The Velvet Underground

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Velvet Underground
Alias The Warlocks, The Falling Spikes
Sjanger Eksperimentell rock, kunstrock, protopunk, støymusikk, bordunmusikk, psykedelisk rock, folkrock
Aktive år 1964–1973, 1990, 1992–1994, 1996
Tilknytte artistar Nico
Theater of Eternal Music
Plateselskap Verve, Atlantic, Polydor
Tidlegare medlemmer
Lou Reed
John Cale
Sterling Morrison

The Velvet Underground var eit amerikansk eksperimentelt rockeband som eksisterte frå 1965 til 1973.

The Velvet Underground hadde sin base i New York. Tidleg i sin karriere var dei ein del av miljøet rundt den berømte pop-kunstnaren Andy Warhol, som tidvis fungerte som ein slags manager og kunstnerisk rådgjever for bandet. Ved platedebuten i 1967 var gruppa John Cale, Sterling Morrison, Lou Reed og Maureen Tucker. I løpet av 1968 blei John Cale erstatta av Doug Yule. I tillegg var songarinna Nico (Christa Päffgen) med på innspelinga av debutalbumet The Velvet Underground and Nico, og ho opptrådte også med bandet eit års tid rundt 1966.

The Velvet Underground er mykje meir kjent i dag enn dei var i den perioden dei eksisterte som band, og dei vert rekna som eit av dei aller mest innflytnadsrike rockebanda frå 1960- og 1970-talet. Bandets betydning bygger først og fremst på deira rolle som grensesprengjande innovatør og trendsettar for rockemusikken og tilhøyrande kultur. Gruppas særeigne og avantgardistiske stil har påverka seinare musikalske uttrykk som punkrock, støymusikk og alternativ rock generelt.

Medlemmane og deira musikalske inspirasjonskjelder[endre | endre wikiteksten]

Det unike musikalske uttrykket til gruppa er eit resultat av dei ulike interessene og røynslene til medlemmane. Gitaristane Reed og Morrison vart kjent då dei studerte saman, og delte ei interesse for blues og visesong og ein beundring for den tidlege Bob Dylan. Reed hadde òg jobba som låtskrivar og produsent for eit selskap som laga lågprisplater med etterlikningar av ulike populære låtar (Pickwick Records). Reed framstod tidleg som den kreative leiaren til gruppa, låtskrivar, tekstforfattar og vokalist. Han spelte gitar, ofte i ein utagerande, primitiv og eksperimenterande stil, medan gitarspelet til Morrison oftare bar preg av ei meir tradisjonell tilnærming. Reeds rutinerte omgang med popklisjéar, hans Dylan-inspirerte, halvsnakkande tekstframføring og dei litterære ambisjonane hans utgjorde ein viktig del av ingrediensane som inngjekk i det totale uttrykket til bandet.

Cale hadde bakgrunn som «vidunderbarn» på bratsj, og var kome frå Wales til New York City med stipend for å studere klassisk musikk og samtidsmusikk, noko som etterkvart førte til eit samarbeid med nokre av dei mest kjende avantgardistane på den tida, som La Monte Young og John Cage. Hans kanskje mest særprega bidrag til lydbiletet til gruppa var at han sette gitarstrengar av stål på bratsjen sin, påmonterte ein el-gitarmikrofon og spelte på denne gjennom ein forsterkar. Tonane var ofte langtrukne, monotone og skjerande. Cale spelte tidvis òg bass og tangentinstrument i gruppa. Med kjennskapen sin til musikkteori og harmonilære kombinert med den kompromisslause viljen hans til å bryte alle reglar, må Cale reknast å ha vore ei drivande kraft bak gruppa si hemningslause improvisering og nytte av støy som musikalsk uttrykk.

Det er òg godt kjent at Reed og Cale i periodar hadde ei felles interesse i tidvis eksessivt misbruk av metamfetamin.

