The Robots

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Robots
Singel av Kraftwerk
frå albumet Die Mensch-Maschine
A-side «Die Roboter» (tysk tittel)
B-side «Spacelab»
Utgjeve 1978
Sjanger Elektronisk
Lengd 4:20 (singel)
3:42 (britisk singel)
6:11 (album)
Selskap Kling Klang (EMI) 1C-006-32941 (Ger)
Capitol CL15981 (UK)
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi
«Showroom Dummies»
(1977)
The Robots «Neon Lights»
(1978)

«The Robots» (tysk Die Roboter) er ein song av det tyske electronicabandet Kraftwerk som kom ut på singel i 1978. Både singelen og B-sida, «Spacelab», kom ut på det sjuande studioalbumet deira, Die Mensch-Maschine. Begge songane på singelutgåva var korta ned.[1]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten referer til dei nyskpanande teknikkane innan robotteknologi, og korleis menneske kan nytte desse slik dei måtte ønskje. Dei russiske linjene «Я твой слуга» (Ja tvoi sluga, Eg er tenaren din) og «Я твой работник» (Ja tvoi rabotnik, Eg er arbeidaren din) (skrive på baksida av plateomsalget) vert repetert i introduksjonen og i mellomspelet. Hovudteksten («We're charging our batteries and now we're full of energy...») vert «sungen» gjennom ein vocoder. Wolfgang Flür, eit medlem av Kraftwerk på den tida, skreiv seinare Ich war ein Roboter (I Was a Robotengelsk), som refererte til «The Robots».[2]

Konsertframføringar[endre | endre wikiteksten]

Når songen vert framført på konsertane deira, så vert bandet som regel erstatta av robotar som liknar på bandmedlemmane.[3]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Tyskland 18
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 39

«The Robots» (1991 Remix)[endre | endre wikiteksten]

The Robots
Singel av Kraftwerk
frå albumet The Mix
B-side «Robotnik/Robotronik»
Utgjeve Mai 1991
Sjanger Elektronisk
Lengd 3:47 (singel)
8:58 (albumversjon)
Låtskrivar(ar) Ralf Hütter, Florian Schneider, Karl Bartos
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi
«The Telephone Call»
(1987)
The Robots «Radioactivity (1991 nyutgjeving)»
(1991)

I 1991 vart ein remix av songen gjeve ut som singel frå remixalbumet The Mix.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering
Irland 26
UK Singles Chart 20
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 42
U.S. Billboard Hot Dance Singles Sales 42

Kjelder[endre | endre wikiteksten]