The Man from Utopia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Man from Utopia
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 28. mars 1983
Innspelt oktober 1980 - oktober 1982
Sjanger Hardrock, progressiv rock, kunstrock, komedierock
Lengd 40:21
Selskap Barking Pumpkin
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch
(1982)
The Man from Utopia Baby Snakes
(1983)
Singlar frå The Man from Utopia
  1. «The Man from Utopia Meets Mary Lou»
    Utgjeve: 1983
  2. «Cocaine Decisions»
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

The Man from Utopia er eit musikkalbum frå 1983 av Frank Zappa. Albumet er kalla opp etter ein song frå 1950-åra, skriven av Donald og Doris Woods, som Zappa spelar som ein del av «The Man from Utopia Meets Mary Lou».[2]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

«The Dangerous Kitchen», «Moggio» og «The Jazz Discharge Party Hats» vart alle førebudd for eit anna Zappa-album, Chalk Pie, som vart skrinlagd etter at piratkopiar av albumet kom ut på marknaden.

Plateomslaget vart laga av RanXerox-artisten Tanino Liberatore. Det syner Zappa på scenen som prøver å ta livet av mygg. Dette syner til ein konsert bandet heldt i Italia i 1982, då ein myggsverm gjekk til åtak på bandet under konserten.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Opningssporet «Cocaine Decisions» er eit åtak på doppåverka forretningsmenn framført med eit ironisk muntert munnspel. «The Dangerous Kitchen» er ein satire om skitne, rotete kjøken, særleg Zappa sitt eige kjøken. «Stick Together» er eit lidenskapleg åtak på alle unionar generelt, men særleg dei dei kontrollert av organisert kriminalitet. «The Radio Is Broken» er ein satire over 50-tals sci-fi B-filmar. «SEX» er ein direkte, brutal song som hyllar temaet i songen. «Mary Lou/Man From Utopia»-medleyen er ein doo-wop-song.

På «Kitchen» og «The Jazz Discharge Party Hats» fekk Zappa gitariten Steve Vai til å legge gitar oppå det same som Zappa song, perfekt for kvart ord og staving. Vai rekna dette som det vanskelegaste han nokon gong hadde gjort som musikar. Det kravde mellom anna at han måtte stemme gitarstrengane fleire gonger for å matche dei forskjellige tonehøgdene i stemma til Zappa. Denne uniken overdubbinga var noko Zappa berre gjorde denne eine gongen. Komponisten Peter Eötvös sa i eit intervju:[3]

«Dangerous Kitchen», frå albumet «The Man From Utopia», voks til å bli eit grunnleggande stykke for meg, særleg i seinare år, etter at eg byrja å arbeide med operaer. Teknikken han nyttar, og særleg på denne songen, er særs interessant: Han er halvvegs sungen, halvvegs talt, ikkje ulikt Sprechgesang, men det som gjer det interessant er at han akkompagnert med ein instrumental solo. Eg vart overraska over å finne ut at gitaren vart spelt inn separat. Det verkar å vere så synkront. Eg var overtydd om at Zappa hadde sunge og spelt dette samstundes. Uansett er sjølve teknikken, ideen om «det syngande instrumentet»frå «Dangerous Kitchen».

Det originale albumet avslutta med ein instrumental på kvar side: «Moggio» og «We Are Not Alone» med Marty Crystal på barytonsaksofon. Ein tredje instrumental, «Tink Walks Amok», har fått namnet siett frå kallenamnet til Arthur Barrow (Tink), og eit uttrykk (walking amok) for det 'robotar ute av kontroll' gjorde i gamle sci-fi-filmar.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut på vinyl i 1983. Ei uautorisert CD-utgåve (med unntak av ein remiksa «Moggio») vart gjeven ut av EMI i Storbritannia i 1986. Albumet vart gjeve ut på ny på CD i 1993 av Barking Pumpkin. Seint i 1995 kom ein identisk versjon på Rykodisc.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Cocaine Decisions»2:56
2.«The Dangerous Kitchen»2:51
3.«Tink Walks Amok»3:40
4.«The Radio is Broken»5:52
5.«Moggio»3:05
Side to
Nr.TittelLengd
6.«The Man From Utopia Meets Mary Lou» (Donald and Doris Woods, Obie Jessie)3:19
7.«Stick Together»3:50
8.«SEX»3:00
9.«The Jazz Discharge Party Hats»4:30
10.«We Are Not Alone»3:31
Nyutgjeving
Nr.TittelLengd
1.«Cocaine Decisions»3:53
2.«SEX»3:44
3.«Tink Walks Amok»3:39
4.«The Radio is Broken»5:51
5.«We Are Not Alone»3:18
6.«The Dangerous Kitchen»2:51
7.«The Man from Utopia Meets Mary Lou»3:22
8.«Stick Together»3:14
9.«The Jazz Discharge Party Hats»4:29
10.«Luigi & the Wise Guys» (bonusspor)3:25
11.«Moggio»2:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1983 Pop Albums 153[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]