000 med tittelen «Thimble Rigging». Albumet vart spelt inn i løpet av ein 17 månadar lang periode ved Metropolis Studios i Chiswick i London, og orkesteret vart spelt inn i løpet av ein dag ved George Martin sitt AIR Studios i Hampstead i London. Det fekk god kritikk frå kritikarane og vart gjeve ut på LP og CD i mai 2006. Plateomslaget vart laga av Vaughan Oliver.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

The Drift dannar den andre i ein slags trilogi som starta med Tilt og enda med Bish Bosch i 2012.[3] I åra mellom Tilt og The Drift gav Walker ut fleire instrumentalspor til filmen Pola X, ein coverversjon av Bob Dylan sin «I Threw It All Away» til To Have and to Hold og «Only Myself To Blame» til filmen The World Is Not Enough, i tillegg til samlealbum med tidlegare ikkje utgjeve materiale, som plateboksen 5 Easy Pieces.

The Drift har av fans og kritikarar vorte skildra som eit forstyrra og komplisert album som skil seg frå dei føregåande albuma til Scott Walker, men som likevel held seg til dei eksperimentelle røtene hans. Den franske songaren Vanessa Contenay-Quinones har stemma til Clara Petacci på «Clara».

Musikken har ein ubønnhøyrleg mørk og utrygg stemning, ofte med rolege delar og brå støy side om side, for å skape eit ubehag hos lyttaren. Tema i songane omfattar tortur, sjukdom, 9/11, og Elvis Presley.[4][5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars link
Brainwashed(positiv) 3. mai 06
Telegraph(positiv) 6. mai 06
The Guardian5/5 stars 5. mai 06
The Independent3/5 stars 5. mai 06
Mojo4/5 stars p.102, #151
musicOMH.com5/5 stars mai 2006
New York(positiv) 8. mai 06
The Observer5/5 stars 23. apr 06
Pitchfork Media(9.0/10) 9. mai 06
PlayLouder4.5/5 stars 15. mai 06
PopMatters9/10 stars 10. mai 06
The Times3/5 stars 6. mai 06
Uncut(positiv) 10. mai 06
Yahoo! Music8/10 stars 15. mai 06

The Drift fekk positive meldingar hos dei fleste kritikarane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Scott Walker, utanom «Psoriatic» (Scott Walker/Bob Carleton).

Nr.TittelLengd
1.«Cossacks Are»4:32
2.«Clara»12:43
3.«Jesse»6:28
4.«Jolson and Jones»7:45
5.«Cue»10:27
6.«Hand Me Ups»5:49
7.«Buzzers»6:39
8.«Psoriatic»5:51
9.«The Escape»5:18
10.«A Lover Loves»3:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av Scott Walker & Peter Walsh
  • Lydteknikarar: Geoff Foster, Peter Walsh
  • Miksing: Peter Walsh

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Belgian Albums Chart[6] 49
German Albums Chart[7] 97
Irish Albums Chart 80
UK Albums Chart[1] 51

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 8. oktober 2012. Henta 29. oktober 2013. 
  2. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 179. ISBN 0-85965-395-1. 
  3. http://www.guardian.co.uk/music/2012/nov/23/scott-walker-interview
  4. Elvis Dreams of 9/11, ei melding frå New York
  5. «Interview with Scott Walker». The Wire. May 2006.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  6. «ultratop.be - Scott Walker - The Drift». © 2006-2010 ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. februar 2010. 
  7. «Charts Surfer - UK, German and fransk charts». charts-surfer.de. Henta 29. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]