The Song Remains the Same

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå albumet The Song Remains the Same. For filmen, sjå filmen The Song Remains the Same.
The Song Remains the Same
Song av Led Zeppelin
frå albumet Houses of the Holy
Utgjeve 28. mars 1973
Innspelt 1972
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 5:30
Selskap Atlantic
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«The Song Remains the Same» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Songen opnar albumet deira Houses of the Holy frå 1973.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen inneheld mange lag med gitar av Jimmy Page, spela på ein Gibson EDS-1275 dobbelhalsa 12-strengsgitar på konsertane,[1] og vokal av songar Robert Plant. Dette var plant si hyllest til verdsmusikk, og synte trua hans om at musikk er universell.

Songen var opphavleg ein instrumental med arbeidstittelen «The Overture»,[2] før Plant skreiv tekst til han. Han var då ei kort stund kjend som «The Campaign» før bandet kom fram til «The Song Remains the Same».[3] I eit intervju med Guitar World i 1993, diskuterte Page oppbygginga av songen:

« Det var opphavleg meint som ein instrumental -- ein overture som førte inn i «The Rain Song». Men eg trur Robert hadde andre idear. Du veit, 'dette er ganske bra, me treng litt tekst--raskt!'...Eg hadde heile byrjinga klar, og Robert foreslo at me halverte tempoet halvvegs. Etter at me gjorde det kom songen saman...eg hadde alltid ein kassettopptakar liggande. Det er slik både «The Song Remains the Same» og «Stairway» kom til - frå bitar av idear på lydbanda.[1] »

Dei sette opp farten på vokalsporet til Plant noko på albumet.[3]

Bandet spela først songen på konsert i Japan i 1972.[3] Piratkopiopptak frå turneen viser at songen då enno ikkje hadde tittel, og Plant introduserte songen som «Zep». Som på albumet glei songen seinare direkte over i «The Rain Song». «The Song Remains the Same» var opningssongen på den amerikanske turneen i 1977 og konsertane i 1979, men vart droppa frå setlista i 1980.[3] Songen vart òg framført på attforeingskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

«The Song Remains the Same» er med i konsertfilmen (og det tilhøyrande albumet) med same namn.

Songen vart òg gjeven ut på singel i Thailand med «The Ocean» og «Dancing Days» som B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-07 ved Wayback Machine., Guitar World 1993
  2. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.