The Hissing of Summer Lawns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Hissing of Summer Lawns
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve November 1975
Innspelt 1975
Sjanger Folkjazz, eksperimentell
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Miles of Aisles
(1974)
The Hissing of Summer Lawns Hejira
(1976)

The Hissing of Summer Lawns er eit album av den kanadiske musikaren Joni Mitchell frå 1975.

Den første songen, «In France They Kiss on Main Street» er ein jazzrock song om å vekse opp i ein liten by i rock & roll-tida i 1950-åra. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 66. plass på Billboardlista. «The Jungle Line» nyttar innspeling av Drummers of Burundi frå Afrika (feilaktig kalla «krigstrommer» i plateomslaget), der Mitchell har lagt oppå gitar, synthesizer og vokal. Teksten er ein hyllest til den franske målaren Henri Rousseau. Mitchell blandar detaljar frå verka hans med bilete frå moderne byliv, musikkindustrien og dopkulturen i undergrunnen.

Albumet var ikkje så radiovenleg som dei tidlegare albuma til Mitchell, men selde i starten godt og nådde fjerdeplass på listene og selde raskt til gullplate.  

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell. 

# Tittel Lengd
1. «In France They Kiss on Main Street»   03:19
2. «The Jungle Line»   04:25
3. «Edith and the Kingpin»   03:38
4. «Don't Interrupt the Sorrow»   04:05
5. «Shades of Scarlett Conquering»   04:59
6. «The Hissing of Summer Lawns» (Joni Mitchell, John Guerin) 3:01
7. «The Boho Dance»   03:48
8. «Harry's House/Centerpiece» (Joni Mitchell/Jon Hendricks, Johnny Mandel) 6:48
9. «Sweet Bird»   04:12
10. «Shadows and Light»   04:19

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]