The Jackson 5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Jackson 5
Jackson 5 tv special 1972.JPG
The Jackson 5 på fjernsyn i 1972.
Sjanger Soul, R&B, disco
Aktive år 1962 - 1990
Plateselskap Steeltown, Motown, Philadelphia International, Epic
Medlemmer
Jackie Jackson
Tito Jackson
Jermaine Jackson
Marlon Jackson
Michael Jackson
Randy Jackson

The Jackson 5 var ei amerikansk popgruppe som bestod av syskena i den afro-amerikanske familien Jackson frå Gary, Indiana. Popgruppa var aktiv frå 1962 til 1990, og vart byrjinga til den musikalske karrieren til Michael Jackson. Nokre av dei mest kjende singlane til The Jackson 5, var «I Want You Back», «ABC», «Blame It on the Boogie» og «Can You Feel It». I 1997 vart The Jackson 5 innvald i The Rock and Roll Hall of Fame.

Gruppekarrieren[endre | endre wikiteksten]

The Jackson 5 begynte med brørne Jackie, Tito, Michael, Jermaine og Marlon. I 1969 fekk dei platekontrakt med Motown Records, og dette førte til at heile Jackson-familien flytte til Los Angeles. Michael, yngstemann i gruppa, var frontfigur då dei slo gjennom med sin fyrste singel, «I Want You Back». Dei starta eit samarbeid med songarinna Diana Ross, som hjelpte dei med debutplata Diana Presents The Jackson 5 frå same året. I åra 1970 - 1975 gav gruppa ut til saman ni album og vart svært populære.

I 1975 vart Jermaine Jackson erstatta med veslebror til Michael, Randy. Både Jermaine og Michael begynte med solokarrierar på åttitalet, noko som gjorde at Jackson 5 vart mindre aktive. Jermaine vart med att i 1984, men både Michael og Marlon slutta i 1987.

Familien Jackson[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Jackson-familien heitte Joseph og Katherine Jackson. Katherine Jackson var Jehovas vitne, og oppdrog ungane sine i det same. Dei fekk til saman ti born, og dei fleste av desse vart profesjonelle musikarar i ei eller anna form.

  • I tillegg fekk Joseph Jackson dottera Joh'Vonnie Jackson (fødd 30. august 1974) med Cheryle Terrell. [1]


Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Diana Ross Presents The Jackson 5 (1969)
  • ABC (1970)
  • Third Album (1970)
  • The Jackson 5 Christmas Album (1970)
  • Maybe Tomorrow (1971)
  • Goin' Back to Indiana (1971)
  • Greatest Hits (The Jackson 5 album) (late 1971)
  • Lookin' Through the Windows (1972)
  • Skywriter (1973)
  • G.I.T.: Get It Together (1973)
  • The Jackson 5 in Japan (1973)
  • Dancing Machine (1974)
  • Moving Violation (1975)
  • Anthology (1975)
  • The Jacksons (1976)
  • Joyful Jukebox Music (1976)
  • Goin' Places (1977)
  • Destiny (1978)
  • Boogie (1979)
  • Triumph (1980)
  • The Jacksons Live! (1981)
  • 18 Greatest Hits (1983)
  • Victory (1984)
  • 2300 Jackson Street (1989)
  • The Jacksons: An American Dream (1992)
  • Children of the Light (1993)
  • Soulsation! (1995)
  • Jackson 5: The Ultimate Collection (1995)
  • The Best of Michael Jackson and The Jackson 5ive – The Motown Years (1997)
  • The Steeltown Sessions (1999)
  • The Essential Jacksons (2004)
  • The Very Best of The Jacksons (2004)
  • The Jacksons Story (2004)
  • Gold (2005)
  • Classic Jackson 5 (2008)
  • I Want You Back! Unreleased Masters (2009)
  • Can You Feel It! The Jacksons Collection (2009)
  • Merry Christmas Jackson 5 (2009)
  • J Is for Jackson 5 (2010)
  • Live at the Forum (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]