Tucker var knapt nokon teknisk kompetent trommeslagar i konvensjonell forstand, men var inspirert av den nigerianske trommeslagaren Babatunde Olatunji og den rytmisk drivande musikken til rock'n'roll-pionéren Bo Diddley. Ho valde, etter at ho vart invitert til å spele med gruppa (den første trommeslagaren deira, Angus MacLise, valde å slutte sidan han av prinsipp nekta å spele for pengar), å hamre med paukeklubbar på eit trommesett der alle trommene var montert horisontalt, og vart dermed ein minst like sentral bidragsytar til bandet sitt eineståande lydbilete som nokre av dei andre. At ho nærast fullt avstod frå å bruke cymbalar medverka ytterlegare til eigenarten til lydbiletet. Med sin androgyne framtoning bidrog ho òg til å tydeleggjere den mystiske auraen til bandet, omfram at ho var ein av dei tidlegaste kvinnelege trommeslagarar i rocken.

Tekstar og litterære inspirasjonskjelder[endre | endre wikiteksten]

Forutan det særeigne musikalske uttrykket, er produksjonen til gruppa kjenneteikna ekstremt kontroversielle tekstar for den tida. Nokre døme henta frå debutalbumet: Songen «Heroin» skildrar heroinmisbrukaren si rusoppleving i ikkje utvitydig negative vendingar, songen «Waiting for the Man» fortel om ein narokoman som møter ein afroamerikanske heroinlanger i Harlem, og songen «Venus in Furs» hyllar lystkjensler knytt til seksuell masochisme.

Tekstene vart skrivne av Reed, som hadde studert skrivekunst (creative writing) ved Syracuse University med poeten Delmore Schwartz (som han hyllar i songen «European Son», òg denne frå debutalbumet) som lærar. Reed har òg ved gjentekne høve uttrykt beundring for forfattaren Hubert Selby Jr. (kjent for bl.a Last Exit to Brooklyn (1964) og Requiem for a Dream (1978), begge filmatisert). Selby Jr. har mykje av den samen motivkretsen i forfattarskapen sin som pregar tekstane til Reed, med vekt på kjønnsoverskridande åtferd og rusmisbruk, og må reknast å vere ei viktig påverknadskjelde for kretsinga rundt avvikaren som tragisk helt.

Forutan referansane til narkotikum, er interessa til Reed for homofili og transkjønne eit av dei meir gjennomgåande og karakteristiske trekka ved tekstene han skreiv, både for bandet og for den påfølgjande solokarrieren hans. Òg på dette området må ein rekna at den populærkulturelle innverknaden til bandet har vore grensesprengande.

Verkemiddel som svart humor og tilsynelatande kynisk ironi er hyppig brukt av Reed. Typisk er ein situasjon (i songen «Sister Ray» frå White Light/White Heat) der ein person blir skoten ned og drepen i ein bustad, og ein av personane (mest truleg bebuaren) utelukkande reagerer med å klage over at gulvteppet blir flekkete.

Musikk, karriere og innverknad på ettertida[endre | endre wikiteksten]

Kombinasjonen av desse ulike talenta og røynslene skapte eit band med eit lydbilete ulikt noko ein inntil då hadde høyrt. Blandinga av kunnskap om finkulturelle konvensjonar kombinert med avantgardistisk arroganse og dyrkinga av det rå og primitive, er vorte hevda å ha lagt grunnlaget for søppel-estetikk som ideal blant rockmusikarar, noko som igjen må reknast å ha vore sterkt influerande på seinare sjangrar som punkrock.

Den særeigne tilnærminga til bandet til musikk kjem mest tydeleg til uttrykk på dei to første albuma, The Velvet Underground and Nico og White Light/White Heat (utgjeve høvesvis 1967 og 1968), medan Cale enno var medlem.

Dei fire første albuma, åra 1967 - 1970[endre | endre wikiteksten]

The Velvet Underground and Nico (1967)[endre | endre wikiteksten]

