The Silver Swan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Silver Swan
Madrigal av Orlando Gibbons
SjangerVokalmusikk
PeriodeRenessansemusikk
Publiseringsdato1612
Typisk lengd1:42

«The silver swan» er truleg den mest kjende madrigalen til Orlando Gibbons og er skriven for fem stemmer. Songen er basert på segna om at knoppsvana berre syng like før ho skal døy.

Teksten til Gibbons er truleg hans eigen:

The silver Swan, who living had no Note,
when Death approached, unlocked her silent throat.
Leaning her breast upon the reedy shore,
thus sang her first og last and sang no more:
"Farewell, all joys! O Death, come close mine eyes!
More Geese than Swans now live, more Fools than Wise."

Songen vart publisert i Gibbons sin First Set of Madrigals and Motets of 5 parts (1612).

Phillip Ledeger skreiv om musikkforma at som med vanlege luttsongar og i motsetnad til verkelege madrigalar, har han to musikalske parti, det andre er repetert og nye tekst vert gjeven denne reprisen.

Den siste linja i teksten, «fleire gjæser enn svaner lever no, fleire toskar enn vise», vert rekna som ein kommentar til at den engelske madrigalforma var i ferd med å forsvinne, eller meir generelt at musikktradisjonen frå Elisabeth-tida var i ferd med å forsvinne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]