The Last Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«The Last Time»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Out of Our Heads
B-side Play with Fire
Utgjeve 26. februar 1965
Innspelt 11.–12. januar 1965, RCA Studios, Hollywood
Sjanger Rock
Lengd 3:41
Selskap Decca F12104 (UK)/London 45-LON 9741 (USA)
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«Heart of Stone»
(1964)
«The Last Time» «(I Can’t Get No) Satisfaction»
(1965)

Well I told you once and I told you twice
But ya never listen to my advice
You don't try very hard to please me
With what you know it should be easy

Jagger/Richards

«The Last Time» er ein song av The Rolling Stones. Dette var den første songen skriven av Mick Jagger og Keith Richards som nådde førsteplassen i Storbritannia, der han låg fire veker i strekk.

«The Last Time» vart spelt inn i RCA Studios i Hollywood i California tidleg i 1965 med hjelp frå Phil Spector. Songen kom ut like etter og toppa listene både i heimlandet, USA og Noreg.

The Stones spelte songen på det populære britiske musikkshowet Top of the Pops. Dei spelte òg songen på fleire amerikanske TV-show, som The Ed Sullivan Show, Shindig, Shivaree og Hollywood A Go-Go.

Sjølv om songen er tilskriven Mick Jagger og Keith Richards, har Keith Richards nemnt at dei var påverka av ein tradisjonell gospelsong kalla «This May Be The Last Time», først spelt inn av the Staple Singers i 1955.[1]

I 1967 spelte The Who inn ei utgåve av songen i lag med «Under My Thumb», visstnok for å vise støtte til Mick Jagger og Keith Richards, som hadde vorte arresterte i England for narkotikabruk. Dagen singelen kom ut vart begge sleppte fri.[1]

I 1997 saksøkte tidlegare Rolling Stones-manager Andrew Loog Oldham det engelske rockebandet the Verve for å ha nytta eit utdrag frå The Andrew Oldham Orchestra si innspeling av «The Last Time» på hitsingelen deira «Bitter Sweet Symphony». The Verve og Oldham hadde opphavleg ein avtale om bruk av eit utdrag frå songen, men Oldham viste i retten av bandet hadde nytt meir enn dei vart einige om. Dette førte så til at Allen Klein, som på vegner av ABKCO Records eig rettane alle Stones-songar frå 1960-åra, saksøkte the Verve. Til slutt vart heile «Bitter Sweet Symphony» tilskriven Jagger og Richards, sjølv om dei ikkje skreiv ei einaste linje av versa.[2]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange band og artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom andre The Who, Bobby Bare, Bruce Springsteen, The Sonics, Genesis, The Damned, Dwight Yoakam, Jimmy Nail, John Farnham, Royal Philharmonic Orchestra, Billy Bragg, New Riders of the Purple Sage og Nena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Last Time» - på SongFacts.com
  2. The Verve og The Rolling Stones: Truly Bittersweet