The Shadows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Shadows
Shadows1.jpg
Sjanger Rock 'n' roll, instrumental rock
Aktive år 1958–1999
2004–2005
2008-2009
Tilknytte artistar Cliff Richard
Plateselskap Columbia (EMI), Polydor (Universal)
Nettside theshadowsofficial.com
Medlemmer
Hank Marvin
Bruce Welch
Brian Bennett
Tidlegare medlemmer
Ian Samwell
Terry Smart
Jet Harris
Tony Meehan
Brian Locking
John Rostill
John Farrar
Alan Tarney
Alan Jones
Alan Hawkshaw
Francis Monkman
Mark Griffiths
Cliff Hall
Warren Bennett

The Shadows er det mest suksessrike instrumental- og vokalbandet i Storbritannia frå 1950-åra til 2000-åra med totalt 65 britiske hitsinglar, 31 aleine og 34 med Cliff Richard, som dei var støtteband for på 50- og 60-talet.

Hovudsakleg vart dei marknadsført som ein instrumental combo, men i USA og Canada vart dei kalla eit surfeband for å konkurrere med band som the Ventures og the Surfaris. Den opphavlege bandoppsettinga var i hovudsak basert på modellen til Buddy Holly and the Crickets med to gitarar, bass og trommer, som då kravde minst fire musikarar. I seinare tid fram til 1990 hadde dei også eit femtemedlem på keyboard, og på midten av 70-talet hadde dei John Farrar som tredjegitarist.

Bandet gjekk frå kvarandre i 1990, men kom i saman igjen både i 2004-2005 (marknadsført som avsluttningsturne), og igjen i 2009 med Cliff Richard.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1950-åra[endre | endre wikiteksten]

Bandet oppstod som støttebandet til Cliff Richard med namnet The Drifters. Medlemmane som grunnla bandet var Ken Pavey (fødd 1932), Terry Smart på trommer (fødd 1942), Norman Mitham på gitar (fødd 1941), Ian Samwell på guitar og Harry Webb (før han vart Cliff Richard) på gitar og vokal. DEn første utgåva av Drifters hadde ikkje bassist. Samwell skreiv den første hitten til bandet, «Move It» som ofte er feilaktig tilskriven «Cliff Richard and The Shadows». Ingen frå det opphavlege Drifters var i gruppa då dei vart The Shadows.

Kort tid etter den første manageren deira, Johnny Foster, oppdaga dei, vart namnet endra til Cliff Richard and The Shadows. Dei gjorde ein avtale med Jack Good-showet Oh Boy!. Produsent Norrie Paramor frå EMI signerte Richard og bad Johnny Foster om å skaffe ein betre gitarist. Foster søkte i Soho og 2i's coffee bar etter skiffle-gitaristen Tony Sheridan. Sheridan var ikkje der, men Foster la merke til ein annan musikarar, som var høg, med flott utsjånad og briller som Buddy Holly, og som spelte gitar veldig bra.

Hank Marvin spelte i eit skiffleband med Bruce Welch. Paret hadde kome frå Newcastle og spelte for å klare seg. Foster tilbaud Marvin jobben og han aksepterte om han fekk ta med seg Welch. Den nye manageren Franklin Boyd kunne sjå at paret arbeiddet godt i lag og dei vart tilsett som solo- og rytmegitarist. Ian Samwell vart flytta over på bass fram til han vart erstatta av the Most Brothers-bassisten Jet Harris. Trommeslagar Terry Smart forlet bandet kort tid etter og vart erstatta av Tony Meehan. Heile The Drifters var no skifta ut og dei vart The Shadows tidleg i 1959. Johnny Foster heldt fram som manager for Richard ei stund, og Samwell skreif fleire songar for The Drifters og The Shadows før han starta å skrive for og produsere andre artistar.

Gruppa starta å spele inn musikk og halde konsertar med Richard og gav ut to singlar på eiga hand i 1959. («Feelin' Fine»/«Don't Be a Fool with Love») og («Jet Black»/«Driftin'»), Dei første to var vokale og dei to siste instrumentale. Ingen av dei gjorde det særskild bra. Ein anna vokal singel («Saturday Dance»/«Lonesome Fella») klarte heller ikkje å nå listene. Den instrumentale «Chinchilla» vart teke med på ein filmmusikk-EP av Cliff Richard and the Drifters kalla Serious Charge, som kom ut tidleg i 1959.

