The Stooges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Stooges
Stooges4.jpg
The Stooges i Austin i Texas (2007)
Alias Iggy and The Stooges
Iggy Pop and The Stooges
The Psychedelic Stooges
Sjanger Garage rock, hardrock, protopunk, punkblues, punkrock
Aktive år 1967–1971, 1972–1974, 2003 til i dag
Tilknytte artistar Iggy Pop, The Iguanas, Minutemen, Sonic's Rendezvous Band, Destroy All Monsters
Plateselskap Elektra, Columbia, Virgin
Nettstad www.iggyandthestoogesmusic.com
Medlemmer
Iggy Pop
Scott Asheton
Steve Mackay
James Williamson
Mike Watt
Tidlegare medlemmer
Ron Asheton
Dave Alexander
Billy Cheatham
Zeke Zettner
Jimmy Recca
Bob Sheff
Tornado Turner
Scott Thurston

The Stooges (òg kjend som Iggy and The Stooges) er eit amerikansk rockeband frå Ann Arbor i Michigan. Dei var først aktive frå 1967 til 1974 og igjen frå 2003 og fram til i dag. Sjølv om dei selde å plater då dei heldt på og ofte spelte føre likegyldige og fiendtlege publikum, vert the Stooges i stor grad rekna som særs viktige for opphavet til punkrock, i tillegg til at dei påverka alternativ rock, heavy metal og rockemusikk generelt.[1][2] The Stooges vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten (1967–1968)[endre | endre wikiteksten]

Iggy Pop (fødd James Newell Osterberg) spelte i fleire band i Ann Arbor-området som tenåring, mellom andre The Iguanas og seinare The Prime Movers. The Prime Movers gav Osterberg kallenamnet «Iggy», som ein referanse til det tidlegare bandet hans.[4]

Osterberg vart først inspirert til å starte the Stooges etter å ha møtt bluestrommeslagaren Sam Lay under eit besøk i Chicago. Han reiste attende til Detroit med ideen om at det ikkje var nok å berre kopiere etablerte bluesartistar - han ønskte å skape ein ny form for blues. Brørne Ron (gitar) og Scott Asheton (trommer) og venen deira Dave Alexander (bassgitar) utgjorde resten av bandet, med Osterberg på vokal. Osterberg møtte Ron Asheton etter å ha sett han spele i eit coverband, The Chosen Few, og meinte at «eg har aldri møtt ein overbevisande musikar som ikkje på ein måte såg sjuk eller skitten ut, og Ron hadde alt det!»[5] Dei tre gav Osterberg kallenamnet «Pop» etter ein lokal person som dei meinte han likna på.[6] Kort tid etter at han såg ein MC5-konsert i Ann Arbor, byrja Osterberg å nytte scenenamnet Iggy Pop, eit namn han har nytta sidan.

Debuten til bandet var ein Halloween-konserten ved huset deira i State Street i 1967. Dei heldt ikkje konsertar att før januar 1968.[7] I denne tidlege perioden kalla bandet seg opphavleg «Psychedelic Stooges» ved Grande Ballroom i Detroit, og andre stader, der dei spelte i lag med MC5 og andre. På ein av dei tidlege Grande Ballroom-konsertane deira, braut halsen av gitaren til Asheton under opningssongen «I Wanna Be Your Dog», og dei måtte gje seg for kvelden.

Den tidlege musikken til bandet var ganske annleis musikken dei seinare spelte, som kritikar Edwin Pouncey skreiv:

« Dei første musikalske eksperimenta til The Stooges var meir avantgarde enn punkrock, og Pop nytta hushaldningslekamar som støvsugar og eit blandeapparat over ein intens mur av feedback, som ein lyttar skildra som lyden av «eit fly som var i ferd med å lande i rommet». Heimelaga instrument vart òg nytta. 'Jim-a-phone' gjekk ut på å presse feedback gjennom eit traktforma apprat som vart heva og senka for å få den beste effekten. Det var òg ein billig Hawaii-gitar som Pop og gitarist Ron Asheton bytta på å klimpre på for å produsere ein sitar-liknande lyd, medan trommeslagaren Scott Asheton dundra laus på oljetønner med ein kulehammar.[8]  »

Kommersiell kamp, debutalbumet og Fun House (1968–1971)[endre | endre wikiteksten]

The Stooges vart raskt kjend for dei ville og primitive konsertane sine. Pop vart særleg kjend for den skandaløse framferda si på scenen—han smurte det nakne brystet sitt med hamburgarkjøt og peanøttsmør, kutta seg sjølv opp med glasbitar og synte kjønnsorganet sitt til publikum. Pop vert stundom òg rekna som opphavet til stage diving.

