The Rolling Stones Rock and Roll Circus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Rolling Stones Rock and Roll Circus henta inspirasjon frå sirkus.

The Rolling Stones Rock and Roll Circus er ein konsertfilm initiert og organisert av The Rolling Stones. Filmen blei til under to spelesesjonar den 11. og 12. desember 1968. Opptaka som filmen er sett saman av blei gjort på eit filmsett rigga til som ein sirkusarena. Saman med Rolling Stones, med støtte av Nicky Hopkins på piano, tok artistqr som The Who, Taj Mahal med Jesse Ed Davis, Marianne Faithfull, Jethro Tull og The Dirty Mac del i konserten. The Dirty Mac var ei supergruppe sett saman av John Lennon, Eric Clapton, Mitch Mitchell, Keith Richards og Yoko Ono.

Opptaka blei gjort i Intertel (V.T.R. Services) Studio i Wycombe Road i Wembley for eit spesielt invitert publikum. Dei byrja klokka 14.00 den 11. desember og varte til 5-tida neste morgon. Filminga tok lengre enn planlagd fordi fleire kamera slutta å verka og det tok lengre tid enn venta å gjera klar mellom opptredenane.

Mick Jagger, utkledd som sirkusdirektør, var drivkraft for konserten, og heldt artistar og publikum gåande fram til opptaka var ferdige. The Rolling Stones var likevel lite nøgde med sin opptreden, og filmen blei ikkje gjeven ut. Konserten var den siste då Brian Jones opptredde saman med gruppa.

Store delar av The Who-opptredenen var del av dokumentaren The Kids Are Alright (1979), men elles var opptaket rekna som tapt fram til ein fann det i ein søppeldunk i ein kjellar i 1989. Filmen blei restaurert og endeleg gjeven ut på CD og video i 1996. I 2004 kom ein remastra DVD med Dolby Surround-lyd ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med film å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.