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1960 gav bandet ut «Apache», ein instrumental av Jerry Lordan, som toppa listene i heimlandet i fem veker. Fleire hittar følgde, mellom andre «Wonderful Land», òg av Lordan, som låg på toppen av lista i åtte veker, og «Kon Tiki» seks månader tidlegare . The Shadows spelte på fleire listetoppar som bandet til Richard. Denne utgåva av bandet hadde sjølv sju hittar.

I oktber 1961 vart Meehan erstatta av Brian Bennett og i april 1962 vart Harris erstatta av Brian Locking, òg kalla Licorice. Bennett og Licorice var vener frå 2I's og hadde alt spelt i lag. Denne Shadows-utgåva gav òg ut sju hitsinglar, to av desse, «Dance On» og «Foot Tapper» toppa listene. Marvin-Welch-Bennett-Locking-besetninga varte i 18 månader, men heldt heldt stand medan Merseybeat, leia av The Beatles, var på veg fram. Den første originale songen som The Beatles spelte inn var ein instrumental hyllest til the Shadows kalla «Cry for a Shadow».)

I oktober 1963 forlet Locking bandet til fordel for Jehovas vitner. Bandet hadde møtt John Rostill på turne med andre band og var imponert av spelinga hans. Han vart invitert som erstattar. Denne besetninga var den som skulle vare lengst i The Shadows. Dei prøvde forskjellige gitarar og mange stilartar. Dei spelte inn fleire album, men dei store hitsinglane utevar. Dei gav ut ti singlar som gjorde det nokså bra, den første av desse var «The Rise and Fall of Flingel Bunt», var òg den største av dei.

I 1960-åra var bandet med Richard i filmane The Young Ones, Summer Holiday, Wonderful Life, Finders Keepers og som marionettar i Gerry Anderson-filmen Thunderbirds Are GO. Dei skreiv berre eit par songar til den tidlegaste filmen The Young Ones i 1961, men på Finders Keepers i 1966 skreiv dei nesten all filmmusikk, tilskriven Marvin-Welch-Bennett-Rostill.

Denne besetninga heldt seg til desember 1968, etter tiårsjubileumsalbumet Established 1958, ei blanding av songar med Richard og instrumentalar. Alle songane var skriven av gruppa. Welch forlet bandet. Resten av bandet vurderte å gje seg, men eit album (Shades of Rock) og ein turne i Japan følgde med Alan Hawkshaw på keyboard. Turneen var ikkje kunstnarisk særleg velukka og konsertalbumet som kom ut i ettertid vert rekna som dårleg.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1970-åra starta Marvin og Welch ei ny karriere med vokalgruppa Marvin Welch & Farrar med australske John Farrar som tredjevokalist. Dei spelte inn to kritikarroste album og fleire singlar, og eitt utan Welch, som Marvin og Farrar, som Marvin har skildra som «Frankenstein meets The Beach Boys». Konsertane deira vart ofte uro av at publikum ropte på klassiske Shadows-songar.

The Shadows kom saman igjen i 1973 med Welch på rytmegitar og Farrar på gitar og vokal. Etter at John Rostill døydde, nytta gruppa forskjellige bassistar på innspelingar og turnear. Dave Richmond og Alan Tarney, som hadde spelt bass for Marvin, Welch & Farrar heldt fram som bassistar i det nye Shadows. På albumet Rocking With Curly Leads nytta Marvin vocoder. På nokre songar var Farrar andre sologitarist, og albumet er derfor ganske annleis tidlegare innspelingar.

I 1975 deltok dei i Melodi Grand Prix med songen «Let Me Be The One» av Paul Curtis i Stockholm. Der kom bandet på andreplass etter Teach In sin «Ding Dinge Dong».

