The Final Cut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Final Cut
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 21. mars 1983
Innspelt Juli-desember 1982
Sjanger Rock
Lengd 43:27
Selskap Harvest, EMI (Storbritannia)
Columbia, Capitol (USA)
Produsent Roger Waters, James Guthrie og Michael Kamen
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
The Wall
(1979)
The Final Cut A Momentary Lapse of Reason
(1987)

The Final Cut er eit album av Pink Floyd frå 1983. Det vart spelt inn i forskjellige studio i Storbritannia frå juli til desember 1982, og det er det siste Pink Floyd-albumet der Roger Waters medverkar. Ingen av songane har blitt spelt på konsertar av bandet, men enkelte av dei er spelt på Roger Waters sine soloturnéar. Albumet er nesten for eit soloalbum av Roger Waters å rekne, noko ein kan sjå på baksida av omslag der det står: «The Final Cut by Roger Waters, performed by Pink Floyd».

Albumet vart gjeve ut av Harvest Records 21. mars i 1983, og på Columbia Records i USA nokre dagar seinare. Albumet nådde førsteplass i Storbritannia og sjetteplass i USA. Albumet har seld nokre millionar eksemplar, men var det Pink Floyd-albumet som selde minst sidan Meddle frå 1971.

Albumet er kjend for å vere spelt inn med ein teknikk kalla «Holofoni» - ein prosess som skapar ei kjensle av tredimensjonal kringlyd, sjølv om albumet berre er i stereo. Det vart hevda at denne effekten ikkje kunne kopierast vidare til andre medium (som t.d. til ein kassett).

Opphavleg var albumet tenkt som eit filmalbum for filmen The Wall, men utvikla seg til eit nytt konseptalbum med eit antikrigstema. På plateomslaget kan ein lese «Eit rekviem for ein etterkrigsdraum av Roger Waters, framførd av Pink Floyd». The Final Cut er det einaste Pink Floyd-albumet der Richard Wright ikkje er med, sidan han vart sparka frå bandet under innspelinga av The Wall. Uvanleg er det òg at det berre er eitt spor med vokal av David Gilmour, og heile det mørke lydbilete er meir likt eit soloalbum av Roger Waters enn tidlegare Pink Floyd-album. Waters tilbaud seg å gje albumet ut som eit soloprosjekt, men Gilmour bad om at det vart eit Pink Floyd-album sidan plateselskapet ville det slik. I boka si Inside Out: A Personal History of Pink Floyd hevdar derimot Nick Mason at Waters aldri tilbaud noko slikt. Waters dominerte innspelingane, og spenningane mellom han, Gilmour og Mason vart stadig større, og Waters leigde til og med inn ein studiomusikar for å spele trommer på «Two Suns in the Sunset». Waters ville at dette skulle bli det siste Pink Floyd-albumet og forlet bandet i 1985. Gilmour og Mason (i lag med Wright som studiomusikar) gav seinare ut A Momentary Lapse of Reason i 1987, og heldt fram å turnere som ein trio.

The Final Cut var òg det einaste Pink Floyd-albumet som ikkje hadde ein påfølgjande turné, sidan bandet uoffisielt skilde lag i januar 1983 då Roger Waters gjekk rett over på soloprosjektet sitt The Pros and Cons of Hitchhiking medan David Gilmour lagde sitt andre soloalbum About Face.

«Not Now John» vart gjeve ut på singel der tekstlinjene «fuck all that» frå refrenget måtte byttast ut med «stuff all that» (i teksten på omslaget til singelen står det derimot «stop all that») med ein utvida versjon av «The Hero’s Return» med eit ekstra vers som b-side.

Plateomslaget var designa av Roger Waters.

