The Rhythm of the Saints

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Rhythm of the Saints
Studioalbum av Paul Simon
Utgjeve 16. oktober 1990
Innspelt desember 1989 - juni 1990
Sjanger Rock
verdsmusikk
Lengd 44:34
Selskap Warner Bros.
Produsent Paul Simon
Kritikk
Paul Simon-kronologi
Negotiations and Love Songs
(1988)
The Rhythm of the Saints Paul Simon's Concert in the Park, 15th August 1991
(1991)

The Rhythm of the Saints er det åttande albumet til Paul Simon og det kom ut i 1990.

Etter suksessen med Graceland i 1986, der han hovudsakleg arbeidde med sørafrikanske musikarar, utvida Simon interessa si for verdsmusikk. Han reiste til Latin-Amerika for å hente musikarar og rytmar der, og slo seg saman med dei afro-brasilianske superstjernene Grupo Cultural Olodum, som var meistrar innan den særs perkusjonstunge understilen av samba kalla batuque eller batucada. Ein kan høyre tromminga til gruppa på opningssongen og den første singelen frå plata, «The Obvious Child». Den brasilianske låtskrivaren Milton Nascimento var med og skreiv «Spirit Voices» og medverka med noko vokal. Andre gjesteartistar var mandolin- og gitarra baiana-meisteren Armandinho, den afrokubanske trommisen Francisco Aguabella og den puertoricanske trommeslagaren Giovanni Hidalgo. Ein annan musikar var jazzperkusjonisten og berimbau-meisteren Naná Vasconcelos. Jazzgitaristen Rafael Rabelo spelte òg på albumet i lag med mange andre brasilianske musikarar.

Musikkstilen på The Rhythm of the Saints er derimot ikkje berre brasiliansk. Den amerikanske saksofonisten Michael Brecker og andre amerikanarar spelar blåsarar på plata, samt den amerikanske gitaristen J. J. Cale, keyboardisten Greg Phillinganes og jazztrommisen Steve Gadd. I tillegg til latinske rytmar finn ein òg vestafrikansk- og sentralafrikansk musikk.

Albumet har fleire impresjonistiske tekstar, mellom anna om Tsjernobylulukka og verdsstatusen.

The Rhythm of the Saints nådde fjerdeplassen i USA og vart nok eit suksessrikt album for Simon. I Storbritannia gjekk albumet heilt til topps. Ingen av singlane gjorde det særleg bra. 15. august 1991 heldt Paul Simon ein gratiskonsert i Central Park med over 750 000 menneske i publikum.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon. 

# Tittel Lengd
1. «The Obvious Child»    
2. «Can't Run But»    
3. «The Coast» (Simon, Vincent Nguini)  
4. «Proof»    
5. «Further to Fly»    
6. «She Moves On»    
7. «Born at the Right Time»    
8. «The Cool, Cool River»    
9. «Spirit Voices» (Simon, Milton Nascimento)  
10. «The Rhythm of the Saints»    

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Paul Simon - vokal, gitar
  • Clifton Chenier - trekkspel
  • Ladysmith Black Mambazo - korvokal
  • Milton Nascimento - vokal
  • Naná Vasconcelos - perkusjon, conga, triangel, berimbau, gourd
  • Adrian Belew - synthesizer
  • J.J. Cale - gitar
  • Rigo Star - gitar
  • Michael Brecker - saksofon
  • Hugh Masekela - valthorn
  • Giovanni Hidalgo - conga
  • Kim Wilson - munnspel, olodum
  • Clifton Anderson - trombone
  • Francisco Aguabella - conga
  • Artur Andres - perkusjon
  • Mingo Araujo - perkusjon, kastanjettar, conga, cymbalar, trommer, triangel, shaker, afrikanske bjøller, go-bjølle, casinette
  • Isaak Asante - perkusjon
  • Martin Atangana - elektrisk gitar
  • Dave Bargeron - eufonium, horn
  • Karen Bernod - korvokal
  • Jude Bethel - tenorsaksofon
  • Jacques Bolognesi - trombone
  • Randy Brecker - piccolotrompet
  • Briz - korvokal
  • Anthony Carrillo - bongotrommer
  • Elolongue Mbango Catherine - korvokal
  • Don Chacal - bongotrommer, conga, bata, gourd
  • C.J. Chenier - trekkspel
  • Wilson DasNeves - perkusjon, cowbell
  • Djana'd - korvokal
  • Charles Doherty - tenor & alt saksofon
  • Steve Gadd - trommer
  • Florence Gnimagnon - korvokal
  • Myrna Lynn Gomila - korvokal
  • Gordinho - sordu
  • Grupo Cultural - trommer
  • Alain Hatot - saksofon
  • Errol Ince - trompet
  • Kia Jeffries - korvokal
  • Remi Kabaka - perkusjon
  • Bakithi Khumalo - bass
  • Armand Sabal-Lecco - bass
  • Charlotte M'bango - korvokal
  • Andre Manga - bass
  • Mazzola - perkusjon, chicote
  • Jimmy McDonald - trekkspel
  • Clyde Mitchell - trompet
  • Madeleine Yayodele Nelson - chekere, bass
  • Vincent Nguini - bass, gitar, clavinet
  • Greg Phillinganes - synthesizer
  • Ray Phiri - gitar
  • Raphael Rabello - gitar
  • Decio Ramos - trommer
  • Felix Sabal-Lecco - trommer
  • Paul Santos - perkusjon
  • Paulo Sérgio Santos - chicote
  • George Seba - elektrisk gitar
  • Phillipe Slominski - trompet
  • Pedro Sorongo - perkusjon, scraper
  • Justin Tchounou - synthesizer
  • Remy Kabocka - trommer
  • Beloba - perkusjon
  • Marçalzinho - perkusjon
  • Armandinho - gitar
  • Canegal - perkusjon
  • Asante - trommer
  • Sidinho Moreira - bongotrommer, conga, trommer, flaske, vassbolle
  • Yo Yo De La Nelson - chakeire
  • Jorge Ferreira da Silva - perkusjon
  • Kofi Electrik - gitar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]