The Moviegoer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Moviegoer
Studioalbum av Scott Walker
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1972[1]
Innspelt Hausten 1972
Sjanger Easy Listening, pop
Lengd 38:00
Selskap Philips
Contour (1975)
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi 
'Til the Band Comes In
(1970)
The Moviegoer Any Day Now
(1973)


The Moviegoer er det sjuande studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut i oktober 1972, men selde dårleg. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet, men «This Way Mary» vart seinare gjeve ut som B-sida til singelen «The Me I Never Knew» i 1973. Albumet består utelukkande av songar frå filmar tidlegare spelt inn av andre artistar.

Albumet var det første av seks studioalbum der Walker ikkje skreiv nokre av songane. Walker mista den kreative kontrollen over musikken sin etter at dei to førre albuma Scott 4 og 'Til the Band Comes In selde dårleg, og Walker vart bede om å spele inn eit «harmlast, venleg album som lett kunne marknadsførar og seljast».[2] Walker fekk likevel velje ut songane til albumet og henta dei frå favorittfilmane sine.[3]

Albumet vart raskt sett saman hausten 1972 med dei vanlege studiomusikarane til Walker, som bestod av produsenten Johnny Franz og lydteknikaren Peter J. Olliff. Nytt for dette albumet var at Robert Cornford vart henta inn til å gjere orkesterarrangementa. Trass i at ein prøvde å gjere albumet meir kommersielt fekk det dårleg kritikk då det kom ut i oktober 1972. Albumet vart gjeve ut på ny i 1974 på Contour med nytt plateomslaget. Albumet har sidan blitt sletta og ikkje gjeve ut på nytt. Ein trur det kjem av at Walker var misnøgd med albumet. Dei fleste av songane er likevel gjevne ut på samleplatene 5 Easy Pieces (2003) og Classics & Collectibles (2005). «Glory Road», «The Summer Knows» og «The Ballad of Sacco and Vanzetti» finst på 5 Easy Pieces (2003), medan «Loss Of Love», «Come Saturday Morning», «That Night», «This Way Mary», «A Face In The Crowd», «Speak Softly Love», «Easy Come Easy Go» finst på samlinga Classics & Collectibles. Berre «Joe Hill» og «All His Children» er ikkje gjeve ut på ny.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[4]

Som dei fleste albuma til Walker i 1970-åra, fekk The Moviegoer dårleg kritikk då det kom, men kritikken har blitt mildare med åra. I Walker-biografien A Deep Shade of Blue, tilrådar Mike Watkinson og Pete Anderson albumet berre til dei største tilhengjarane av Scott Walker,[3] men omtalar «The Ballad of Sacco and Vanzetti» som det utvilsame høgdepunktet med ei Spaghetti Western-kjensle som minna om «The Seventh Seal» frå Scott 4.[3]

Stephen Thomas Erlewine skriv på Allmusic om The Moviegoer at det var «harmlaus pop levert utan at Scott hadde lagt sjela si i det».[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«This Way Mary» (Tema frå Mary, Queen of Scots)John Barry, Don Black2:30
2.«Speak Softly Love» (Kjærleikstema frå Gudfaren)Nino Rota3:50
3.«Glory Road» (Tema frå W.U.S.A.)Neil Diamond3:32
4.«That Night» (Tema frå The Fox)Lalo Schifrin, Norman Gimbel2:50
5.«The Summer Knows» (Tema frå Summer of '42)Michel Legrand, Alan Bergman, Marilyn Bergman3:30
6.«The Ballad of Sacco and Vanzetti (Here's to You)» (Tema frå Sacco and Vanzetti)Joan Baez, Ennio Morricone3:32
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«A Face in the Crowd» (Tema frå Le Mans)Bergman, Michel Legrand3:22
8.«Joe Hill» (Tema frå The Ballad of Joe Hill)Stefan Grossman2:22
9.«Loss Of Love» (Tema frå Sunflower)Henry Mancini, Bob Merrill3:07
10.«All His Children» (Tema frå Never Give an Inch)Henry Mancini, Alan Bergman, Marilyn Bergman2:51
11.«Come Saturday Morning» (Tema frå Pookie)Fred Karlin, Dory Previn3:34
12.«Easy Come Easy Go» (Tema frå They Shoot Horses, Don't They?)Johnny Green, Edward Heyman3:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Watkinson, Mike; Anderson, Pete (1994). Scott Walker - A Deep Shade Of Blue (1st utg.). London: Virgin Books. s. 168. ISBN 1 85227 482 4. 
  2. Reynolds, Anthony (2009). The Impossible Dream (1st utg.). London: Jawbone Books. s. 258. ISBN 978-1-906002-25-1. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Watkinson, Mike; Anderson, Pete (1994). Scott Walker - A Deep Shade Of Blue (1st utg.). London: Virgin Books. s. 168. ISBN 1 85227 482 4. 
  4. 4,0 4,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Review: The Moviegoer - Scott Walker». Allmusic. Henta 22. juni 2010.