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Albumet har tre overlappande historier:

  • Den første viser Waters sitt syn på hendingar i verda på den tida (spor 1, 5, 7-9, 11, 12), og mykje av dette var forma av Falklandskrigen. Han fordømde mellom anna Margaret Thatcher, Ronald Reagan, og Menachem Begin. Namnet «Fletcher» i «The Fletcher Memorial Home» er til minne om faren hans (som heile albumet er dedisert til), som døydde i Anzio under Andre verdskrig. Albumet viser òg Waters sitt syn på ei ideell verd, før heile albumet endar med ei atomkatastrofe han frykta kunne skje i den verkelege verda.
  • Den andre historia omhandlar den mentale tilstanden til ein lærar og veteran frå andre verdskrig (spor 2-4, 5, 6). Desse songane omhandlar minna etter krigen («Your Possible Pasts», «The Gunner's Dream») der han lèt elevane svi for sine problem («One of the Few», «The Hero's Return») før han klager over livet sitt («Paranoid Eyes»). Den mishandlande læraren er òg nemnd i The Wall, der han er ein av brikkene i muren til hovudkarakteren Pink (sjå òg «The Happiest Days of Our Lives»)
  • Den siste historia er om ein deprimert mann (som kan vere Pink etter at han reiv ned muren) som anten prøver stenge ute den verkelege verda eller ta livet av seg, men blir stoppa. Spor 10, «The Final Cut», var opphavleg meint for The Wall. Personen som syng i «The Final Cut» minnar sterkt om den depressive og schizofrene Pink frå The Wall, sjølv om Waters syng heile albumet i same vokalstil. Første verset i songen sluttar med «And if you make it past the shotguns in the hall, dial the combination, open the priesthole, and if I'm in I'll tell you what's behind the wall» der orda «what's behind the wall» er bytta ut med eit høgt skot og noko skriking.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All vokal av Roger Waters bortsett frå "Not Now John" av David Gilmour og Roger Waters.

Alle songar er skrivne av Roger Waters. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Post War Dream»   3:02
2. «Your Possible Pasts»   4:22
3. «One of the Few»   1:23
4. «The Hero's Return»   2:56
5. «The Gunner's Dream»   5:07
6. «Paranoid Eyes»   3:40
Side to
# Tittel Lengd
1. «Get Your Filthy Hands Off My Desert»   1:19
2. «The Fletcher Memorial Home»   4:11
3. «Southampton Dock»   2:13
4. «The Final Cut»   4:46
5. «Not Now John»   5:01
6. «Two Suns in the Sunset»   5:14
2004-utgåva
# Tittel Lengd
1. «The Post War Dream»   3:00
2. «Your Possible Pasts»   4:26
3. «One of the Few»   1:11
4. «When the Tigers Broke Free»   3:16
5. «The Hero's Return»   2:43
6. «The Gunner's Dream»   5:18
7. «Paranoid Eyes»   3:41
8. «Get Your Filthy Hands Off My Desert»   1:17
9. «The Fletcher Memorial Home»   4:12
10. «Southampton Dock»   2:10
11. «The Final Cut»   4:45
12. «Not Now John»   4:56
13. «Two Suns in the Sunset»   5:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

  • James Guthrie - produsent, lydteknikar
  • Andrew Jackson - lydteknikar
  • Willie Christie - Fotografi

Film[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd gav ut ein 19 minutt lang «video-EP» for albumet, i praksis fire musikkvideoar i rekkefølgje. Filmen var regissert av Willie Christie, som då var svogeren til Waters. Rekkefølgja var «The Gunner's Dream», «The Final Cut», «Not Now John» og «The Fletcher Memorial Home». Filmen er fritt tilgjengeleg på bandet si internettside. Den engelske skodespelaren Alex McAvoy, som spelar læraren i filmversjonen av The Wall, hadde ei hovudrolle i video-EPen. Roger Waters medverkar òg, men ein kan berre sjå silhuetten hans.

Mot slutten av «The Fletcher Memorial Home» ber hovudkarakteren på ei avis der overskrifta er «Your Son's Head in a Box». Dette er truleg ein referanse til «Run Like Hell» frå The Wall. I filmen vitjar Roger Waters ein psykiater på «Fletcher Memorial Home». Her kan ein sjå diplomet til psykiateren som har namn A. Parker-Marshall. Alan Parker og Alan Marshall var filmregissøren og produsenten på «The Wall»-filmen. Waters krangla mykje med begge under innspelinga av filmen, og han har fleire gonger sagt at han mislikte sluttresultatet.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom på CD i 1986, og på ny i 1994 med betre digital lyd. Ei ny utgåve med enno betre lyd kom i 2004. Her var sporet «When the Tigers Broke Free», som tidlegare berre var tilgjengeleg som singel, i filmmusikken til filmversjonen av The Wall og på samleplata Echoes. Versjonen som var tatt med her var litt annleis miksa enn dei andre versjonane.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Not Now John (cleaned-up version)»/«The Hero's Return (Parts I and II)» - vart gjeve ut 3. mai 1983

Songar[endre | endre wikiteksten]

The Post War Dream[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med ein bilradio som skiftar mellom forskjellige stasjonar, noko ein kan sjå i kortfilmen for 'The Final Cut'.

