The Freewheelin' Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Freewheelin' Bob Dylan
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 27. mai 1963
Innspelt 24. april 1962 – 24. april 1963 ved Columbia Studios i New York City
Sjanger Viser
Lengd 51:04
Selskap Columbia
Produsent John H. Hammond, Tom Wilson
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Bob Dylan
(1962)
The Freewheelin' Bob Dylan The Times They Are a-Changin'
(1964)

The Freewheelin' Bob Dylan er det andre studioalbumet til Bob Dylan, utgjeve i mai 1963 av Columbia Records.

Debutalbumet til Dyaln, Bob Dylan, inneheldt berre to originale songar, medan Freewheelin' berre inneheldt to coverversjonar, den tradisjonelle songen «Corrina, Corrina» og «Honey, Just Allow Me One More Chance» — som Dylan gjorde omfattande endringar på.[1] Alle dei andre songane var originale Dylan-songar og Freewheelin' var første gong Dylan fekk syne låtskrivartalentet sitt.[2] Albumet starta med «Blowin' in the Wind», som skulle kome til å verte ein av dei mest kjende songane hans. I juli 1963 vart songen ein internasjonal hit for trioen Peter, Paul & Mary.

The Freewheelin' Bob Dylan nådde 22. plass på albumlista i USA (og selde til platina) og gjekk i 1965 heilt til førsteplassen i Storbritannia. Albumet var eitt av 50 som Library of Congress i 2002 la til National Recording Registry.

I 2003 vart albumet rangert på 97. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, bortsett frå der andre er nemnde[4]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Blowin' in the Wind»   2:48
2. «Girl from the North Country»   3:22
3. «Masters of War»   4:34
4. «Down the Highway»   3:27
5. «Bob Dylan's Blues»   2:23
6. «A Hard Rain's a-Gonna Fall»   6:55
Side to
# Tittel Lengd
7. «Don't Think Twice, It's All Right»   3:40
8. «Bob Dylan's Dream»   5:03
9. «Oxford Town»   1:50
10. «Talkin' World War III Blues»   6:28
11. «Corrina, Corrina» (trad.) 2:44
12. «Honey, Just Allow Me One More Chance» (Dylan, Henry Thomas) 2:01
13. «I Shall Be Free»   4:49

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Verken kritikarar eller ålmenta la særleg merke til debutalbumet til Dylan, Bob Dylan, som selde rundt 5000 eksemplar det første året, akkurat nok til at det ikkje gjekk i tap. Enkelte i Columbia Records meinte det hadde vore ein stor feil å la John H. Hammond gje platekontrakt til Dyaln. Hammond forsvarte Dylan på det kraftigaste og fekk støtte hos Johnny Cash, som hadde ein sterk kommersiell teft hos Columbia.[5] Hammond ønskte å gjere det neste Dylan-albumet til ein suksess.

Innspeling i New York[endre | endre wikiteksten]

Med Hammond som produsent starta Dylan på det neste albumet sitt i Columbia's Studio A i New York den 24. april 1962. Arbeidstittelen var på denne tida Bob Dylan's Blues og så seint som i juli var dette arbeidstittelen. Dylan spelte inn to tradisjonelle folkeviser, «Going To New Orleans» og «Corrina, Corrina»", samt ei utgåve av Hank Williams-klassikaren «(I Heard That) Lonesome Whistle». Men dei fleste songane som vart spelt inn var Dylan sine eigne songar. Fire av dei som vart spelt inn var «Sally Gal», «The Death of Emmett Till», «Rambling, Gambling Willie» og «Talkin' John Birch Society Blues». Utgåvene av «John Birch» og «Rambling, Gambling Willie» vart rekna som gode noko og sett til side for det endelege albumet.[6]

Dylan kom tilbake til Studio A dagen etter og spelte inn «Let Me Die In My Footsteps», som òg vart lagt til side for det endelege albumet. Dylan spelte så inn fleire orginale songar («Rocks and Gravel», «Talking Hava Negiliah Blues», «Talking Bear Mountain Picnic Massacre Blues» og to forsøk til på «Sally Gal»), samt fleire andre sine songar, mellom andre den tradisjonelle «Wichita (Going to Louisiana)», Big Joe Williams sin «Baby Please Don't Go» og Robert Johnson sin «Milk Cow's Calf's Blues». Sidan låtskrivartaltentet til Dylan utvikla seg raskt kom ingen av songane spelt inn i april med på Freewheelin'.[2] I 1991 vart «Let Me Die in My Footsteps», «Talking Hava Negiliah Blues», og «Talking Bear Mountain Picnic Massacre Blues» gjevne ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.

Innspelingane i Studio A heldt ikkje fram før den 9. juli, då Dylan spelte inn fleire heilt nye songar. Den mest kjende av desse var «Blowin' in the Wind», ein song han alt hadde framført på konsertar, men ikkje i studio. Dylan spelte òg inn «Bob Dylan's Blues», «Down the Highway» og «Honey, Just Allow Me One More Chance» og desse fire songane vart lagt til side for albumet.