I 1968 signerte the Stooges ein platekontrakt med Elektra Records, som hadde sendt speidaren Danny Fields for å sjå MC5. Han signerte begge banda. Året etter gav bandet ut debutalbumet sitt, The Stooges, men det selde ikkje særleg godt, og vart heller ikkje særleg godt motteke av kritikarane på den tida. I følgje segnet vart halvparten av albumet skriven kvelden før dei gjekk i studio. Produsenten for albumet var den tidlegare Velvet Underground-bassisten John Cale.

Det andre albumet, Fun House, kom ut i 1970, der dei hadde fått med seg saksofonisten Steve Mackay i tillegg. Den 13. juni dette året vart bandet synt på fjernsyn under Cincinnati Pop Festival. Medan dei framførte songane «T.V. Eye» og «1970» hoppa Pop ut i publikum, der han vart heist opp på hendene deira, og smurte så peanøttsmør utover brystet sitt. I eit radiointervju i Evanston i 1984 stadfesta Stiv Bators frå the Lords of the New Church og the Dead Boys at det var han som hadde gjeve han peanøttsmøret. Det har sidan vorte eit ikonisk rockebilete.

Fun House, som debutalbumet, selde dårleg og fekk lunken kritikk. Alexander fekk sparken frå bandet i august 1970 etter å ha møtt opp for full til å kunne spele på Goose Lake International Music Festival.[9] Han vart erstatta av fleire nye bassistar: først Zeke Zettner[10] og James Recca. På denne tida vart bandet òg utvida med ein andre gitarist, roadien Billy Cheatham,[4] som raskt vart erstatta av James Williamson.

På dette tidspunktet hadde alle i bandet, utanom Ron Asheton,[4][11] vorte alvorlege heroinmisbrukarar. Dopet vart innført i bandet av den nye manageren John Adams.[4] Konsertane deira vart stadig meir ureknelege og Pop hadde ofte problem med å stå oppreist på grunn av det ekstreme dopmisbruket. Elektra droppa raskt the Stooges frå stallen, og bandet gjekk ut i ein pause som varte i fleire månader. Den siste besetninga då var Pop, Asheton-brørne, Recca og Williamson.[4]

Raw Power og oppløysinga (1972–1974)[endre | endre wikiteksten]

Medan bandet hadde pause, møtte Pop David Bowie i september 1971,[11] og dei vart gode vener. Bowie, som så var på høgda av populariteten med Ziggy Stardust, førte Pop og Williamson til Storbritannia og skaffa dei ein platekontrakt med Columbia Records. Paret prøvde å starte the Stooges på ny med britiske musikarar, men fann ingen som passa, så dei førte Asheton-brørne attende i bandet. At han var andrevalet, og i tillegg vart flytta frå gitar til bass, gnaga på Ron Asheton. Denne besetninga, kalla Iggy & The Stooges, spelte inn det tredje albumet sitt, det viktige Raw Power (1973), som Bowie miksa på noko kontroversielt vis (i 1997 vart Raw Power miksa på ny av Iggy Pop og gjeve ut på ny). Raw Power vart ein av hjørnesteinane i tidleg punkrock, sjølv om albumet selde dårleg og vart rekna som kommersielt mislukka då det kom ut.

The Stooges tok inn ein pianist (for ein kort periode Bob Sheff og så Scott Thurston[4]) og turnerte så i fleire månader, frå februar 1973. På denne tida gjorde dei òg fleire innspelingar som vart kjend som Detroit Rehearsal Tapes, inkludert fleire nye songar som kunne ha kome på eit fjerde album om dei ikkje hadde vorte droppa frå Columbia kort tid etter utgjevinga av Raw Power. Tidleg i 1973 vart James Williamson ein kort periode sparka på grunn av press frå managementet i bandet. Gitarist Tornado Turner erstatta han på ein enkelt konsert, men Williamson var raskt attende i gruppa.[7] The Stooges vart oppløyst i februar 1974 på grunn av det evigvarande heroinmisbruket til Pop og den ureknelege oppførselen hans.[7] Den siste konserten til bandet i denne perioden vart fanga på lydband og gjeven ut som Metallic K.O.