I 1977 kom samlealbumet Twenty Golden Greats og bandet la ut på ein ny turne med Francis Monkman frå Sky på keyboard. Dette førte til eit nytt album som gjekk heilt til topps i Storbritannia og Topp 10-singelen «Don't Cry for Me Argentina». Francis forlet bandet etter turneen og besetninga vart då Marvin, Welch og Bennett, med Cliff Hall på keyboard og og Alan Jones på bass når dei turnerte.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Gruppa spelte inn musikk og heldt konsertart fram til 1990, og dei fleste albuma deira gjennom 1980-åra gjorde det bra på listene. Borstsett frå Guardian Angel, eit album med nye songar, var dei fleste albuma deira nye versjonav andre sine popsongar. Bandet gjekk frå EMI til Polydor med albumet Change of Address. EMI let dei ikkje få halde opphavsretten til innspelingane, men let dei få gje ut songane sine på individuelle album. Dette førte til at bandet spelte inn mykje av dei gamle songane sine pinn på nytt for Polydor. Innspelingane vart gjort analogt med instrument, forsterkarar og arrangement tett opp til originalane. Dermed har bandet kunne gje ut eigne samleplater med både gamle og nye versjonar av dei gamle hittane. Denne besetninga heldt seg fram til Jones hadde ei bilulukke og Mark Griffiths frå det opphavlege Cliff Richard-bandet og Matthews Southern Comfort vart teken inn på bass. Han spelte bass med bandet fram til 1990, då bandet gav seg, og seinare med Marvin som soloartist.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Roger C. Field, ein gitarist og ven av Marvin ønskte å få The Shadows til å gjere comeback i 2001. Bandet kom saman igjen i 2004 for ein farvellturne og dei spelte inn ein ny song, «Life Story». Dette viste seg å verte ein stor suksess og bandet, no med Marvin, Welch og Bennett, i lag med Hall på keyboard og Griffiths på bass, at dei forlenga turneen til 2005. 11. desember 2008 spelte bandet med Cliff Richard på Royal Variety Performance, og ein turne er planlagt for 2009[1].

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1961 The Shadows (UK #1)
  • 1962 Out of The Shadows(UK #1)
  • 1963 Greatest Hits (UK #2) [samling]
  • 1964 Dance With The Shadows (UK #2)
  • 1965 The Sound of The Shadows(UK #4)
  • 1965 More Hits! [samling]
  • 1966 Shadow Music (UK #5)
  • 1967 Jigsaw (UK #8)
  • 1967 From Hank, Bruce, Brian og John
  • 1968 Established 1958 [med Cliff Richard]
  • 1970 Shades of Rock (UK #30)
  • 1973 Rockin' With Curly Leads (UK #45)
  • 1975 Specs Appeal (UK #30)
  • 1975 Live at the Paris Olympia
  • 1977 Tasty
  • 1977 20 Golden Greats (UK #1) [samling]
  • 1979 String of Hits (UK #1)
  • 1980 Another String of Hot Hits (UK #16) [samling]
  • 1980 Change of Address (UK #17)
  • 1981 Hits Right Up Your Street (UK #15)
  • 1982 Life In The Jungle/Live at Abbey Road (UK #24)
  • 1983 XXV (UK #34)
  • 1984 Guardian Angel (UK #98)
  • 1986 Moonlight Shadows (UK #6)
  • 1987 Simply Shadows (UK #7)
  • 1989 Steppin' To The Shadows (UK #8)
  • 1989 At Their Very Best (UK #12)
  • 1990 Reflection (UK #5)
  • 1993 Shadows In The Night - 16 Classic Tracks (UK #22) [samling]
  • 1994 The Best of Hank Marvin og The Shadows (UK #19) [samling]
  • 1997 The Shadows play Andrew Lloyd Webber og Tim Rice (UK #41)
  • 1997 The Very Best of The Shadows - The First 40 Years (UK #56) [samling]
  • 1998 50 Golden Greats (UK #35) [samling]
  • 2004 Life Story (UK #7) [samling]
  • 2004 The Final Tour
  • 2005 Platinum (UK #30) [samling]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År A-side B-side Britisk singelliste[2]
1959 «Feelin' Fine» (vokal) «Don't Be a Fool»
-
1959 «Jet Black» «Driftin'»
-
1959 «Saturday Dance» «Lonesome Fella»
-
1960 «Apache» «Quatermasster's Stores»
#1
1960 «Man of Mystery» «The Stranger»
#5
1961 «F.B.I.» «Midnight»
#6
1961 «The Frightened City» «Back Home»
#3
1961 «Kon-Tiki» «36-24-36»
#1
1961 «The Savage» «Peace Pipe»
#9
1962 «Wonderful Land» «Stars Fell on Stockton»
#1
1962 «Guitar Tango» «What a Lovely Tune»
#4
1962 «Dance On!» «All Day»
#1
1963 «Foot Tapper» «The Breeze og I»
#1
1963 «Atlantis» «I Want You to Want Me»
#2
1963 «Shindig» «It's Been a Blue Day»
#6
1963 «Geronimo» «Shazam»
#10
1964 «Theme for Young Lovers» «This Hammer»
#12
1964 «The Rise and Fall of Flingel Bunt» «It's a Man's World»
#5
1964 «Rhythm and Greens» «The Miracle»
#22
1964 «Genie With the Light Brown Lamp» «Little Princess»
#17
1965 «Mary Anne» (vokal) «Chu-Chi»
#17
1965 «Stingray» «Alice In Sunderland»
#19
1965 «Don't Make My Baby Blue» (vokal) «My Grandfather's Clock»
#10
1965 «The War Lord» «I Wish I Could Shimmy Like My Sister Arthur»
#18
1966 «I Met a Girl» (vokal) «Late Night Set»
#22
1966 «A Place in the Sun» «Will You Be There?» (vokal)
#24
1966 «The Dreams I Dream» (vokal) «Scotch on the Socks»
#42
1967 «Maroc 7» «Bombay Duck»
#24
1967 «Tomorrow's Cancelled» «Somewhere»
-
1967 «Dear Old Mrs. Bell» (vokal) «Trying to Forget the One You Love»
-
1969 «Slaughter on Tenth Avenue» «Midnight Cowboy»
-
1973 «Turn Around and Touch Me» «Jungle Jam»
-
1975 «Let Me Be the One» «Stand Up Like a Man»
#12
1975 «Run Billy Run» (vokal) «Honourable Puff Puff»
-
1976 «It'll Be Me, Babe» «Like Strangers»
-
1977 «Another Night» «Cricket Bat Boogie»
-
1978 «Love Deluxe» «Sweet Saturday Night»
#80
1978 «Don't Cry for Me Argentina» «Montezuma's Revenge»
#5
1979 «(Theme from) The Deer Hunter» «Bermuda Triangle»
#9
1979 «Rodrigo's Guitar Concerto» «Song for Duke»
-
1980 «Riders in the Sky» «Rusk»
#12
1980 «Heart of Glass» «Return to the Alamo»
-
1980 «Equinoxe Part V» «Fender Bender»
#50
1980 «Mozart Forte» «Midnight Creepin'»
-
1981 «The Third Man» «The Fourth Man»
#44
1981 «Telstar» «Summer Love '59»
-
1981 «Imagine» / »Woman» «Hats Off to Wally»
-
1982 «Treat Me Nice» «Spot the Ball»
-
1982 «(Theme from) 'Missing'» «The Shady Lady»
#92
1983 «Diamonds» «Elevenis»
-
1983 «Going Home» «Cat 'N' Mouse»
-
1984 «On a Night Like This» (vokal) «Thing-Me-Jig»
-
1986 «Moonlight Shadow» «Johnny Staccato»
-
1986 «Dancing in the Dark» «Turning Point»
-
1986 «(Theme from) 'Eastenders' «Howard's Way»
#86
1987 «Pulaski» «Change of Address»
-
1987 «Walking in the Air» «Outdigo»
-
1989 «Mounatins of the Moon» «Stack-It»
-
1989 «Shadowmix» «Arty's Party»
#81

