The Happiest Days of Our Lives

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Happiest Days of Our Lives
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november, 1979
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 1:46
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

The Happiest Days of Our Lives er ein song av bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er forholdsvis bråkete, og byrjar med lyden av eit helikopter som nærmar seg etterfølgd av ein lærar som roper. Lydeffektane vert brått avbrote av første vers. Gjennom heile songen er bassgitaren det leiande instrumentet, og under overgangen til «Another Brick in the Wall Part II» er det intense trommer og koring.

Songen endar brått, og det er fordi den går direkte over i «Another Brick in the Wall, Part II» utan pause, noko som får dei to spora til og høyrast ut som ein enkelt song. Derfor spelar mange radiostasjonar desse to songane i lag.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Som så mange andre songar på The Wall fortel The Happiest Days of Our Lives ein del av historia til hovudrolla Pink. Pink vert send på ein kostskule. Denne vert driven av svært strenge og ofte valdelege lærarar, som ønskjer å forme elevane til den «riktige» forma for samfunnet.

Filmversjonen[endre | endre wikiteksten]

Pink og nokre av venene hans prøver å leggje ei kule på ei jernbanelinje (ei av faren hans sine kuler). Pink vert fanga i tunnelen der toger passerer med maskerte ungar på innsida. Så kan ein sjå læraren som roper før han forsvinn. Ein flyttar seg så til skulen hans der ein kan sjå læraren kjefte på han for å ha skrive eit dikt (som er teksten til Money» frå The Dark Side of the Moon). Ein kan så sjå læraren som har middag med kona si der han ser bilete av seg sjølv som slår elevane sine.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell per Fitch og Mahon.[1]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Kate Bush prøvde å få til ein likande helikopterlyd på singelen hennar «Experiment IV», klarte ho ikkje å få til den same overveldande lyden. Så ho spurte Roger Waters om ho kunne få låne hans versjon, og det fekk ho lov til så lenge ho takka han i plateomslaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981 (2006), p.74