Etter oppløysinga (1975–2003)[endre | endre wikiteksten]

Iggy den 25. oktober 1977; på the State Theatre i Minneapolis i Minnesota
Foto: Michael Markos

Etter å ha gått gjennom rehabilitering, la Pop ut på ein suksessrik solokarriere i 1976, som starta med albuma The Idiot og Lust for Life. Ron Asheton flytta til Los Angeles i California og starta det kortvarige bandet The New Order (må ikkje forveklast med det britiske bandet New Order), med Stooges-medlemmane Recca og Thurston. Ron Asheton vart seinare med i Destroy All Monsters. Williamson arbeidde med Pop som produsent og lydteknikar den første tida av solokarrieren hans - Kill City og New Values - men tok så ein lang pause frå musikkindustrien i 1980. Scott Asheton spelte med Sonic's Rendezvous Band og the Scott Morgan Group. Dave Alexander døydde av lungeødem knytt til pankreatitt i 1975.

I 1997 vart Raw Power miksa på ny av Pop sjølv og gjeven ut på ny med ein lang meir aggresiv miks enn den originale utgjevinga. I 1999 gav Rhino Handmade ut ein plateboks på sju plater, 1970: The Complete Fun House Sessions, som bestod av heile innspelinga til Fun House. Det vart trykt 3000 eksemplar som vart utseld på mindre enn eitt år.

I 2000 slo indierock-veteranane J Mascis (frå Dinosaur Jr) og Mike Watt (frå Minutemen og fIREHOSE) seg i lag med Asheton-brørne og byrja å spele Stooges-songar (og andre songar) live. Under namnet Asheton, Asheton, Mascis and Watt, spelte bandet sporadisk før dei fanga merksemda til Pop i 2003.

Gjenforeining, The Weirdness og dødsfallet til Ron Asheton (2003–2009)[endre | endre wikiteksten]

Pop og Ashetons-brørne vart gjenforeint dette året då dei spelte på fire songar på Skull Ring, eit album av Pop med Pop på vokal, Scott Asheton på trommer, og Ron Asheton på både gitar og bass. Kort tid etter var the Stooges offisielt samla att og dei spelte ei rekkje konsertar i USA og Europa med Watt på bass,[12] og Fun House-saksofonisten Steve Mackay. Den første konserten deira i Detroit vart gjeven ut på DVD som Live in Detroit.

Den 16. august 2005 gav Elektra Records og Rhino Records ut nymastra doble utgåver av dei to første Stooges-albuma, med originalalbumet på ei plate og andre studioopptak (alternative miksar, singelversjonar osv.) på den andre plata.

I 2007 gav bandet ut albumet The Weirdness til blanda kritikk frå pressa. The Stooges turnerte mykje i åra mellom 2003 og 2008. Den siste konserten til bandet med Ron Asheton var 29. september 2008 i Ljubljana i Slovenia. Seinare på året vart bandet innlemma i Michigan Rock and Roll Legends Hall of Fame.

Den 6. januar 2009 vart Ron Asheton funnen død i heimen sin etter eit hjarteattak fleire dagar tidlegare.[13][14] Han var 60 år gammal. I den offisielle meldinga si kalla bandet Asheton for «uerstatteleg».[15]

Dei siste åra (2009–i dag)[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju i 2009 annonserte Pop at bandet hadde planar om å halde fram med James Williamson attende som gitarist.[16][17] Pop sa at «sjølv om 'the Stooges' døydde med Ron Asheton, er det framleis 'Iggy and the Stooges'».[18] Den første konserten deira vart halden 7. november 2009, i São Paulo i Brasil. Bandet spelte då fleire songar frå dei tidlege soloalbuma til Pop i tillegg til Stooges-sognar.

