The Legend of Zelda: Ocarina of Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Legend of Zelda: Ocarina of Time
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie The Legend of Zelda
Sjanger Eventyrspel
Utgjeving 11. desember 1998
Medium Spelkassett (N64, iQue )
DVD (GCN)
Nedlasting på Virtual Console
Aldersgrense PEGI: 7+ (N64, GCN), 12+ (Wii)

The Legend of Zelda: Ocarina of Time (ゼルダの伝説 時のオカリナ Zeruda no Densetsu Toki no Okarina) er eit action-eventyr dataspel utvikla av Nintendo Entertainment Analysis and Development og publisert av Nintendo for Nintendo 64. Det vart lansert i Japan 21. november 1998, i Nord-Amerika 23. november og i Europa 11. desember same året. Spelet var opphavleg utvikla for Nintendo 64DD-eininga, men vart i staden gjeve ut på ein spelkassett på 256 megabit, som var den spelkassettypen med den største kapasiteten Nintendo produserte på den tida.

Ocarina of Time er det femte spelet i The Legend of Zelda-serien i høve lanseringsdato, men handlinga er sett før dei første fire spela. Spelaren kontrollerer hovudpersonen i serien, Link, i kongeriket Hyrule. Link fer på ein ferd for å stoppa Ganondorf, kongen av gerudoane, frå å få tak i trekrafta, ein heilag relikvie som oppfyller ønska til haldaren. Link reiser gjennom tid og forserer ymse katakombar for å vekkje opp dei vise som har krafta til å forsegla Ganondorf. Musikk speler ein viktig rolle for å koma vidare i spelet, og spelaren må læra seg å spela fleire songar på ein okarina.

Speloppsettet til Ocarina of Time introduserte nytt som at ein kan låsa fast siktet på ulike mål og kontekstsensitive knappar, som no har blitt vanlege element i 3D-eventyrspel.[1][2] I Japan har det selt over 800 000 eksemplar i 1998, som gjorde det til det tiande bestseljande spelet det året.[3] I laupet av levetida har Ocarina of Time nådd 1,14 millionar selde eksemplar i Japan og 7,6 millionar globalt[4], og har med det nådd opp som nummer 128 av dei bestseljande spela gjennom tidene.[5]

Ocarina of Time har blitt lansert på nytt fire gongar på Nintendo GameCube og Wii konsollane. Det vart overført til GameCube som ein del av The Legend of Zelda: Ocarina of Time: Master Quest (ゼルダの伝説 時のオカリナ 裏 Zeruda no Densetsu Toki no Okarina Ura, «Ura» tyder motsett side) som inneheld omarbeidde katakombar med nye gåter, og til The Legend of Zelda: Collector's Edition i ein omtrent uendra versjon. Spelet vart også gjeve ut att på iQue Player i 2003 og til Virtual Console-tenesta på Wii i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]