The Mix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå The Mix av Kraftwerk)
The Mix
Remixalbum av Kraftwerk
Språk tysk
Utgjeve Juni 1991
Innspelt 1990–1991
Sjanger Elektronisk
Lengd 65:15
Selskap Kling Klang
EMI
Elektra
Produsent Ralf Hütter
Florian Schneider
Fritz Hilpert
Kraftwerk-kronologi 
Electric Café
(1986)
The Mix Tour de France Soundtracks
(2003)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Drowned In Sound(5/10)[2]
Mojo3/5 stars[3]
Robert Christgau(3/3 stars honorable mention)(3/3 stars honorable mention)(3/3 stars honorable mention)[4]
Uncut4/5 stars[5]

The Mix er eit remixalbum av Kraftwerk frå 1991. Det inneheld nyinnspelte versjonar av eit utval av songane deira som opphavleg vart gjevne ut på albuma frå Autobahn til Electric Café. Hütter sa i intervju at han rekna The Mix som eit slags konsertalbum, sidan det fanga resultat av stadige digitale improvisasjonar frå bandet i studioet deira Kling Klang. Bandet tok til scenen igjen i 1990, etter ein ni år lang pause frå turnélivet. Dei fleste av songane i setlista deira hadde vorte kraftig omarrangert og likna songane på dette albumet.

Bandet har forklart at dei ikkje ønskte å gje ut eit vanleg samlealbum. Samstundes var dei i ferd med å byggje om studioet sitt frå analogt til ditigtalt, der dei lagra dei originale lydbanda på datamaskinar. Sidan bandet ikkje hadde spelt inn nye songar før dei skulle ut på turné, så ønskte ikkje Ralf Hütter at Kraftwerk skulle høyrast utdatert ut.

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut. Mange var skuffa over at dei ikkje hadde skrive nye songar, og produksjonen av dei nyinnspelte songane var heller ikkje særleg nyskapande, noko Kraftwerk tidlegare hadde vore kjend for. The Mix vart skapt fullstendig digitalt, men på ei tid då teknologien for dette enno ikkje var heilt ferdigutvikla, så lyttarane fann mange av songane noko sterile samanlikna med dei analoge elektroniske instrumenta dei nytta på dei tidlegare versjonane.

Ei nymastra utgåve av albumet kom ut på EMI Records, Mute Records og Astralwerks Records hausten 2009.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Engelsk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Robots»Hütter, Schneider & Bartos8:56
2.«Computerlove»Hütter, Bartos & Schult6:35
3.«Pocket Calculator»Hütter, Bartos & Schult4:32
4.«Dentaku»Hütter, Bartos & Schult3:27
5.«Autobahn»Hütter, Schneider & Schult9:27
6.«Radioactivity»Hütter, Schneider & Schult6:53
7.«Trans-Europe Express»Hütter & Schult3:20
8.«Abzug»Hütter2:18
9.«Metal on Metal»Hütter4:58
10.«Homecomputer»Hütter & Bartos8:02
11.«Music Non Stop»Hütter, Schneider & Bartos6:38
  • «Homecomputer» inneheld òg element frå «It's More Fun to Compute»
  • «Musique Non Stop» inneheld òg element frå «Boing Boom Tschak»

Tysk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Die Roboter»8:56
2.«Computerliebe»6:35
3.«Taschenrechner»4:32
4.«Dentaku»3:27
5.«Autobahn»9:27
6.«Radioaktivität»6:53
7.«Trans Europa Express»3:20
8.«Abzug»2:18
9.«Metall auf Metall»4:58
10.«Heimcomputer»8:02
11.«Musik Non-Stop»6:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Ralf Hütter – stemme, vocoder, synclavier
  • Florian Schneider – vocoder, talesynthesizer
  • Fritz Hilpert – miksing

[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henderson, Alex (2011 [last update]). «The Mix – Kraftwerk | AllMusic». allmusic. Henta 24. mars 2013. 
  2. Power, Chris (2011 [last update]). «Kraftwerk – The Mix: Remastered / Releases / Releases // Drowned In Sound». drownedinsound.com. Arkivert frå originalen 28. mars 2019. Henta 24. mars 2013. 
  3. Snow, Mat (November, 2009). «Gut Vibrations». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  4. Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: Kraftwerk». robertchristgau.com. Henta 24. mars 2013. 
  5. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk – Reissues». Uncut. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. Henta 22 October 2009. 
  6. (2009) Plateomslagstekst for The Mix (Digital Remaster) av Kraftwerk [CD]. Great Britain: Mute Records (CDSTUMM309).