The Madcap Laughs
| The Madcap Laughs Studioalbum av Syd Barrett |
||
| Utgjeve | 3. januar 1970 | |
| Innspelt | Abbey Road 28. mai 1968 til 5. august 1969 | |
| Sjanger | Psykedelisk folk, eksperimentell rock | |
| Lengd | 37:47 | |
| Selskap | Harvest/EMI Capitol Records (US) |
|
| Produsent | Syd Barrett, Peter Jenner, Malcolm Jones, Roger Waters og David Gilmour | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Syd Barrett-kronologi | ||
| The Madcap Laughs | Barrett (1970) |
|
The Madcap Laughs er eit album av Syd Barrett, gjeven ut 3. januar 1970. Det var det første soloalbumet hans etter at han vart erstatta i bandet Pink Floyd av den gamle venen David Gilmour.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Etter at han forlet gruppa byrja Barrett å spele inn musikk med den tidlegare Pink Floyd-manageren Peter Jenner i mai 1968. Sjølv om innspelingane var korte, vart prosjektet lagt på is nesten eitt år medan Barrett brukte det meste av året på å bu for seg sjølv. I april 1969 tok Malcolm Jones over prosjektet og Barrett byrja å arbeide med nyare songar, og omarbeidde innspelingane frå 1968. Studiomusikarar, som var medlemmer frå The Soft Machine, samt Humble Pie-trommeslagaren Jerry Shirley vart kalla inn for å spele på Barrett-songane. Det er framleis eit mysterium kvifor Jones forlet prosjektet mot slutten av mai. Roger Waters og David Gilmour heldt på å gjere Pink Floyd-albumet Ummagumma ferdig då dei vart involvert i The Madcap Laughs i juli og hjelpte Barrett med å gjere ferdig albumet.
- «[Innspelingane] var vanskelege og gjort i eit hastverk. Vi hadde særs lita tid, særleg med The Madcap Laughs. Syd var særs vanskeleg, vi fekk ei særs frustrert kjensle: Høyr her, det er din karriere, kamerat. Kvifor får du ikkje fingeren ut og gjer noko? Fyren hadde problem og var ein nær ven av oss i mange år før det, så det var det minste vi kunne gjere.» ( David Gilmour[1])
Innspelingsprosessen var heller uvanleg, der Syd spelte inn akkompagnementet med akustisk gitar, og så spelte studiomusikarane inn sine ting oppå dette etterpå. Spelinga og songane til Syd var særs urekneleg og uføreseielege. Han la til eller hoppa over taktar og taktslag tilsynelatande tilfeldig, eller han kunne klimpre på same akkorden i lang tid før han brått og uventa gjekk tilbake til hovuddelen av songen. Dette var særs frustrerande for studiomusikarane. Om ein lyttar nøye etter, særleg på songane «No Good Trying» og «Love You», kan ein høyre at bandet blir tatt på senga her og der. Robert Wyatt fortalte at musikarane kunne spørje «Kva toneart er det i, Syd?» og Barrett svarte «Yeah» eller «Det er morosamt». Syd tillet ikkje musikarane å øve eller spele om att det dei hadde gjort, og insisterte på at dei høyrdest bra ut. Etter fleire månader med innspelingar no og då, vart albumet rekna som ferdig.
Plateomslaget syner Syd Barrett i stova si. Tittelen på albumet kjem frå ei tekstlinje i songen «Octopus».
«Octopus» vart gjeven ut som singel i november 1969 og sjølve albumet kom ut i januar 1970. Det nådde 40. plass i Storbritannia.[2] og vart forholdsvis godt motteken.[3]
Albumet kom ut tidleg i 1970-åra i lag med det andre albumet Barrett som eit dobbeltalbum.
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Terrapin» | 05:04 | |||||||
| 2. | «No Good Trying» | 03:26 | |||||||
| 3. | «Love You» | 02:30 | |||||||
| 4. | «No Man's Land» | 03:03 | |||||||
| 5. | «Dark Globe» | 02:02 | |||||||
| 6. | «Here I Go» | 03:11 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «Octopus» | 03:47 | |||||||
| 8. | «Golden Hair» (Barrett, Joyce) | 01:59 | |||||||
| 9. | «Long Gone» | 02:50 | |||||||
| 10. | «She Took a Long Cold Look» | 01:55 | |||||||
| 11. | «Feel» | 02:17 | |||||||
| 12. | «If It's in You» | 02:26 | |||||||
| 13. | «Late Night» | 03:10 | |||||||
- I 1993 vart The Madcap Laughs gjeven ut med fleire bonusspor.
Medverkande [endre]
- Syd Barrett - Gitar, vokal
- David Gilmour - Bass, 12-strengs akustisk gitar, trommer (på «Octopus»), produksjon
- Roger Waters - Bass, produksjon
- Jerry Shirley - Trommer
- John Wilson - Trommer
- Vic Saywell - Valthorn
- Robert Wyatt - Trommer på 2 og 3 (frå Soft Machine)
- Hugh Hopper - Bass på 2 og 3 (frå Soft Machine)
- Mike Ratledge - Keyboard på 2 og 3 (frå Soft Machine)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «The Madcap Laughs» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: