The Selfish Gene
The Selfish Gene, utgjeve på norsk som det egoistiske genet, er den første og mest kjende boka til den britiske evolusjonsbiologen og populærvitskapsforfattaren Richard Dawkins. Ho kom først ut i 1976, men vart ikkje omsett til norsk (bokmål) før i 2002. I boka argumenterar Dawkins for at genet, og ikkje individet eller arten, er den viktigaste eininga i det naturleg utvalet.
Boka vart omstridt, og mange tolka ho som eit forsvar for egoisme og sjølvisk åtferd på individnivå hjå menneske. Dette er likevel ikkje i tråd med korkje kva boka eller Dawkins sjølv hevdar. I intervju har Dawkins sagt at han i ettertid angrar på tittelen, og at han utan noko særleg til endringar godt kunne ha publisert den same teksten som til dømes «The immortal gene» eller «The cooperative gene». [1]
Det er òg i denne boka Dawkins innførar mem-omgrepet.