The Irrawaddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Irrawaddy er òg ei vanleg nemning på den burmesiske elva Eravati (Irrawaddy/Ayeyarwady)

The Irrawaddy er eit uavhengig internasjonalt magasin som i hovudsak tek føre seg tema som handlar om diktaturet Burma og Søraust-Asia generelt. Bladet er ikkje tilknytta nokon politiske organisasjonar, men har som føremål å fremje fridom, uavhengig presse og frigjering av informasjon. Bladet har høg truverd og kan vise til tingarar med tilknyting til internasjonale organisasjonar og statsapparat over heile verda.

Irrawaddy vert redigert på engelsk, har ingen innteningsføremål, og vert halden i drift av donorar frå heile verda. Bladet vert trykt av Nopburee Press i Chiang Mai (Thailand), der redaksjonen òg har hovudkontor.

Irrawaddy Publishing Group vart tufta i 1992 av eksil-burmesarar i Thailand.

Noverande (2005) redaktør er Aung Zaw.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]