The Honeydrippers: Volume One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Honeydrippers: Volume One
EP av The Honeydrippers
Utgjeve 24. september 1984
Innspelt Mars 1984, Atlantic Studios, New York City
Sjanger Rock
Lengd 17:56
Selskap Es Paranza/Atlantic Records
90265
Produsent The Fabulous Brill Brothers:
Nugetre
Robert Plant
Jimmy Page
Nile Rodgers
Kritikk

The Honeydrippers: Volume One er ein EP gjeven ut den 24. september 1984, av eit band leia av rockesongaren Robert Plant. Prosjektet kom til då direktøren i Atlantic Records, Ahmet Ertegün ønskte å spele inn eit album med favorittsongane sine frå 1950-åra. Plant vart valt ut fordi Ertegün hadde sett band hands the Honeydrippers spele standardlåtar frå 1950-åra. Med seg i bandet hadde Plant frontmannen i Chic, Nile Rodgers, og dei tidlegare Yardbirds-gitaristane Jeff Beck og Jimmy Page—sistnemnde òg gitarist i Led Zeppelin i lag med Plant.

Til Plant sin store skrekk vart «Sea of Love» den mest seljande singelen til Plant nokon gong. I følgje Plant var det «Rockin' at Midnight» som skulle vere singel med «Sea of Love» som B-side. Singelen vart snudd fordi radiostasjonane spelte «Sea of Love» langt meir enn «Rockin' at Midnight». Plant frykta at karrieren hans var over på grunn av dette og at folk no ville sjå på hans om ein «smørsongar», i staden for ein rockesongar. Som følgje av dette omtalte Plant The Honeydrippers som «lagt på is» når han vart spurt om prosjektet i ettertid.«Rockin at Midnight» er ein ny versjon av Elvis Presley sin «Good Rockin' Tonight».

Albumet vart gjeven ut på ny i 2007 med bonusspor. Plant og Ertegün diskuterte høvet til å gjere eit nytt Honeydrippers-album, men då sistnemnde døydde i desember 2006 var dette skrinlagt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1984-utgåve
Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «I Get a Thrill»   Toombs 2:37
2. «Sea of Love»   Khoury, Phillips 3:01
3. «I Got a Woman»   Charles, Richard 2:55
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Young Boy Blues»   Pomus, Spector 3:28
2. «Rockin' at Midnight»   Brown 5:55

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Topplassering
US Billboard 200 4
Den svenske albumlista[1] 44
Den britiske albumlista[2] 56
Den kanadiske albumlista[3] 1
US Billboard Top R&B Albums 67
Den tyske albumlista 40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar: Nugetre (Ertegun stava baklengd), the Fabulous Brill Brothers (Page, Plant og Nile Rodgers)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]