The Holy Modal Rounders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Holy Modal Rounders
Sjanger Psych folk
Aktive år 1964 til i dag
Tilknytte artistar The Fugs
The Clamtones
Plateselskap Prestige, Rounder, ESP-Disk, Elektra, Metromedia, Adelphi, DBK Works, Water, Big Beat
Medlemmer
Peter Stampfel
Steve Weber
John Wesley Annas
Jeff Baxter
Ken Crabtree
Robin Remaily
Sam Shepard
Richard Tyler
Dave Reisch
Michael McCarty

The Holy Modal Rounders var ein amerikansk folkemusikkduett frå Lower East Side i New York City som starta tidleg i 1960-åra. Han bestod av Peter Stampfel og Steve Weber. Den unike blandinga deira av folkemusikk og psykedelia gav dei ein kult-aktig tilhengjarskare frå seint i 1960-åra og inn i 1970-åra. Ein periode spelte òg den kjende skodespelaren og manusforfattaren Sam Shepard i bandet.

Opphavet til namnet[endre | endre wikiteksten]

Stampfel forklarte opphavet til namnet i Perfect Sound Forever:

Vi endra namn heile tida. Først var det Total Quintessence Stomach Pumpers. Så Temporal Worth High Steppers. Så The Motherfucker Creek Babyrapers. Det var berre tullenamn. Han var Rinky-Dink Steve the Tin Horn og eg var Fast Lightning Cumquat. Han var Teddy Boy Forever og eg var Wild Blue Yonder. Bandet endra namn heile tida. Så var det the Total Modal Rounders. Så var vi høge på marihuana og nokon andre, kanskje Steve Close, sa feilaktig Holy Modal Rounders. Vi brukte å endre namn og venta til nokon starta å kalle oss det. Så då vi kom til Holy Modal Rounders, byrja alle å sei at vi var the Holy Modal Rounders. Det var slik vi kom fram til namnet.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Stampfel og Weber møtte kvarandre via Antonia i Greenwich Village, som òg skreiv eller var med å skrive fleire av songane deira.[2] Det første albumet deira, The Holy Modal Rounders, kom ut i 1964 og versjonen deira av «Hesitation Blues» er første gongen ordet «psychedelic» (her uttalt som «psycho-delic») vart nytta i popmusikk.[3] Kort tid etter det andre albumet deira i 1965, The Holy Modal Rounders 2, vart dei med Ed Sanders og Tuli Kupferberg i The Fugs ein kort periode. Innspelingane deira med The Fugs i 1965 finst på albumet The Village Fugs, Virgin Fugs og Fugs 4, Rounders Score. Weber skreiv mellom anna kultklassikaren «Boobs a Lot» for the Fugs, som the Rounders seinare spelte inn sjølv på Good Taste is Timeless.

Etter å ha gått frå the Fugs, vart the Rounders gjenforeint med Sam Shepard og Lee Crabtree og spelte inn det tredje albumet deira (Indian War Whoop), og var med i skodespelet til Shepard, Forensic. Det fjerde albumet, The Moray Eels Eat The Holy Modal Rounders, vart spelt inn i 1968, med songen «Bird Song». «Bird Song» var i røynda same song som Ray Price sin «You Done Me Wrong» med ein annan tekst. Rounders-songern vart mykje nytta i Dennis Hopper-filmen Easy Rider.

I 1970 kom Robin Remailly og Dave Reisch med i bandet, og dei flytte til Boston og så Oregon, då med Ted Deane, Roger North og Jeff «Skunk» Baxter i bandet. Stampfel vart verande att i New York, men spelte med bandet ved fleire høve. Bandet gav ut det femte albumet sitt, Good Taste is Timeless, i 1971 på Metromedia, og det sjette albumet, Alleged in their Own Time, i 1975 på Rounder Records.

Seinare historie[endre | endre wikiteksten]

Stampfel danna òg det kortvarige (1975-77) Unholy Modal Rounders med Kirby Pines, Charlie Messing, Jeff Berman og Paul Presti. The Unholy Modal Rounders var ein del av samarbeidet Have Moicy! i lag med Michael Hurley og Jeffrey Frederick og the Clamtones.

Etter å ha gjeve ut Last Round i 1978, vart the Holy Modal Rounders oppløyst, sjølv om Stampfel og Weber kom saman att ei kort stund for å spele inn Going Nowhere Fast (1980).

Medan han arbeidde med kona si, Betsy Wollheim, som redaktør for DAW Books danna Stampfel the Bottle Caps, og gav ut Peter Stampfel and the Bottlecaps (1986) og The People's Republic of Rock n' Roll (1989), samt eit album med standardsongar, You Must Remember This (1994). Han vann ein Grammypris i 1998 for teksten han skreiv i plateomslaget til CD-utgåva av Anthology of American Folk Music. Då han vart spurt om kva planar han hadde med prisen, vart han sitert i New York Times: «Eg skal ta honning på min og sleike det av».[4]

The Holy Modal Rounders heldt på i 20 år utan Stampfel, så bandet flytte til Portland Oregon og Stampfel vart verande att i New York. Bandet turnerte i landet og i Skandinavia, men hadde røtene sine i Portland. Dei vart framleis kalla The Holy Modal Rounders, sjølv om enkelte tilhengjarar har gjeve dei kallenamnet «The Elektrisk Rounders» sidan dei, som mange andre band, endra den akustiske stilen for å trekkje til seg større publikum.

Stampfel og Weber kom att som the Rounders i 1999 for albumet Too Much Fun. Sidan då har Stampfel gjeve ut plater med the Du-Tels (No Knowledge of Music Required, 2001) og the Bottle Caps (The Jig Is Up, 2004). Han er framleis musikalsk aktiv, og speler i mange grupper, hovudsakleg i New York City.

Weber har samstundes visstnok arbeidd med eit soloprosjekt. Han gav nyleg ut Steve Weber and the Holy Modal Rounders, B.C.. Fleire konsertalbum av Rounders har òg kome ut i seinare år.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Holy Modal Rounders (1964)
  • The Holy Modal Rounders 2 (1965)
  • Indian War Whoop (1967)
  • The Moray Eels Eat The Holy Modal Rounders (1968)
  • Good Taste is Timeless (1971)
  • Alleged in their Own Time (1975)
  • Last Round (1978)
  • Going Nowhere Fast (1980)
  • Too Much Fun (1999)
  • Bird Song (2004)
  • Steve Weber and the Holy Modal Rounders, B.C. (2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.furious.com/perfect/stampfel.html
  2. Bear Suit Follies: the Songs, Stories and Letters of Antonia, av John McFadden
  3. M. Hicks, Sixties Rock: Garage, Psychedelic, and Other Satisfactions (University of Illinois Press, 2000), s. 59-60.
  4. Pareles, Jon (1998-02-26). «Dylans, Father and Son, Gather Grammys; Shawn Colvin Wins for 'Sunny'». The New York Times. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]