The Right Honourable

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

The Right Honourable (som vert avstutta til The Rt. Hon.), er ein tittel som det er tradisjon for å nytte i Storbritannia, Canada, Australia, New Zealand og andre land innanfor Det britiske samveldet i samband med brev og dokument som har med visse grupper av personar eller stillingar å gjere. Til dømes gjeld dette dei personane som er medlemmar av det britiske statsrådet (Privy Council), eller dei som er baronar, viscountar og jarlar eller deira hustruer. Men skotske baronar og lairds skal tiltalast med The Much Honoured.

Marquesser er The Most Honourable og hertugar er The Most Noble eller His Grace. Vert desse personane medlemmar av Privy Council, skal dei framleis kunne sole seg i glansen frå desse langt finare tiltaleformane. Mange av dei adelege medlemmane av Privy Council kan i somme høve få bokstavane PC etter namnet for å skilje dei ut frå dei ikkje-adelege medlemmane.

I somme høve fylgjer tittelen The Right Honourable sjølve stillinga eller embetet, ikkje personen. Dette gjeld til dømes borgarmeistrane i London, Cardiff, Belfast og York, og i Melbourne, Sydney, Perth, Adelaide, Brisbane og Hobart i Australia; borgarmeisteren i London er soleis Rt. Hon. Lord Mayor of London. Embeta eller stillingane som generalguvernør, statsminister og parlamentsformann på New Zealand og generalguvernør, statsminister og justisminister i Canada er òg mellom dei utvalde embeta og stillingane som det er knytt slik ærestittel til.