[3]

The Shadows 'walk'[endre | endre wikiteksten]

The Shadows var inspirert av The Treniers til å gjere nokre faste skritt under konsertane sine, både med og utan Cliff Richard. Denne skrittgangen har seinare vorte kopiert av mange andre band som Mud, The Rubettes og Showaddywaddy.

Shawdows-band[endre | endre wikiteksten]

Medan mange langt meir kjende band berre har få tributtband, som Led Zeppelin, er det få band som har fleire tributtband enn The Shadows, typisk kalla eit Shadows-band. Sjølv i dag er prøver mange å nytte dei analoge ekko- og klangeffektane som Hank Marvin nytta i the Shadows.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mange store gitaristar har omtalt The Shadows som ein av dei viktigaste inspirasjonskjeldene deira, mellom andre Brian May (Queen), Eric Clapton, Peter Frampton, Lemmy Kilmister (Motorhead), Neil Young og fleire.

Stilen som The Shadows hadde tidleg i 1960-åra med songar som «Apache» påverka òg ein heil filmmusikksjanger, spaghetti western, då Ennio Morricone starta å nytte ein likande gitarstil i filmmusikken til ein del av desse filmane på 60-talet.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cliff og The Shadows gjenforeint
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 264. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. http://www.everyhit.com/ Chart Source
  4. http://www.allmusic.com/artist/ennio-morricone-p102062 Ennio Morricone - allmusic