The Longest Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Longest Time
Singel av Billy Joel
frå albumet An Innocent Man
B-side

«Christie Lee»

Utgjeve Mars 1984
Innspelt 1983
Sjanger Doo-wop, acapella
Lengd 3:40
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«An Innocent Man»
(1983)
The Longest Time «Leave a Tender Moment Alone»
(1984)


«The Longest Time» er ein doo-wop-song av Billy Joel. Songen vart gjeven ut på singel i 1984, som den fjerde singelen frå albumet An Innocent Man frå 1983. Han nådde 14. plasse på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Adult Contemporary-lista.[1] I Storbritannia nådde songen 25. plassen på UK Singles Chart.

Joel syng alle stemmene på songen., i alt 14 spor som vart miksa inn i songen.[2] Berre eit instrument spelar på songen, ein bassgitar, og alle dei andre lydane er vokalen til Joel, i tillegg til perkusjonslydane som knipsing og klapping.[3] Han vart opphavleg spelt inn som demosongen «The Prime of Your Life».[4]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen starta med ein mann (spelt av Joel) i ein treningssal etter ein fest for 25-års skulejubileum. Han ser rundt på plakatar av fleire klasseprisar, og bryt ut i song då bandet hans, som speler skulevener, kjem inn i treningssalen. Dei syng og scenane byter mellom skule tida og den noverande tida. Videoen vart filma ved Pratt Institute i Brooklyn.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australia 15
RPM Top Singles[5] 36
Irland 18
New Zealand 24
UK Singles Chart 25
US Billboard Hot 100 14
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1984 spelte Alvin and the Chipmunks and The Chipettes inn songen for Alvin and the Chipmunks-episoden «Operation Theodore». Me First and the Gimme Gimmes, eit punkband, spelte inn songen i 2004 for Ruin Jonny's Bar Mitzvah. I 2009 spelte Only Men Aloud inn songen på albumet Band of Brothers, og i 2010 spelte The Overtones inn songen på Good Ol' Fashioned Love, som nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista.

I 2013 song medlemmar i Glee ein acapella-versjon av songen.».[6]

Den norske acapellagruppa Bjelleklang song ein versjon av songen på norsk kalla «For meg sjøl ei stønn» på albumet Dæng Dæng (1991).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]