The Tracks of My Tears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Tracks of My Tears
Singel av The Miracles
frå albumet Going to a Go-Go
B-side «A Fork in the Road»
Utgjeve juni 1965
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 1965
Sjanger Soul
Lengd 2:55
Selskap Tamla
T 54118
Låtskrivar(ar) William «Smokey» Robinson, Jr., Warren Moore, Marvin Tarplin
Produsent Smokey Robinson
The Miracles-kronologi
«Ooo Baby Baby»
1965
The Tracks of My Tears «My Girl Has Gone»
1965

«The Tracks of My Tears» er ein mykje innspelt kjærleiksballade først spelt inn i 1965 av The Miracles for Tamla på Motown Records. Songen vert rekna som ein av dei beste innspelingane til The Miracles og selde over ein million plater i løpet av to år.

Originalen[endre | endre wikiteksten]

«The Tracks of My Tears» vart skriven av Miracles-medlemmane Smokey Robinson (solovokalist), Pete Moore (bassvokalist) og Marv Tarplin (gitarist).

Smokey Robinson forklarte opphavet til songen: «Tracks of My Tears» vart faktisk starta av Marv Tarplin, som er ein ung fyr som spelar gitar for oss. Så han hadde denne linja, og me starta å arbeide vidare med han og det vart «Tracks of My Tears».

«The Tracks of My Tears» nådde andreplassen på R&B-lista til Billboard magazine og 16. plass på poplista i USA. Han vart gjeven ut seinare i Storbritannia i 1969, der han nådde 9. plass. I 1987 vart singelen gjeve u tpå nytt og nådde 82. plass i Storbritannia.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

«The Tracks of My Tears» er ein av dei mest kjende songane til The Miracles og ein av dei mest innspelte songane deira. Han er likevel ikkje ein av dei sju Miracles-songane som nådde toppen av singellista i USA. Johnny Rivers nådde 10. plass med songen i USA i 1967.

Aretha Franklin spelte inn songen for albumet Soul '69, og gav han ut som B-sida til singelen «The Weight».

«Tracks of My Tears» nådde Topp 40 på poplista for tredje gong med Linda Ronstadt frå albumet hennar Prisoner in Disguise frå 1975. Singelen nådde 11. plass på countrylista i USA. I 1993 spelte Go West inn songen og nådde 16. plass i Storbritannia. Linda Ronstadt nådde 42. plass i Storbritannia i 1976 og ein versjon av Colin Blunstone i 1982 nådde 60. plass her.

Andre versjonar:

Lovord[endre | endre wikiteksten]

The Miracles si innspeling er rangert på 50. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene i 2004;[1]. Songen vart òg innlemma i Grammy Hall of Fame i 2007. I 2008 vart han bevart for all ettertid av United States Library of Congress i National Recording Registry.

Han vart rangert av RIAA på 127. plass på lista deira over dei beste songane frå 1900-talet. Songen er valt ut av The Rock and Roll Hall of Fame som ein av dei 500 songane som forma rock and roll.

Medverkande for The Miracles[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]