Han spelte òg inn «Baby, I'm In The Mood For You» som han hadde skrive, men som ikkje kom med på albumet. Han vart etter kvart gjeven ut i boksen Biograph i 1985. To opptak til, den originale bluessongen «Quit Your Low Down Ways» og Hally Wood sin «Worried Blues», vart gjeven ut i 1991 på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991.

På denne tida hadde manageren Albert Grossman fatta interesse for Dylan. Grossman arbeidde med utgjeving av musikk og overtalte Dylan om å forlate forlaget Duchess Music, som han hadde kontrakt med, og skrive ny kontrakt med Witmark Music, ei avdeling av forlaget til Warner. Dylan signerte ein kontrakt med Witmark den 13. juli 1962.[7]

Etter å ha fått på plass ein ny forlagskontrakt reiste Dylan tilbake til Minnesota i starten av august. Han heldt seg i Minneapolis der han møtte gamle vener, mellom andre Tony Glover, som han spelte inn nokre songar med.

Dylan reiste tilbake til New York på hausten og spelte eit par konsertar der han framførte nokre nye songar. 22. september spelte Dylan første gong i Carnegie Hall i lag med fleire andre stjerner. På denne konserten spelte han «A Hard Rain's A-Gonna Fall» første gong,[8] ein kompleks og mektig song bygd opp rundt det tradisjonelle mønsteret med spørsmål og svar. Ein månad seianre, den 22. oktober, annonserte president John F. Kennedy på nasjonalt fjernsyn at dei hadde oppdaga sovjetiske missilar på Cuba, det som var starten på Cuba-krisa. På plateomslaget til Freewheelin' skriv Nat Hentoff at Dylan skreiv «A Hard Rain» som svar til Cuba-krisa, men Dylan hadde i røynda skrive songen meir enn ein månad før krisa braut ut.

Albert Grossman vart manager for Dylan i august 1962,[9] og kom raskt i konflikt med John Hammond. Sidan Dylan var under 21 då han skreiv kontrakt med CBS, hevda Grossman at kontrakten ikkje var gyldig og måtte forhandlast på ny. I staden inviterte Hammond Dylan til kontoret sitt og overtalte han til å signere eit papir der han sa seg samd i å halde seg til den originale kontrakten.[10] Spliden mellom Grossman og Hammond førte til slutt til at Hammond vart erstatta som produsent for Bob Dylan.

Dylan heldt fram arbeidet med det andre albumet sitt i Studio A den 26. oktober, og spelte inn tre songar. Fleire forsøk på «Mixed-Up Confusion» og Arthur Crudup sin «That's All Right Mama» vart ikkje nytta,[11] men ei endeleg utgåve av «Corrina, Corrina» vart vald ut for det endelege albumet. Eit anna opptak av «Corrina, Corrina» frå same innspelinga vart vald ut som singel seinare på året.

1. november var Dylan i studio igjen og spelte inn tre songar. Nok ein gong var det «Mixed-Up Confusion» og «That's All Right Mama», men ingen av dei vart heller denne gongen rekna som gode nok. Den tredje songen var «Rocks and Gravel», og vart sett av for albumet.

14. november var nok ei innspeling i Studio A. Det meste av denne dagen vart nytta til «Mixed-Up Confusion». Dylan spelte songen med fleire studiomusikarar leigt inn av produsent John Hammond; George Barnes (gitar), Bruce Langhorne (gitar), Dick Wellstood (piano), Gene Ramey (bass) og Herb Lovelle (trommer). Dette sporet dukka aldri opp på eit Dylan-album, men vart gjeven ut som singel den 14. desember 1962 og så raskt trekt tilbake.[12] Songen er ein rockabilly-song og vart skildra som eit blikk mot Elvis Presley og Sun Records".[13]

Etter at «Mixed-Up Confusion» var ferdig innspelt, vart dei fleste musikarane sendt heim, medan gitaristen Langhorne vart verande att. Han spelte på tre originale Dylan-songar («Ballad of Hollis Brown», «Kingsport Town» og «Whatcha Gonna Do»), men ingen av desse vart nytta. «Kingsport Town» vart seinare gjeven ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991[14].

Dylan var i Studio A igjen tre veker seinare på den 6. desember. Fem songar, alle originale, vart spelt inn og tre av desse vart til slutt nytta på The Freewheelin' Bob Dylan: «A Hard Rain's A-Gonna Fall», «Oxford Town» og «I Shall Be Free». Alle tre vart spelt inn på første forsøk. Dylan gjorde òg forsøk på «Whatcha Gonna Do» og «Hero Blues», men desse vart ikkje nytta.

Reise til England[endre | endre wikiteksten]

Tolv dagar seinare vitja Dylan England for første gong og medverka i BBC-dramaet The Madhouse on Castle Street, der han framførte «Blowin' in the Wind» og to andre songar.[15] I London vitja Dylan det lokale visemiljøet og kom i kontakt med Anthea Joseph på Troubadour Club og visesongarane Martin Carthy og Bob Davenport.[16]

Carthy introduserte Dylan for to engelske songar som skulle verte særs viktige for Freewheelin'-albumet. Carthy lærte Dylan arrangementet sitt for «Scarborough Fair», som Dylan nytta som grunnlag for sin eigen «Girl from the North Country». Den andre var «Lord Franklin» frå 1800-talet, som gav Dylan melodien til songen hans «Bob Dylan's Dream».

