The Laughing Gnome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Laughing Gnome
Singel av David Bowie
B-side

«The Gospel According to Tony Day»

Utgjeve 14. april 1967
Innspelt Decca Studios i London
26. januar 1967
Sjanger Pop
Lengd 3:01
Selskap Deram
DM 123
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Mike Vernon
David Bowie-kronologi 
«Rubber Band»
(1966)
The Laughing Gnome «Love You Till Tuesday»
(1967)


«The Laughing Gnome» er ein song av David Bowie frå 1967. Songen er ei humoristisk etterlikning av den tidlege inspirasjonskjelda til Bowie, Anthony Newley, og vart gjeven ut som ein singel på Deram Records i 1967.

Songen omhandlar eit møte mellom songaren og ein gnom. Gnomen snakkar med ei lys stemme (skapt ved at Bowie og lydteknikar Gus Dudgeon har auka tempoet på lydbandet på liknande vis som det vart gjort med Alvin and the Chipmunks) og kjem med mange ordspel på ordet «gnome».[1] Refrenget er ein duett mellom gnomen og Bowie. Singelen nådde ikkje salslista då han først kom ut.[2] B-sida til singelen var «The Gospel According to Tony Day».

Mange har rekna «The Laughing Gnome» songen som ein flau augneblink for Bowie. Biografiforfattaren Charles Shaar Murray skreiv «Utan tvil det flauste dømet frå ungdomstida til Bowie»[3], medan David Buckley skreiv «Rett og slett toskete, men perverst fengande» og samanlikna han med songar av Syd Barrett frå Pink Floyd på same tid.[1] Nicholas Pegg meinte at «verda ville ha vore ein meir keisam stad utan songen».[2] Pink Floyd spelte inn songen «The Gnome» kring to månader etter Bowie spelte inn «The Laughing Gnome». Barrett sin gnom heiter Grimble Gromble og er meir ein type som held seg heime enn Bowie sin.

«Haven’t you got an ‘ome to go to?”
‘No, we’re gnomads!’
“Didn’t they need you to get your haircut at school, you look like a Rolling Gnome!”
‘No, not at the London School of EcoGnomics!

David Bowie (1967)

Bowie og Gud Dudgeon brukte dagar på å kome på ordspel og eksperimentere med forskjellige snøggleikar på lydbandet. Dei var ei stund stolte av singelen, fram til resten av verda fortalte dei det var ein feil. Bowie sa i 1993 «ei kort stund likte eg songen, men då plata kom ut og alle snakka om kor fæl han var, forstod eg at han var ganske så forferdeleg.» Dudgeon og Bowie vart vener under innspelinga av singelen og debutalbumet. Dudgeon fortalte om ein gong Bowie kom på besøk i juletida og «handhelste» på juletreet. «Alle nålene fall av!». Dudgeon og Bowie vart etter kvart uvener, dels fordi Dudgeon meinte Bowie skulda han pengar for «Space Oddity». Då Dudgeon omkom i ei bilulukke i 2002, sende Bowie blomar og skreiv meldinga «Farewell to the Laughing Gnome» .

Songen vart ein hit då han kom ut att på ny i 1973 etter at Bowie hadde slått gjennom kommersielt med The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Trass i at han var radikalt forskjellig frå songane Bowie gav ut på denne tida, nådde singelen 6. plass i Storbritannia,[1] noko som i følgje Carr og Murray gjorde at det berre var Decca Records som «ikkje var pinleg berørt».[3] Singelen vart gjeve ut nok ein gong i 1982 men selde då dårleg.

I 1990 skulle Bowie legge ut på Sound+Vision-turneen, der tilhengjarane skulle få avgjere kva songar han skulle spele ved å stemme over telefon. Musikkmagasinet NME gjorde då eit forsøk på å få folk til å stemme på «The Laughing Gnome» (med slagordet «Just Say Gnome»), men stemmesystemet vart etter kvart gjeve opp.[2][4]

Monosingelen og B-sida vart gjeven ut i ein stereomiks for dobbelplateutgåva av debutalbumet til Bowie.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ronnie Hilton - B-side til singelen «If I Were a Rich Man» (1967). Finst òg på samlinga Oh! You Pretty Things: The Songs of David Bowie (2006)
  • Living Room - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Buster Bloodvessel - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.35-36,43-44
  2. 2,0 2,1 2,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.118
  3. 3,0 3,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.24
  4. David Buckley (1999). Op Cit: s.474