The Rolling Stones, Now!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Rolling Stones, Now!
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 13. februar 1965 i USA
Innspelt 10. juni–8. november 1964
bortsett frå «Mona (I Need You Baby)»: 3.-4. januar 1964
Sjanger Rock, blues-rock
Lengd 35:58
Selskap London
Produsent Andrew Loog Oldham
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
The Rolling Stones No. 2
(1965 UK)
12 X 5
(1964 US)
The Rolling Stones, Now! Out of Our Heads
(1965)

The Rolling Stones, Now! er det tredje amerikanske albumet av The Rolling Stones og kom ut i 1965 på det amerikanske plateselskapet deira London Records.

Albumet inneheld sju spor frå det andre britiske albumet deira, The Rolling Stones No. 2 og nokre songar som kom på det neste britiske Stones-albumet, Out of Our Heads seinare i 1965. «Little Red Rooster» hadde nyleg nådd førsteplassen på den britiske singellista og «Surprise, Surprise» kom ikkje på eit britisk Rolling Stones-album før 1989. Fire av songane på The Rolling Stones, Now! var skriven av Mick Jagger og Keith Richards.

The Rolling Stones, Now! vert generelt rekna som eit sterkt album og det beste av dei tidlege amerikanske platene. Då det kom ut i februar 1965 nådde det femteplassen i USA og selde til gull. I 2003 vart albumet rangert på 181. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Everybody Needs Somebody to Love» (Solomon Burke/Jerry Wexler/Bert Russell) 2:58
2. «Down Home Girl» (Jerry Leiber/Arthur Butler) 4:12
3. «You Can’t Catch Me» (Chuck Berry) 3:39
4. «Heart of Stone» (Mick Jagger/Keith Richards) 2:49
5. «What a Shame» (Mick Jagger/Keith Richards) 3:03
6. «Mona (I Need You Baby)» (Ellas McDaniel) 3:35
Side to
# Tittel Lengd
7. «Down the Road Apiece» (Don Raye) 2:55
8. «Off the Hook» (Mick Jagger/Keith Richards) 2:34
9. «Pain in My Heart» (Naomi Neville) 2:12
10. «Oh Baby (We Got a Good Thing Goin’)» (Barbara Lynn Ozen) 2:08
11. «Little Red Rooster» (Willie Dixon) 3:05
12. «Surprise, Surprise» (Mick Jagger/Keith Richards) 2:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 181) The Rolling Stones, Now! : Rolling Stone