Frå England reiste Dylan til Italia der han møtte Albert Grossman som var på turne med klienten sin Odetta.[17] Her skreiv han ferdig «Girl from the North Country», samt starta på ein annan song, «Boots of Spanish Leather».

Tilbake i New York[endre | endre wikiteksten]

Dylan kom tilbake til New York i midten av januar og spelte inn den nye songen «Masters of War» for magasinet Broadside. Han var tilbake frå Europa med fleire nye songar og ville spele dette inn og tenke over på ny kva songar han skulle ha med på det andre albumet sitt. Dette skjedde samstundes med at Grossman valde å erstatte Hammond som produsent. Den nye produsenten vart ein ung afroamerikansk mann, Tom Wilson. På denne tida hadde Wilson stort sett jobba innan jazz og var motvillig til å arbeide med Dylan.

Wilson fortel: «Eg likte ikkje ein gong folkemusikk. Eg hadde gjort innspelingar med Sun Ra og Coltrane...eg meinte folkemusikk var for idiotar. [Dylan] spelte som idiotane, men så kom desse orda frå han. Eg vart heilt paff»[18]

Under innspelinga 24. april spelte Dylan dei fem nyaste songane sine: «Girl from the North Country», «Masters of War», «Talkin' World War III Blues», «Bob Dylan's Dream» og «Walls of Red Wing». «Walls of Red Wing» nådde ikkje heilt opp (og vart gjeven ut på The Bootleg Series Volumes 1-3 (Rare & Unreleased) 1961-1991), men dei fire andre vart med på det endelege albumet.

Mot slutten av innspelinga av Freewheelin' skulle Dylan spele på The Ed Sullivan Show den 12. mai 1963. Dylan valde å framføre «Talkin' John Birch Society Blues», men fekk beskjed om at songen kanskje kunne vere injurierande for John Birch Society. I staden for å godta sensuren nekta Dylan å spele.[19]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Dylan reklamerte for det komande albumet med fleire framføringar på radio og ved å halde konsertar. Dylan spelte i lag med Joan Baez på Monterey Folk Festival, der ho vart med han på Dylan si utgåve av «With God on Our Side» (som først vart spelt inn på det neste albumet hans). Dette var starten på eit romantisk forhold mellom dei to.[20]

Seinare, i juli, spelte Dylan på Newport Folk Festival. På denne tida hadde Peter, Paul and Mary fått ein hit med utgåva si av «Blowin' in the Wind» og han nådde andreplassen på Billboard-lista. Baez var òg på Newport og spelte både for seg sjølv og i lag med Dylan.

The Freewheelin' Bob Dylan vart gjeven ut seint i mai, men trass i hendinga på Sullivan fekk ikkje albumet særleg merksemd i musikkpressa. Det selde moderat, men etter Dylan spelte på Newport, Baez tok han til seg og både Baez, Odetta og Peter, Paul and Mary gjorde songane hans populære, byrja salet å ta seg opp. Dylan fortalte at etter Newport «så kan eg brått ikkje gå rundt utan å skjule meg. Eg kunne gå rundt deg er ville når eg ville. Men no har alt vorte rart. Folk følgjer meg inn på toalettet berre for at dei kan sei at dei har sett meg tisse.»[21]

I september gjekk albumet inn på Billboard-lista og nådde 22. plass som høgaste plassering.[22]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harvey, The Formative Bob Dylan, 43
  2. 2,0 2,1 Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, 243
  3. "The RS 500 Greatest albums of All Time." Rolling Stone. 18. november 2003
  4. «The Freewheelin' Bob Dylan on Dylan's official web-site». Bob Dylan.com. http://www.bobdylan.com/albums/freewheelin.html. 
  5. Scaduto, Bob Dylan, 110
  6. Heylin, Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, 30
  7. Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, 94-95
  8. Heylin, Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, 33
  9. Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, 284
  10. Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s.124
  11. Heylin, Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, 33-34
  12. Heylin, Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, 35
  13. Biograph, 1985, Plateomslag av Cameron Crowe.
  14. Heylin, Bob Dylan: A Life In Stolen Moments, 34
  15. «Dylan in the Madhouse». BBC TV. 14. oktober 2007. http://www.bbc.co.uk/bbcfour/music/bobdylan/madhouse.shtml. Henta 17. oktober 2009. 
  16. Rolling Stone, 21. juni 1984, trykt i Cott (ed.), Dylan on Dylan: The Essential Interviews, 295–296
  17. Sounes, Down The Highway: The Life Of Bob Dylan, s.127
  18. Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, 115
  19. Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, 114–117
  20. Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s.119-125.
  21. Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited s. 120
  22. «Dylan on US charts». Expecting Rain. http://expectingrain.com/dok/cd/dylancharts.html.