The Guardian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Guardian

LandStorbritannia
TypeDagsavis[1]
FormatTabloid[2]
Frekvens(måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag)
Grunnlagd5. Mai 1821'"`uniq--ref-00000002-qinu`"'
EigararGuardian Media Group
UtgjevarGuardian Media Group
Sjefredaktør(er)Alan Rusbridger (1995– 1. juni 2015)
SpråkEngelsk[4]
Politisk posisjonSentrum-venstre
Opplag107 899 (februar 2021),[5] 126 879 (februar 2020)[6]
HovudkvarterLondon
ISSN0261-3077
OCLC476290235,[7] 60623878
Nettstadhttps://www.theguardian.com (engelsk)

The Guardian er ei britisk avis gjeven ut av The Guardian Media Group plc i London. Den internasjonale utgåva, The Guardian Weekly, vert gjeven ut kvar veke over heile verda. Ho inneheld òg artiklar frå den britiske søndagsavisa The Observer, USA-amerikanske The Washington Post og franske Le Monde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Guardian vart opphavleg grunnlagd som The Manchester Guardian i 1821 i Manchester, og fekk det noverande namnet sitt i 1959. Tradisjonelt var ho knytt til det britiske liberale partiet. Under den spanske borgarkrigen støtta den venstresida og var den einaste noverande britiske avisa som ikkje støtta Francisco Francos nasjonalistar. The Guardian er ei av dei mest velsette avisene i Storbritannia, og er kjend for å vere uavhengig og ha høg journalistisk standard.

I 2005 endra avisa format frå det tradisjonelle fullformatet (broadsheet) til berlinar (midi), blant anna som eit svar på at aviskonkurrentar som The Times og The Independent gjekk over til tabloidformat.

I november 2005 hadde avisa eit dagleg opplag på rundt 380 000 eksemplar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Gemeinsame Normdatei; vitjingsdato: 22. mars 2021; oppført som: Guardian; GND-id: 4158503-3.
  2. https://www.theguardian.com/media/2018/jan/15/guardian-new-look-online-katharine-viner?CMP=twt_gu.
  3. «History of the Guardian» (på engelsk). The Guardian. Henta 16. september 2013. 
  4. Gemeinsame Normdatei; GND-id: 4158503-3; oppført som: Guardian; språk på verket: tysk; vitjingsdato: 22. mars 2021.
  5. https://www.abc.org.uk/product/2451; språk på verket: engelsk; vitjingsdato: 22. mars 2021.
  6. https://www.abc.org.uk/product/2451; språk på verket: engelsk; vitjingsdato: 24. mars 2020.
  7. http://www.worldcat.org/title/guardian/oclc/476290235.