The Legend of Zelda: Skyward Sword

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'The Legend of Zelda: Skyward Sword'

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Hidemaro Fujibayashi
Produsent(ar)Eiji Aonuma
Komponist(ar)Koji Kondo, Mahito Yokota, Shiho Fujii, Takeshi Hama
SerieThe Legend of Zelda
Plattform(er)Wii
Utgjeving18. november 2011 (Europa)
20. november 2011 (Nord-Amerika)
23. november 2011 (Japan)
SjangerAction-eventyr
SpelemodusEnkeltspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttp://www.zelda.com/skywardsword/, https://www.nintendo.co.jp/wii/souj/index.html
Del av serien The Legend of Zelda
←The Legend of Zelda: Spirit Tracks  ·

The Legend of Zelda: Skyward Sword er eit action-eventyrspel for spelkonsollen Wii, som er utvikla og utgjeve av Nintendo. Det er det sekstande spelet i The Legend of Zelda-serien, og vart gjeve ut internasjonalt i november 2011.[1] Spelet handlar om Link, som spelaren navigerer gjennom luftrommet omkring den svevande øya Skyloft og på fastlandet under, medan han fullfører oppdrag som fører historia vidare og løyser gåter inni katakombar og i miljøet utanfor. Sverdkamp og det meste av dei andre mekanikkane i spelet bruker Wii Motion Plus, eit ekstrautstyr for Wii Remote.[2]

Utviklinga av Skyward Sword begynte etter utgjevinga av Twilight Princess og varte omkring fem år. Skyward Sword vart avduka første gong i 2009, og skulle opphavleg kome ut året etter, men vart utsett til 2011. Spelet vart både ein kritisk og kommersiell suksess, og har selt over tre millionar kopiar globalt. Skyward Sword vart gjort tilgjengeleg som nedlasting på Wii U eShop september 2016.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]