The Hurdy Gurdy Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Hurdy Gurdy Man
Studioalbum av Donovan
Utgjeve Oktober 1968
Innspelt November 1967 – april 1968
Sjanger Rock, psykedelisk rock, ragarock, folkrock
Lengd 35:02
Selskap Epic
Produsent Mickie Most
Kritikk
Donovan-kronologi
Donovan in Concert
(1968)
The Hurdy Gurdy Man Barabajagal
(1969)

The Hurdy Gurdy Man er det sjette studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i USA i oktober 1968 (Epic Records BN 26420 (stereo)), men vart ikkje gjeve ut i Storbritannia på grunn av kontraktsproblem som òg hindra Sunshine Superman og Mellow Yellow frå britisk utgjeving.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Donovan skreiv og spelte inn mykje av The Hurdy Gurdy Man seint i 1967, ikkje lenge etter at han spelte inn songane som vart til A Gift from a Flower to a Garden. Resten av The Hurdy Gurdy Man vart spelt inn i april 1968, etter Donovan vitja Rishikesh i India for å studere under Maharishi Mahesh Yogi. John Lennon, Cynthia Lennon, George Harrison, Pattie Boyd, Paul McCartney, Jane Asher, Mia Farrow, Prudence Farrow og Mike Love var der òg. Donovan har sidan sagt på konsertar at George Harrison skreiv eit vers for «Hurdy Gurdy Man» då dei var i India, men at verset ikkje vart spelt inn for studioversjonen. På konsertalbumet frå 1973, Live in Japan: Spring Tour 1973, og 1990, Rising forklarer Donovan historia og syng dette verset.

Mykje av låtskrivinga til Donovan for The Hurdy Gurdy Man vart sentrert rundt bordunar på songar som «Peregrine», «The River Song» og «Tangier» (dei to sistnemnde var songr av den gode venen til Donovan, Gypsy Dave AKA Gyp Mills), og pop på dei fleste andre songane. «As I Recall It» syner at Donovan var interessert i jazz. «Jennifer Juniper» og «Hurdy Gurdy Man» vart begge gjevne ut som singlar før albumet kom ut.

Innspelinga av The Hurdy Gurdy Man skal visstnok ha inkludert dei framtidige Led Zeppelin-medlemmane Jimmy Page og John Paul Jones. Jimmy Page var i The Yardbirds på denne tida og såg seg aktivt om etter å starte eit eige band.[1] John Bonham spelar perkusjon på songen og Clem Cattini trommer.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Hurdy Gurdy Man»   3:13
2. «Peregrine»   3:34
3. «The Entertaining of a Shy Girl»   1:39
4. «As I Recall It»   2:06
5. «Get Thy Bearings»   2:47
6. «Hi It's Been a Long Time»   2:32
7. «West Indian Lady»   2:15
Side to
# Tittel Lengd
8. «Jennifer Juniper»   2:40
9. «The River Song»   2:14
10. «Tangier»   4:10
11. «A Sunny Day»   1:52
12. «The Sun Is a Very Magic Fellow»   3:31
13. «Teas»   2:29
Bonusspor på 2005-utgåva
# Tittel Lengd
14. «Teen Angel»    
15. «Poor Cow»    
16. «Laléna»    
17. «Aye My Love»    
18. «What a Beautiful Creature You Are» (duett med Lulu)  
19. «Colours»    
20. «Catch the Wind»    

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Donovan's Greatest Hits

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]