The Pros and Cons of Hitch Hiking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Pros and Cons of Hitch Hiking
Studioalbum av Roger Waters
Utgjeve Mai 1984
Innspelt Februar-desember 1983
Sjanger Progressiv rock, rock
Lengd 42:07
Selskap Harvest Records (Europa)
Columbia Records (USA)
Produsent Roger Waters, Michael Kamen
Kritikk
Roger Waters-kronologi
Music from «The Body»
(1970)
The Pros and Cons of Hitch Hiking When the Wind Blows
(1986)

The Pros and Cons of Hitchhiking er eit konseptalbum og det første soloalbumet til den britiske musikaren Roger Waters frå 1984.

Soge[endre | endre wikiteksten]

I 1979 hadde Roger Waters to sett med demoar som han spelte for bandkollegaane i Pink Floyd. Den eine demoen var for dette albumet, medan den andre demoen var for The Wall, og dei andre skulle få velje kva for eit konsept dei likte best. Alle syns derimot at Pros and Cons vart for personleg, og dei valde The Wall. Fleire songar på Pros and Cons inneheld melodilinjer her og der som ein kan kjenne igjen frå både The Wall og The Final Cut som kom året før, men det er uklart kva melodiar som kom frå kva konsept (bortsett frå «In the Flesh», som ikkje var på den originale Wall-demoen, men vart utvikla frå ei melodilinje på Pros and Cons).

Konseptet til albumet er ein medvitsstraumsforteljing, som skildrar draumane til ein mann i faktisk tid mellom klokka 04:30 og 05:11 om morgonen. Draumane inkluderer tema som midtlivskriser og utruskap mot kona. På eit punkt i soga trur hovudpersonen at han har vakna frå marerittet, men skjønar at det berre er enno ein dram.

Fleire kjende personar hjelpte Waters på albumet, mellom anna dirigenten Michael Kamen, skodespelaren Jack Palance, saksofonisten David Sanborn og den legendariske gitaristen Eric Clapton.

Plateomslaget førte til kontrovers i USA fordi bilete viste den nakne rumpa til modellen Linzi Drew, og vart gjeve ut i ei sensurert utgåve der.

I april 1995 fekk Waters gullplate for albumet i USA, som vil sei at det hadde seld ein million eksemplar.

Turnéen[endre | endre wikiteksten]

I 1984 reiste Waters ut på turné for å marknadsføre albumet i lag med Eric Clapton i Nord-Amerika. Den første delen av konsertane innehaldt songar av Pink Floyd, og den andre halvdelen bestod av heile albumet. For konsertane i 1985 tok Jay Stapley over for Eric Clapton på gitar. Gerald Scarfe laga grafikk og animasjon for albumet og turnéen som følgde. Scarfe teikna karikaturar av alle bandmedlemmane i turnéprogrammet, og karikaturen av Waters såg ut til å ha ein lang snute, som ein hund. Scarfe vart inspirert av dette og laga bilete av ein hund kalla «Reg», som vart hovudrolla i soga og sceneanimasjonane som var vist på ein skjerm bak bandet under konsertane.

Waters spelte songen «5.06 A.M. (Every Strangers' Eyes)» på In the Flesh-turnéen sin i 1999-2002.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters

# Tittel Lengd
1. «4:30 AM (Apparently They Were Travelling Abroad)»   3:12
2. «4:33 AM (Running Shoes)»   4:08
3. «4:37 AM (Arabs with Knives and West German Skies)»   2:17
4. «4:39 AM (For the First Time Today, Part 2)»   2:02
5. «4:41 AM (Sexual Revolution)»   4:49
6. «4:47 AM (The Remains of Our Love)»   3:09

Side to[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «4:50 AM (Go Fishing)»   6:59
2. «4:56 AM (For the First Time Today, Part 1)»   1:38
3. «4:58 AM (Dunroamin, Duncarin, Dunlivin)»   3:03
4. «5:01 AM (The Pros and Cons of Hitch Hiking, Part 10)»   4:36
5. «5:06 AM (Every Stranger's Eyes)»   4:48
6. «5:11 AM (The Moment of Clarity)»   1:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Byrjinga av spor 6, «Go Fishing», inneheld Waters som les frå kapittel 6 av Ole Brum for barnet til hovudrolla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters
Diskografi
Studioalbum: The Pros and Cons of Hitch Hiking | Radio KAOS | Amused to Death | Ça Ira
Filmmusikk: Music from «The Body» | When the Wind Blows
Konsertalbum: The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live
Samleplater: Flickering Flame
Video og DVD
Pink Floyd The Wall | The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live | The Making of The Dark Side of the Moon
Relaterte artiklar
Pink Floyd | David Gilmour | Alan Parker | Gerald Scarfe | Ron Geesin | The Final Cut | The Wall