I 2010 vart bandet innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[19] Bandet hadde då vorte nominert sju gongar utan å verte innlemma.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Iggy Pop—solovokal (1967–1971, 1972–1974, 2003 til i dag)
  • Scott Asheton—trommer, perkusjon (1967–1971, 1972–1974, 2003 til i dag)
  • Steve Mackay—saksofon (1970, 2003 til i dag)
  • James Williamson—gitar (1970–1971, 1972–1974, 2009 til i dag)
  • Mike Watt—bassgitar (2003 til i dag)
Turnemedlemmar
Tidlegare medlemmar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Videografi[endre | endre wikiteksten]

DVD[endre | endre wikiteksten]

  • Live In Detroit (2003)
  • Iggy & The Stooges reunion at Coachella! (2003)
  • Escaped Maniacs (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "The Stooges", Rolling Stone Magazine (archived 2008)
  2. Ratliff, Ben, "Ron Asheton, Gitarist in the Stooges, Dies at 60", The New York Times, januar 8, 2009
  3. Associated Press, ABBA, Jimmy Cliff, Genesis, the Hollies and the Stooges are headed into the Rock and Roll Hall of Fame, cleveland.com, http://www.cleveland.com/popmusic/index.ssf/2009/12/abba_jimmy_cliff_genesis_the_h.html, henta 13. okt. 2011 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Cliff Jones & Paul Trynka Whatever Turns You On Mojo #29, april 1996
  5. «The Stooges: Iggy Pop Interview | Clash Music Exclusive Interview». Clashmusic.com. 2010-03-30. http://www.clashmusic.com/feature/the-stooges-iggy-pop-interview. Henta 14. okt. 2011. 
  6. Paul TrynkaMeet Ze Monster Mojo #161, april 2007
  7. 7,0 7,1 7,2 Trynka, Paul (2007), "Open Up and Bleed"
  8. Pouncey, Edwin (June 1995), «Motown City Burning: MC5 meets Sun Ra», The Wire (136), http://www.thewire.co.uk/articles/125/, henta februar 3, 2007 
  9. Keith Cameron Return To The Fun House Mojo #161, april 2007
  10. Jack White intervjuar Iggy Pop Mojo #199 oktober 2003
  11. 11,0 11,1 Paul Trynka Night Of The Iguana Mojo #78, mai 2000
  12. Mike Watt Interview Clark, Alistair. "Mike Watt Interview", Crasier Frane. Retrieved desember 16, 2009
  13. By Daniel Kreps (2009-01-06). «The Stooges Gitarist Ron Asheton Found Dead At 60 | Rolling Stone Music». Rollingstone.com. http://www.rollingstone.com/rockdaily/index.php/2009/01/06/the-stooges-gitarist-ron-asheton-found-dead-at-60/. Henta 14. okt. 2011. 
  14. «Kerrang! RIP Ron Asheton (1948-2009)». .kerrang.com. 2009-01-06. http://www2.kerrang.com/2009/01/rip_ron_asheton_19482009.html. Henta 14. okt. 2011. 
  15. Jonze, Tim (January 6, 2009), Stooges gitarist Ron Asheton dies, London, http://www.guardian.co.uk/music/2009/jan/06/stooges-gitarist-ron-asheton-dies, henta 14. okt. 2011 
  16. Latest News, http://www.theaustralian.news.com.au/story/0,25197,25511689-601,00.html 
  17. By Andy Greene (2009-09-03). «Stooges Reunite With Raw Power Gitarist, Prep ATP Gig and Tour | Rolling Stone Music». Rollingstone.com. http://www.rollingstone.com/rockdaily/index.php/2009/09/03/stooges-reunite-with-raw-power-gitarist-prep-atp-gig-and-tour/. Henta 14. okt. 2011. 
  18. «NPR Media Player». Npr.org. http://www.npr.org/templates/player/mediaPlayer.html?action=1&t=1&islist=false&id=104735787&m=104735785. Henta 14. okt. 2011. 
  19. «The Stooges, ABBA Inducted Into Rock and Roll Hall of Fame». Pitchfork. http://pitchfork.com/news/37395-the-stooges-abba-inducted-into-rock-and-roll-hall-of-fame/. Henta 14. okt. 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]