Musikken slik han finst på debuten The Velvet Underground and Nico har ei stor spennvidde, der intrumentering, vokal og andre særtrekk fungerer som uttrykksmessig bindemiddel. Luftige balladar inspirert av visesonguttrykket vekslar med harde, stakkato rockerytmar og monotont seige komposisjonar med ein tilnærma «etnisk» tonalitet. Det mest gjennomgåande harmoniske særtrekket er kanskje kjærleiken for at einskilde tonar ligg som statisk bordun i bakgrunnen, som oftast knytt til Cales karakteristiske bruk av den elektriske bratsjen sin. Nico, med den djupe stemma si og tyske aksenten, syng på tre av songane, og bidreg til at albumet gjev eit variert inntrykk. Nico var aldri eit medlem av gruppa i eigenleg forstand, og kan kanskje reknast som ein slags gjesteartist på dette albumet. Som høgdepunkta til albumet er det vanleg å regne «Waiting for the Man», «Venus in Furs», «Heroin» og «All Tomorrow's Parties». Andy Warhols coverdesign med bananen på framsida (han var mogleg å «skrelle» på førsteopplaget) medverkar til at albumet kanskje blir oppfatta som meir leikande og uskuldig enn det eigenleg er. Mesteparten av opptaka vart gjort i New York City i løpet av to dagar i april 1966. Tre songar vart innspelt på nytt i Hollywood seinare same år, og til slutt vart «Sunday Morning» - den planlagde singelutgjevinga - spelt inn i november. Albumet vart gjeve ut i mars 1967.

White Light/White Heat (1968)[endre | endre wikiteksten]

White Light/White Heat er dei meir lyttarvenneige og sødmefylte trekka frå debutalbumet nærast fullt fjerna, og støy har fått ein stor og dominerande plass. Dette blir understreka i den meir enn 17 minutt lange improvisasjonen «Sister Ray», der lange parti av forvrengt instrumentstøy over ein stadig meir insisterande trommerytme dominerer uttrykket. Sporadiske tekstlinjer fortel om ein orgie mellom sjømenn og transvestittar, der oralsex, intravenøst misbruk og mord med skytevåpen lèt til å utgjere hovudingrediensane. Songen «The Gift» skil seg ut ved å vere ei lita novelle, skriven av Reed, som blir lese opp av Cale over bakgrunnsmusikk. Stemme og musikk er på dette sporet lagt i kvar sin stereokanal, slik at ein ved hjelp av balansekontrollen kan velje kva ein vil høyre. Albumet er sjølv i dag å oppfatte som svært radikalt, og er utan tvil den mest kompromisslause utgjevinga til bandet. Det er av mange rekna som det viktigaste verket til bandet, som markerer eit vasskilje i populærkultur kva angår oppfatninga av estetikk og opplevinga av «stygt» og «vent». Opptaka vart gjort i september 1967, og albumet vart utgjeve i januar 1968.

The Velvet Underground (1969)[endre | endre wikiteksten]

Musikken endrar tydeleg karakter på det tredje albumet til gruppa, The Velvet Underground (utgjeve 1969). Cale er borte (sparka ut etter usemjer med Reed), og Reed står igjen med sin meir uimotsagte visjon. Musikken ber mindre preg av konflikt og høgt spaningsnivå, som gav mykje av den radikale energien som pregar dei to første albuma. Med Cale ute av gruppa, framtrer gitarsamspelet mellom Reed og Morrison tydelegare som den sentrale musikalske krafta i bandet. Nyinnkjøpte tolvstrengarsgitarar og det faktumet at bandet sitt forsterkarutstyr nyleg var stolen, bidreg truleg til å mjukne uttrykket. Reed har sjølv sagt at dette albumet skal reknast som ein songsyklus der kvar song uttrykkjer ulike stadium i erkjenningsprosessen til eit enkelt individ. Songen «Pale Blue Eyes» peikar seg ut som eit vent høgdepunkt, medan «Some Kinda Love» er klassisk Reed. «Candy Says» blir sunge på plata av Doug Yule, og er i nyare tid vorte sunge av Antony Hegarty (frå bandet Antony and the Johnsons), når han har opptredd som gjest i turnébandet til Reed. På songen «After Hours» er Tucker vokalist. Albumet vart spelt inn mot slutten av 1968, og utgjeve i mars 1969.

