The Loe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Loe, òg kalla Loe Pool, er den største naturlege innsjøen i Cornwall i England. Mellom havet og innsjøen ligg ein grusbanke kalla Loe Bar, midt mellom Porthleven og Gunwalloe. Både the Loe og Loe Bar ligg på Penrose Estate, forvalta av National Trust, [1] og har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) av Natural England [2].
The Loe var opphavleg estuaret til River Cober som ren gjennom den tidlegare hamnebyen Helston, 3 km inn i landet. Ein trur at banken oppstod på 1200-talet og skar Helston av frå havet. For å hindre flaum i delar av Helston har ein stundom grave hol i banken.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Loe» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- English Nature. Loe Pool SSSI Designation. Accessed 12 november 2007.
- Natural England. Loe Pool SSSI Unit List. Accessed 12 november 2007.
- National Trust. Penrose Estate: Gunwalloe og Loe Pool. Accessed 12 november 2007.