The End av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The End
Song av The Beatles
frå albumet Abbey Road
Utgjeve 26. september 1969
Innspelt 23. juli–18. august 1969
Sjanger
Lengd 2:20
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Plakett med ord frå «The End».

«The End» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er skriven av Paul McCartney, men som vanleg kreditert Lennon/McCartney.

«The End» er som namnet indikerer den aller siste songen på albumet (med unntak av ein siste hemmeleg song, «Her Majesty» og den siste songen der alle dei fire medlemmane av The Beatles spelte saman. Den var ein grandios slutt på ei legendarisk karriere.

Det førre sporet på albumet, «Carry That Weight», glir rett over i «The End». Songen er unik på mange måtar: Det er den einaste songen frå The Beatles der Ringo Starr spelar ein trommesolo og han har tre gitarsoloar av dei andre tre medlemmane i tur og orden: Paul McCartney, George Harrison og John Lennon, skjønt det er ikkje klart kor den eine startar og den andre endar.

Den siste verselinja, medan musikken svinn hen, er kanskje sjølve essensen i musikken og filosofien til The Beatles:

«And in the end, the love you take is equal to the love you make!»
Og til slutt, den kjærleik du tar er likestilt med den kjærleik du gjev!

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «The Beatles: Abbey Road – Overview». AllMusic. RhythmOne. Arkivert frå originalen den 29. mai 2012. Henta 1. februar 2018. 
  2. MacDonald 2005, s. 361.
  3. Lewisohn 1988, s. 190.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]