The Fillmore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Fillmore i 2010

The Fillmore Auditorium er ein historisk konsertstad i San Francisco i California, gjort kjend av Bill Graham. Han er kalla opp etter krysset mellom Fillmore Street og Geary Boulevard, og ligg i grenseområdet mellom Western Addition og Pacific Heights.

I 1968 flytta Graham konsertane sine til ein annan stad i San Francisco, tidlegare kalla The Carousel Ballroom og El Patio i Market Street og South Van Ness Avenue, som han kalla Fillmore West.

Det originale Fillmore Auditorium heldt fram under namnet The Elite Club. Graham byrja å presentere konsertane sine i det originale Fillmore Auditorium igjen seint i 1980-åra, men det vart lukka på grunn av jordskjelvskadar i oktober 1989. Etter mykje ombygging vart den originale Geary Boulevard-plasseringa opna på ny som The Fillmore.

The Fillmore[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1960-åra vart The Fillmore Auditorium senteret for psykedelisk musikk og motkultur generelt, med artistar som The Grateful Dead, Jefferson Airplane, Quicksilver Messenger Service, The Doors, Jimi Hendrix Experience, Big Brother and the Holding Company, Carlos Santana, The Allman Brothers Band, Creedence Clearwater Revival, Miles Davis og britiske The Who, Pink Floyd, Elton John og Cream, som alle spelte på staden.[1] Utan om rock heldt Graham konsertar med artistar som Lenny Bruce, Miles Davis, Rahsaan Roland Kirk, Charles Lloyd, Aretha Franklin og Otis Redding, tillegg til diktopplesingar.

Konsertstaden hadde ein segnomsust atmosfære og særs gode konsertar, ofte med lysshow, blitzlys og uhemma dansing. Den kulturelle innverknade frå Fillmore var særs stor. han vert nemnd av Hunter S. Thompson i Fear and Loathing in Las Vegas i ei skildring av motkulturen i 1960-åra i San Francisco Bay area.

Fillmore West[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fillmore West.

Etter to år i Fillmore Auditorium, på grunn av eit dårleg nabolag og heller liten kapasitet, flytta Bill Graham konsertstaden i juli 1968 frå den originale bygninge ved 1805 Geary Boulevard til the Carousel Ballroom i 10 South Van Ness Avenue, på hjørnet av Market Street som fekk namnet Fillmore West i motsetnad til Graham sin Fillmore East i East Village i New York City.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Concert Vault». Wolfgang’s Vault. 2010.  More than one of |nettstad= og |work= specified (hjelp); |access-date= requires |url= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°47′3″ N 122°25′59″ W