The Heart of Saturday Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Heart of Saturday Night
Studioalbum av Tom Waits
Utgjeve 1974
Innspelt Sunset Sound i Hollywood i USA
Sjanger Jazz, blues, viser
Lengd 40:55
Selskap Asylum
Produsent Bones Howe
Tom Waits-kronologi
Closing Time
(1973)
The Heart of Saturday Night Nighthawks at the Diner
(1975)

The Heart of Saturday Night er det andre albumet til Tom Waits, gjeve ut i 1974Asylum Records. Albumet er noko meir jazzprega enn debutalbumet, men ein finn framleis rolege pianoballadar og viser og framleis er atmosfæren sett til ein røykfull bar seint på kvelden.

På songar som «Diamonds on My Windshield» snakkar Waits rytmisk fram teksten meir enn han syng.

Fleire reknar albumet som det beste i den melodiske perioden i starten av karrieren hans, før stemma vart grovare og han flytta seg mot meir eksperimentell musikk. På Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene er plata på ein 339. plass, den høgaste plasseringa til Tom Waits på lista.

Plateomslaget på plata er basert på In the Wee Small Hours av Frank Sinatra[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Tom Waits.

  1. «New Coat of Paint» – 3:23
  2. «San Diego Serenade» – 3:30
  3. «Semi Suite» – 3:29
  4. «Shiver Me Timbers» – 4:26
  5. «Diamonds on My Windshield» – 3:12
  6. «(Looking for) The Heart of Saturday Night» – 3:53
  7. «Fumblin' With the Blues» – 3:02
  8. «Please Call Me, Baby» – 4:25
  9. «Depot, Depot» – 3:46
  10. «Drunk on the Moon» – 5:06
  11. «The Ghosts of Saturday Night (After Hours at Napoleone's Pizza House)» – 3:16

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]


340:
 Damaged 
Black Flag
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
339

Tom Waits – The Heart of Saturday Night

338:
 Cheap Thrills 
Big Brother and the Holding Company