«...a group of business men announced plans to build a nuclear fallout shelter at Peterborough in Cambridgeshire...»
[skiftar kanal]
«...three high court judges have cleared the way...»
[skiftar kanal]
«...It was announced today, that the replacement for the Atlantic Conveyor the container ship lost in the Falklands conflict would be built in Japan, a spokesman for...»
[skiftar kanal]
«...moving in. They say the third world countries, like Bolivia, which produce the drug are suffering from rising violence...»

Songen er tre minuttar lang og består av mange lydeffektar, som robåtar og skrik, som er typisk for albumet. Sjølve musikken startar roleg med synthesizerar og vokalen til Waters. Dette glir så over i ein meir høglydt, teatralsk del dominert av elektrisk gitar. I denne delen ropar Waters meir ut teksten enn han gjorde i starten av songen.

Your Possible Pasts[endre | endre wikiteksten]

Songen har aldri blitt framført på konsertar, men teksten frå refrenget er med i The Wall-filmen, i lag med tekst frå «5:11 A.M.- The Moment of Clarity» frå The Pros and Cons of Hitch Hiking, eit soloalbum av Roger Waters som kom ut året etter. Teksten vert lest opp av hovudrolla , Pink, på toalettet mellom songane «Waiting for the Worms» og «Stop».

Songen vart mykje spelt på amerikansk FM-radio då han kom ut og nådde åttande plass på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista våren 1983.

One of the Few[endre | endre wikiteksten]

Songen er berre litt over eitt minutt lang og inneheld ei tikkande klokke i bakgrunnen og ein jamn trommerytme.

Det britiske doom death metal-bandet Anathema har spelt inn songen på samlinga deira Resonance, som òg inneheld ein versjon av songen «Goodbye Cruel World».

The Hero's Return[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg kalla «Teacher, Teacher» og vart opphavleg spelt inn på Waters sin originale heimelaga demo for The Wall i 1978. Han har aldri vorte spelt live av bandet. Ein utvida versjon av songen, med eit ekstra vers, kalla «The Hero's Return (Parts 1 & 2)» vart gjeven ut som B-side til singelen «Not Now John».

Teksten omhandlar ein krigsveteran som kjem attende til England og kjempar med samvitet sitt på grunn av ting han har gjort og vemmast over korleis ting er i heimlandet. Teksten

Sweetheart, sweetheart are you fast asleep? Good.

'Cause that's the only time that I can really speak to you.

syner skuldkjensla han føler kring eit minne frå krigen.

The Gunner's Dream[endre | endre wikiteksten]

Songen fortel soga om og tankane til ein artillerist medan han fell død om. Songen starta med lyden av «the gunners dying words on the intercom» («dei siste orda til artilleristen på interkomen») nemnd i den førre songen, «The Hero's Return». Medan artilleristen fell gjennom lufta («floating down through the clouds») drøymer han om ei perfekt verd.

Linja «Don't blow holes in bandsmen by remote control» er ein referanse til bombinga av Hyde Park og Regent's Park i 1982 då IRA plasserte bomber under ein musikktribune og sprengte orkesteret og sivile i nærleiken.

Paranoid Eyes[endre | endre wikiteksten]

Teksten omhandlar ein mann som prøver å tilpasse seg etter å ha kome heim frå krigen og prøver å ikkje syne for alle at han er svak. Dette omfattar å ikkje snakke om erfaringane sine, særleg når han vert stilt direkte spørsmål om dei. Teksten uttrykker også frykta veteranen har for evnene til menneske bak «petrified eyes» («skrekkslagne augo»). Han vert til slutt alkoholikar etter kvart som han vert eldre, og syner mangel på begeistring for «etterkrigsdraumen» («You believed in their stories / Of fame, fortune, and glory / And now you're lost in a haze / Of alcohol and soft middle-age / The pie in the sky / Turned out to be miles too high / And you hide hide hide / Behind brown and mild eyes»).

