The Fast and the Furious: Tokyo Drift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Fast and the Furious: Tokyo Drift er ein amerikansk spenningsfilm frå 2006. Hovudrollene vert spelte av m.a. Lucas Black, Bow Wow og Sung Kang. Filmen er skriven av Chris Morgan og regissert av Justin Lin. Han er oppfylgjaren til filmane The Fast and the Furious og 2 Fast 2 Furious, men ingen av dei opphavlege figurane frå dei fyrste filmane er med i oppfylgjaren, og handlinga skjer ein annan stad (i Tokyo i Japan).

Handling[endre | endre wikiteksten]

Shaun Boswell, ein einstøing frå skulen, har som einaste sosiale knutepunkt ulovleg gatebilracing, ein sport som har gjort han høgst upopulær hjå dei lokale autoritetane. For å unngå å hamne i fengsel vert Shaun sendt på landet for å bu med far sin i militæret, i ei trong leilegheit i ein dårleg bydel i Tokyo.

På landet der dei fleste modifiserte gatebilane kjem frå er gatebilracing bytta ut med «drift racing», ein dødeleg kombinasjon av fart og svingete baner. I sitt aller fyrste forsøk på å køyre «drift» møter Shaun D.K. («The Drift King»), som har knytt tette band til Yakuzaen, ein japansk krimliga. Den einaste måten å verte kvitt gjelda han opparbeider seg på tapet er ved å ta jobbar i underverda i Tokyo, der han set livet som innsats.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]