The Maid Freed from the Gallows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«The Maid Freed from the Gallows» er ein av mange namn på ein hundreår gammal folkesong om ei fordømd jomfru som bed nokon å kjøpe henne fri frå bøddelen. I samlinga balladar samla av Francis James Child, har han nummer Child Ballad nummer 95. Elleve variantar, nokre berre i fragment, er oppført som 95A til 95K.[1] Balladen har eksistert i mange variantar i forskjellige land, og er omskrive i mange format. Han vart spela inn i 1939 som «The Gallis Pole» av visesongaren Huddie «Leadbelly» Ledbetter, men den mest kjende versjonen er frå 1970 av av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som kalla han «Gallows Pole» på albumet Led Zeppelin III. Denne var basert på arrangementet til Fred Gerlach.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Songen har truleg på eit anna språk enn engelsk. Det finst om lag femti versjonar av songen i Finland,[2] der han er kjend som Lunastettava neito. Han heiter Den Bortsålda i Sverige og Die Losgekauftetysk. Ein litauisk versjon finst òg. Ein ungarsk versjon kalla «Feher Anna» vart samla inn av Béla Bartók i studiet hans The Hungarian Folk Song. Songen finst òg på nordsamisk under namnet Nieida Kajon sis, og er truleg basert på den finske versjonen[3].

Innspelte versjonar[endre | endre wikiteksten]

Leadbelly-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Den legendariske visesongaren Huddie «Lead Belly» Ledbetter, som òg populariserte songar som «Cotton Fields» og «Midnight Special» spelte først inn «The Gallis Pole» i 1930-åra. Lead Belly-utgåva vert spela på ein akustisk 12-strengsgitar.

Judy Collins og Bob Dylan[endre | endre wikiteksten]

Judy Collins spela songen «Anathea» i 1963, tilskriven Neil Roth og Lydia Wood. Han er tematisk lik den ungarske «Feher Anna», nemnd over. Han kom ut på det tredje albumet hennar tidleg i 1964. Folkealbumet til Dayle Stanley, A Child Of Hollow Times, frå om lag denne tida, inneheld ein versjon av songen («av gresk opphav») under namnet «Ana Thea». Bob Dylan spelte inn den tematiske like «Seven Curses» i 1963 under innspelinga av Freewheelin'. Songen fortel ei liknande soge, men frå synspunktet til ei fordømd dotter. Dylan-songen er òg spelt av mange andre artistar, mellom anna Nic Jones som 'Prickly Bush' på albumet Unearthed. Songen er òg spelt inn av Spiers & Boden.

Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

Gallows Pole
Song av Led Zeppelin
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai - august 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 4:56
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) trad. arr. Jimmy Page, Robert Plant
Produsent Jimmy Page

Det engelske rockebandet Led Zeppelin spelte inn songen for albumet Led Zeppelin III i 1970. Dette albumet markerte eit langt meir akustisk lydbilete for bandet, etter at Jimmy Page og Robert Plant reiste til hytta Bron-Yr-Aur i Wales for å skrive songar.[4] Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page tilpassa songen frå ein versjon av Fred Gerlach.[4] På albumet er han tilskriven som «Traditional: Arranged by Page and Plant».

«Gallows Pole» startar med ein enkel akustisk gitarrytme, før mandolin kjem inn og elektrisk bassgitar kort tid etter, så banjo og trommer. Instrumenteringa byggjer opp til eit crescendo, tempoet aukar ette kvart songen skrid fram. Page spelte banjo, 6- og 12-strengsgitar og elektrisk gitar (ein Gibson Les Paul), medan John Paul Jones speler mandolin og bass.[4]

Page sa at, på same vis som songen «Battle of Evermore» på fjerdealbumet, kom songen spontant då han starta å eksperimenterte med mandolinen til Jones, eit instrument han ikkje hadde spelt tidlegare.[5]

Led Zeppelin spela songen nokre få gonger på konsertar i 1971.[4] Led Zeppelin-utgåva av songen er unik, fordi trass i mutinga som bøddelen tek imot, så utfører han likevel avrettinga.

« Oh yes, you got a fine sister, she warmed my blood from cold,
She warmed my blood to boiling hot to keep you from the Gallows Pole,
Your brother brought me silver, and your sister warmed my soul,
But now I laugh and pull so hard to see you swinging on the Gallows Pole
 »

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Page and Plant spelte seinare ein versjon av songen for No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded i 1994. Dei gav han òg ut som singel. I 2005 spela Robert Plant og bandet hans Strange Sensation songen på fjernsynsserien Soundstage. Dette kom ut på DVDen Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation.

Songen er òg spela av andre artistar som Odetta, Great Big Sea, The Kingston Trio, Peter, Paul and Mary, Nic Jones, Almeda Riddle, Uriah Heep, the Pine Valley Cosmonauts, Alvin Youngblood Hart, Steeleye Span og The Merry Wives Of Windsor.

Namn[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til «The Maid Freed from the Gallows», «The Prickly Bush» og den nyare «Gallows Pole» er variantar av songen spelt inn under mange andre namn.[6] Av desse finn ein:

  • "The Gallis Pole"
  • "The Gallows Tree" (Bert Jansch)
  • "The Prickilie Bush"
  • "Hangman"
  • "Hangman, Slacken"[7]
  • "Hangman, Slack on the Line"[8]
  • "Gallows"
  • "Freed from the Gallows"
  • "Maid Saved"
  • "By a Lover Saved"
  • "Down by the Green Willow Tree"
  • "Girl to be Hanged for Stealing a Comb"
  • "Ropeman"
  • "Ropeman's Ballad"
  • "Prickle Holly Bush"
  • "Derry Gaol"
  • "Hold Your Hands, Old Man"[7]
  • "Old Rabbit, the Voodoo"
  • "The Briery Bush"[9]
  • "The Golden Ball"
  • "Mama, Did You Bring Any Silver?"
  • "Prickle-Eye Bush (Bellowhead og Spiers and Boden)
  • "The Sycamore Tree"[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Francis James Child, English and Scottish Popular Ballads, "The Maid Freed from the Gallows"
  2. A Peck Of Dirt - Mark Automaton.
  3. Anders Larsen, Mærrasámid birra/Om sjøsamene, s. 53 og 64, Tromsø Museum, Tromsø 1950.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  5. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page, Trouser Press, oktober 1977.
  6. Folk Music Index - M to Maid N.
  7. 7,0 7,1 Wolf Folklore Collection: Hangman, Slacken (The Maid Freed From the Gallows; Hold Your Hands, Old Man
  8. The Ballad of America, John Anthony Scott pages 207-208
  9. Lesley Nelson-Burns "The Briery Bush"
  10. The Ballad of America, John Anthony Scott pages.14-15

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av The Maid Freed from the Gallows ved Wikisource (en).