The Supermen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Supermen
Song av David Bowie
frå albumet The Man Who Sold the World
Utgjeve 4. november 1970 (USA)
April 1971 (UK)
Innspelt Trident og Advision Studios, London
18. april - 22. mai 1970
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock, glamrock
Lengd 3:38
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti

«The Supermen» er ein song skriven av David Bowie i 1970 og gjeven ut som det siste sporet på albumet The Man Who Sold the World. Han var ein av fleire songar på albumet som var inspirert av verka til forfattarar som Friedrich Nietzsche og H.P. Lovecraft.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Strange games they would play then
No death for the perfect men
Life rolls into one for them
So softly a super-god cries

David Bowie (1970)

Bowie, som aldri hadde vore særleg solfyllt av natur, vart apokalyptisk i starten av 1970-åra. Songen vert ofte omtalt for vere påverka av tysk romantikk, med tema og tekst som refererer til dei apokalyptiske visjonane til Friedrich Nietzsche og dei framtredande paukene som minnar om Richard Strauss sin Also Sprach Zarathustra.[1] Bowie sa seinare «eg heldt framleis på med denne greia der eg let som om eg forstod Nietzsche... og eg prøvde å omsetje det til mine eigne uttrykk for å forstå det, så 'Supermen' kom ut av det.»[2] Kritikarar har òg sett påverknad frå H.P. Lovecraft-sogene om «kvilande gamle gudar».[3]

«The Supermen» er i slekt med «Atlantis» av Donovan frå 1968, men der Donovan ser for seg eit par overlevande frå Atlantis som gjev menneskeheita kunst og sivilisasjon, er supermennene til Bowie dyriske, marerittaktige, urgermanske halvgudar. I eit intervju i 1976 kalla Bowie songen «pre-fascistisk».

I følgje Bowie sjølv fekk han gitarriffet av Jimmy Page, eit enkelt riff mellom F og G, då Page, som var studiogitaristen til Shel Talmy på midten av 1960-talet, spelte på ein av dei tidlege utgjevingane til Bowie, «I Pity the Fool».[1] På albumet vert riffet først spelt av Tony Visconti på bass og så av Mick Ronson på gitar. Riffet vart seinare nytta i ein annan Bowie-song, «Dead Man Walking» frå Earthling i 1997.

Songen vart først spelt inn for BBC den 25. mars 1970 med Cambridge på trommer. Denne versjonen er ikkje blitt frigjort. For albumversjonen, som vart spelt inn mellom 18. april og 22. mai 1970, skapte Bowie, Ronson og Visconti det Visconti seinare kalla «eit valdsamt lydlandskap». Songen opnar med ein trommefanfare med ekko på trommesporet, som på same måte som slutten av «Width of a Circle», minnar paukene i den første satsen av Strauss sin «Also Sprach Zarathustra». Dette er debuten til Woody Woodmansey, som Ronson henta inn for å erstatte John Cambridge på trommer etter at Cambridge ikkje klarte å spele til den rare takten på songen. Eit kor nynnar gjennom heile songen, medan Ronson spelar ein solo laga av tre gitarspor lagt oppå kvarandre i harmoni.

Bowie syng teksten i ei overdriven nasal stemme med nær Cockney-dialekt («strAYnge gAYmes thAY would plAY then»).

Bowie spelte inn The Supermen på ny den 12. november 1971 under innspelinga av Ziggy Stardust og gav songen til eit samlealbum til inntekt for Glastonbury Fair (noko som har gjort at nyinnspelinga stundom feilaktig er blitt merka som eit konsertopptak). Det nye arrangement er enklare med berre Bowie sin akustiske gitar på versa, medan Ronson kjem hardt inn på refrenga. Bandet nytta dette arrangementet på konsertane deira i 1972-1973. Bowie har stundom spelt songen på nyare turnear.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Ein alternativ versjon av songen vart spelt inn 12. november 1971 under innspelinga av The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Denne kom først ut på albumet Revelations - A Musical Anthology for Glastonbury Fayre i juli 1972, sett saman av arrangørane av Glastonbury Festival der Bowie hadde spelt i 1971.[4] Han vart seinare gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Hunky Dory i 1990 og igjen på bonusdisken til Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue i 2002.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Doctor Mix and the Remix (aka Metal Urbain) - Wall of Noise (1979)
  • Aquaserge - Repetition - A Tribute to David Bowie (2010)
  • Sampla på «Culture Shock» av Death Grips (2011)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.209-210
  2. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.267
  3. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.38
  4. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Ibid: s.49

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]