Loaded (1970)[endre | endre wikiteksten]

Gruppa gjekk i realiteten i oppløysing under innspelinga av det fjerde albumet, Loaded (utgjeve 1970), då Reed forlét bandet. Dette kan i ettertid oppfattast som temmeleg ironisk, sidan dette albumet meir enn nokre av dei tidlegare peikte fram mot det som skulle bli den musikalske solokarrieren til Reed, og inneheld to av hans mest kjende og inntektsbringande songar til dags dato, «Sweet Jane» og «Rock and roll». Desse to songane framstår òg som dei suverene høgdepunkta på albumet. Tucker var fråverande under innspelinga i samband med graviditeten sin, og sjølv om ho står oppført som trommeslagar på omslaget, er trommejobben delt mellom fleire ulike andre musikarar. Albumet vart aldri akseptert av Reed på grunn av endringar som vart gjort etter at han slutta. Det vart gjeve ut att på ny i 1997 i ei utgåve der endringane var tilbakeført, under namnet Loaded (The fully loaded edition), men Reed lèt likevel ikkje til å stå hundre prosent inne for albumet slik det finst. Albumet er relativt konvensjonelt i formspråket samanlikna med dei føregåande, noko som kanskje var medverkande til at det nådde lengre ut enn nokre av dei tidlegare utgjevingane til bandet hadde gjort, med betre salstal og hyppigare radiospeling. Albumet vart spelt inn sommaren 1970 og utgjeve hausten same år.

Men det var uansett for seint, i realiteten var The Velvet Underground oppløyst.

Etter 1970[endre | endre wikiteksten]

Det femte studioalbumet, Squeeze, blir meir eller mindre universelt rekna som noko anna enn ei Velvet Underground-utgjeving, og bør snarare sjåast på som eit soloalbum av Doug Yule. Ingen frå originalbesetninga medverkar.

Kommersielt var The Velvet Underground aldri nokon suksess i dei aktive åra sine. Platene selde relativt dårleg, og gruppa vart verande eit kultband for dei spesielt interesserte. Originalbesetninga turnerte aldri utanfor USA (og Canada) før i 1993, då Reed, Cale, Morrison og Tucker vart samla att for ein kort serie konsertar - ein av dei fann stad på Roskilde-festivalen same år.

Innverknad på ettertida[endre | endre wikiteksten]

Musikalsk vert The Velvet Underground rekna for å ha vore eit av dei i særklasse mest innverknadsrike rockebanda frå 60-talet. Tydinga deira for og påverknad på rockmusikken i ettertid kan knapt overvurderast. Ei rekkje i seg sjølv viktige og særs ulike artistar, frå David Bowie og Patti Smith til Sonic Youth og Pixies, står i openberr musikalsk gjeld til gruppa, og heile sjangrar som alternativ rock og indie er kanskje meir prega av The Velvet Underground enn nokre andre felles faktorar.

The Velvet Underground er og forblir kultbandet til kultbanda i historia til populærmusikken.

Kuriosum: Innverknaden på den tsjekkoslovakiske «fløyelsrevolusjonen» 1989[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Vaclav Havel, som stod i spissen for fløyelsrevolusjonen i Tsjekkoslovakia i 1989, og som seinare vart valt til presidenten i landet (og seinare den første presidenten i republikken Tsjekkia), fortalde til Lou Reed (då Reed, etter Havels uttrykkelege ynskje, intervjuet han på vegne av Rolling Stone) at ordet fløyelsrevolusjonen ikkje først og fremst viser til den fredelege og ikkje-valdelege forma omveltninga fekk, men var direkte inspirert av at Havel og kretsen hans av opposisjonelle kunstnarar og intellektuelle i si tid tilbragte mange nettar med å lytte til og la seg inspirere av The Velvet Underground (på norsk: fløyelsundergrunnen).

«Veit du at eg er president på grunn av deg?» spurde Havel den inntil då intetanande Reed.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bockris, Victor, Gerard Malanga: Up-Tight: The Velvet Underground Story, 1983 (gjenutgitt i 1995), Omnibus Press ISBN 0-7119-0168-6
  • Heylin, Clinton (red.): All Yesterday's Parties: The Velvet Underground in Print: 1966-1971, 2005, Da Capo Press ISBN 0-306-81365-3
  • Zak, Albin: The Velvet Underground Companion: Four Decades Of Commentary, 1997, Schirmer Books/Simon & Schuster Macmillan ISBN 0-02-864627-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]