The Man and the Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Man and The Journey)

The Man og The Journey er namn på to albumlange musikksuitar framført på konsertar av Pink Floyd i 1969.[1] Dei bestod av tidlegare songar i lag med nye songar som kom ut på Music from the Film More og Ummagumma, samt nokre songar som ikkje vart gjevne ut.[1] Konsertane bestod òg av visuelle element som saging og bygginga av eit bord, og drikking av te på scenen.[1]

Konseptet vart første gong framført 14. april 1969 i Royal Festival Hall på eit show kalla The Massed Gadgets of Auximenes - More Furious Madness from Pink Floyd.[1] Ein forkorta versjon av showet vart innspelt 12. mai 1969 for Top Gear.[1] 17. september vart verket framført i Concertgebouw i Amsterdam, eit show som er mykje piratkopiert fordi det vart sendt på radiostasjonen VPRO.[1] Det vart vurdert å gje ut eit konsertalbum av The Man and the Journey, men dette vart skrinlagd då Ummagumma kom ut.

Bandmedlemmane har sjeldan referert til suitane i seinare intervju. Likevel kan kombinasjonen av kvadrofoniske lydeffektar, abstrakt programmusikk og gjentakande tema alle sporast tilbake til The Man og The Journey. Desse vart vidare utvikla av bandet i den mest kjende musikken hans.

I 2016 vart eit konsertopptak av of The Man and The Journey gjeve ut for første gongen i plateboksen The Early Years 1965-1972, på plata 1969: Dramatis/ation. Denne vart spelt inn i Amsterdam den 17. september 1969. «Teatime»-delen av konserten var ikkje med på plata, då denne berre bestod av at bandet vart servert te på scenen.

Setliste frå Amsterdam-konserten 1969[endre | endre wikiteksten]

Part I: The Man
Nr.TittelLengd
1.«Daybreak, Pt. I» («Grantchester Meadows» frå Ummagumma)8:09
2.«Work» (Perkusjon og vibrafon med musikalsk saging og hammarslag)3:50
3.«Teatime» (Pink Floyd vart severt te på scenen på dette tidspunktet. Denne er ikkje med i på Early Years-utgjevinga.) 
4.«Afternoon» («Biding My Time» frå Relics)5:15
5.«Doing It!» («The Grand Vizier's Garden Party (Entertainment)» [6:12 og framover], frå Ummagumma, eller på somme konsertar vart han erstatta av ein unik kombinasjon av «Up the Khyber» [frå More] og ein tidleg «Heart Beat Pig Meat» [frå Zabriskie Point])3:49
6.«Sleep» («Quicksilver», frå Music from the Film More)4:40
7.«Nightmare» («Cymbaline», frå More)8:57
8.«Daybreak, Pt. II» («Grantchester Meadows» instrumental reprise, med lydar av alarmklokke)1:13
Part II: The Journey
Nr.TittelLengd
1.«The Beginning» («Green Is the Colour», frå Music from the Film More)4:49
2.«Beset By Creatures of the Deep» («Careful with That Axe, Eugene»)6:18
3.«The Narrow Way» («The Narrow Way, Part 3», frå Ummagumma)5:09
4.«The Pink Jungle» («Pow R. Toc H.», frå The Piper at the Gates of Dawn, eller på somme konsertar ein unik instrumental, liknande «Nick's Boogie»)4:49
5.«The Labyrinths of Auximines» (Del av «Interstellar Overdrive», frå The Piper at the Gates of Dawn, eit riff som regel spelt i midten av låten, ikkje hovudriffet)6:34
6.«Behold the Temple of Light» (Eit par sekund av dette kan høyrast på Ummagumma like før «The Narrow Way, part 3», lang lengre her)5:28
7.«The End of the Beginning» («A Saucerful of Secrets, Pt. IV - Celestial Voices» [8:38 og framover], frå A Saucerful of Secrets)6:14

[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus,. ISBN 0-7119-4301-X.