The Ladder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Ladder
Studioalbum av Yes
Innspelt februar–mai 1999
Sjanger progressiv rock
Lengd 60:19
Produsent Bruce Fairbairn
Kritikk
Yes-kronologi
Open Your Eyes
(1997)
The Ladder House of Yes: Live from House of Blues
(2000)

The Ladder er det sekstande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve september 1999. Dette albumet blir rekna som den definitive returen til stilen deira frå 1970-talet, sjølv om det er særs moderne i lydmiksinga. Dette er det første albumet Igor Khorosjev medverkar som fulltidsmedlem.

Albumet kom på 99. plass på Billboard 200 i USA og på 36. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gitarist og klaverspelar Billy Sherwood var hovudsakleg han som produserte det førre albumet, Open Your Eyes, og bandet søkte no etter ein ekstern produsent og fann canadiske Bruce Fairbairn for å få objektive øyre og tankar. Sherwood var no nærast degradert til «andregitarist» i bandet etter at Khorosjev tok over tangentane.

Sjølv om innspelingane gjekk over all forventning og alle var særs nøgt med resultatet, enda avslutninga av albumet tragisk. Rett før dei siste vokalopptaka og den siste lydmiksinga, døydde Bruce Fairbairn. Han vart funne i sitt eige heim av vokalist Jon Anderson, og Yes har tileigna albumet til Fairbairn.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Jon Anderson, all musikk komponert av Jon Anderson, Steve Howe, Billy Sherwood, Chris Squire, Alan White og Igor Khorosjev..

# Tittel Lengd
1. «Homeworld (The Ladder)»   9:32
2. «It Will Be a Good Day (The River)»   4:54
3. «Lightning Strikes»   4:35
4. «Can I?»   1:32
5. «Face to Face»   5:02
6. «If Only You Knew»   5:43
7. «To Be Alive (Hep Yadda)»   5:07
8. «Finally»   6:02
9. «The Messenger»   5:13
10. «New Language»   9:19
11. «Nine Voices (Longwalker)»   3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikarar[2][endre | endre wikiteksten]

  • Randy Raine-Reusch – diverse instrument
  • Rhys Fulber – loops
  • Tom Colclough – altsaksofon
  • Tom Keenlyside – tenorsaksofon, piccolotrompet
  • Derry Burns – trompet
  • Rod Murray – trombone
  • Neil Nicholson – tuba

Kjelder[endre | endre wikiteksten]