The Minch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Hebridane som viser the Minch
Little Minch, utsyn mot Loch na Madadh

The Minch (skotsk-gælisk An Cuan Sgìth, Cuan na Hearadh, An Cuan Leòdhasach), òg kalla The North Minch, er eit sund nordvest i Skottland, mellom det nordvestlege Highlands og dei nordlege Indre Hebridane frå Lewis og Harris i Ytre Hebridane. Han vart kalla «Skotlandsfjörð» («Skottlandsfjorden») på norrønt.[1]

The Lower Minch (an Cuan Canach), òg kalla The Little Minch, ligg i sør og skil Skye frå dei sørlege Ytre Hebridane, mellom andre North Uist, Benbecula, South Uist, Barra. Sundet endar ut i Hebridesjøen. The Minch og Hebridesjøen utgjer saman med havstykket som går ned til Irland Det indre farvatnet (Inner Seas) langs vestkysten av Skottland.[2]

The Minch er mellom 30 til 70 km brei og om lag 110 km lang. Ein trur at sundet er eit resultat av den største meteoritten som nokon gong har treft Dei britiske øyane.[3] The Lower Minch er om lag 25 km brei.

Minch Project er eit samarbeid mellom Comhairle nan Eilean Siar, Highland-rådet og den skotske naturarva for å redusere forureining, minimere erosjon og søppel og fremme turisme — særleg villmarksturisme som delfinsafari — i the Minch. Forureining er til særleg uro sidan sundet er ei travel skipslei — 2,5 millionar tonn med skip passerer sundet kvar månad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
  2. IHO Spec. Pub. S-23 (3rd ed, 1953), Limits of Oceans and Seas, #18; also Draft 4th ed., 1986
  3. 'Biggest UK space impact found', BBC News.

Koordinatar: 58° N 6° W