Get Your Filthy Hands off My Desert[endre | endre wikiteksten]

Lydeffektar nytta i denne songen vart seinare nytta på soloalbumet til Roger Waters, Amused to Death i 1992, mellom dei to delane av songen «Late Home Tonight».

Teksten listar opp fleire av verdsleiarane og konfliktar dei har vore involvert i, mellom anna Leonid Brezjnev og invasjonen hans av Afghanistan, Menachem Begin og åtaket på Beirut, Leopoldo Galtieri invaderte Falklandsøyane og motåtaket til Margaret Thatcher som utløyste Falklandskrigen.

The Fletcher Memorial Home[endre | endre wikiteksten]

Songen syner frustrasjonen til Waters med leiarane i verda etter andre verdskrigen[3], og nemner mange verdsleiarar med namn (Ronald Reagan, Alexander Haig, Menachem Begin, Margaret Thatcher, Ian Paisley, Leonid Brezjnev, Joseph McCarthy og Richard Nixon), og foreslår at desse «colonial wasters of life and limb» bør isolerast på ein spesielt sjukeheim. Han kallar desse leiarane «overgrown infants» («vaksne spedborn») og «incurable tyrants» («ubotelege tyrannar») og foreslår at dei ikkje forstår anna enn vald eller sine eigne andlet på fjernsynsskjermen.

I dei siste linjene samlar han alle «tyrannane» i Fletcher Memorial Home og tenkjer seg å utføre «den endelege løysinga» på dei. Dette knyt songen til det generelle temaet i songen, som endar med «Two Suns in the Sunset» («to soler i solnedgangen»), ein song som skildrar atomkrig som den endelege lagnaden til menneskeheita.

Namnet Fletcher i songen er til ære og minne for faren til Waters, Eric Fletcher Waters, som døydde under andre verdskrigen i Anzio.[3]

Songen vart framført live av Roger Waters for første gong i 2006. Songen finst òg på samleplate Echoes: The Best of Pink Floyd.[4].

Southhampton Dock[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt av Roger Waters på konsertar i 2000-åra og finst på konsertalbumet og DVDen In the Flesh.

Ein utvida versjon av «Outside the Wall» nytta i filmen The Wall (under rulleteksten), har eit instrumentalt mellomspel som liknar mellomspelet i denne songen.

The Final Cut[endre | endre wikiteksten]

Som tittelsporet på albumet syner det dei mest intime kjenslene til Waters. Teksten omhandlar etterverknaden for ein mann som har vore isolert og seksuelt undertrykt, og han tenkjer på sjølvmord og kjempar for å nå attende til verda rundt seg. Orkestermotivet liknar det ein kan høyre på «Comfortably Numb», som òg vart instrumentert av Michael Kamen.

Under videoen kan ein sjå Roger Waters som syng til ein psykolog ved sidan av gamle filmopptak frå livet på 1930- og 1940-talet. Han inneheld ein kort gitarsolo av David Gilmour.

Not Now John[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Not Now John.

Two Suns in the Sunset[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar dei siste minutta til ein mann før verda går under i atomkrig. Midtvegs i songen kan ein høyre tekstlinja, «the sun is in the east, even though the day is done» («sola er i aust, sjølv om dagen er over»), som er ein metafor for eldkula etter ein atomeksplosjon.[5]

Studiomusikar Andy Newmark spelar trommer på songen, fordi Nick Mason ikkje klarte å spele med dei kompliserte taktendringane. Songen vert spelt i ein uvanleg 5/4-takt.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Q: 275, January 1995 
  2. Uncut: 112, May 2004, «4 stars out of 5 – Waters is uncompromisingly, grimly realistic as he rages at the causes and effects of war.» 
  3. 3,0 3,1 http://www.songfacts.com/detail.php?id=5155
  4. http://www.cduniverse.com/search/xx/music/pid/2232147/a/Echoes:+The+Best+Of+Pink+Floyd.htm
  5. Glenn Povey (2007). Echoes: The Complete History of Pink Floyd. Mind Head Publishing. ISBN 0-9554624-0-1. 
  6. Classic Rock Magazine, Vintage Pink Floyd Interview