The Partridge Family

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Partridge Family
Typefjernsynsserie
SjangerMusikalsk komedie
OpphavslandUSA
ProduksjonslandUSA
Introduksjonsår1970
Sesongar4
Episodar96
Lengd25 minutt
SpråkEngelsk
SkaparBernard Slade
ProdusentWilliam Bickley
Paul Junger Witt
Dale MacRaven
Larry Rosen
Mel Swope
ProduksjonsleiarBob Claver
FotoFred Jackman, Jr.
Irving Lippman
MedverkandeShirley Jones
David Cassidy
Susan Dey
Danny Bonaduce
Suzanne Crough
Jeremy Gelbwaks
Dave Madden
Brian Forster
Periode25. september 1970–
23. mars 1974
KanalABC
Biletformat480i (SDTV)
LydformatMono

The Partridge Family er ein amerikansk situasjonskomedie-serie om ei mor som var blitt enke og dei fem borna hennar. Saman startar dei ein musikalsk karriere. Serien gjekk frå 25. september 1970 til 23. mars 1974 på ABC.

Mora, Shirley Partridge vart spelt av Shirley Jones. Familien reiser kring i ein gammal skulebuss og heldt konsertar.

Musikken i serien vart produsert av Wes Farrell, og vart spelt av ei gruppe innleigde studiomusikarar, og dei fleste av skodespelarane mimar til musikken, utanom David Cassidy, som song sjølv, i lag med Shirley Jones. Cassidy vart eit tenåringsidol og byrja å turnere med ei gruppe som spelte både Partridge-songar og songar frå sine eigne album til tusenvis av skrikande tenåringsjenter på store stadion i Amerika, Europa, Japan og Australia.

Den største hitten til The Partridge Family kom i 1970 med songen «I Think I Love You», skriven av Tony Romeo. Songen gjekk heilt til topps på Billboard-lista i USA og selde over fem millionar eksemplar. Songen kom ut på albumet The Partridge Family Album, som nådde fjerdeplassen på Billboard 200. Ei rekkje Partridge-singlar følgde: «Doesn't Somebody Want to Be Wanted», «I'll Meet You Halfway», «I Woke Up In Love This Morning», «It's One of Those Nights (Yes Love)», «Am I Losing You», «Looking Through The Eyes Of Love», «Breaking Up Is Hard to Do» og «A Friend and a Lover».[1] Desse singlane vart gjevne ut på millionseljande album som Up To Date, Sound Magazine, Shopping Bag, Notebook, Crossword Puzzle og Bulletin Board.[2] Julealbumet deira A Partridge Family Christmas Card var det mestseljande julealbumet i 1971. I alt gav The Partridge Family ut 89 songar på ni album mellom 1970 og 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]