The Wanton Song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Wanton Song
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1974
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 4:06
Selskap Swan Song
Komponist Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Page/Plant

«The Wanton Song» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Songen kom til under ein jam på ei øving og inneheld eit skarpt, aggressivt gitarriff av Jimmy Page, liknande «Immigrant Song». Tekstmessig omhandlar songen hovudsakleg sex, særleg sex med ei «kvinne frå Wanton».

På soloen nytta Page baklengsekko (der ein høyrer ekkoet før lyden) og køyrte gitaren sin gjennom ein Lesliehøgtalar, slik Jimi Hendrix hadde gjort på «Little Wing» og «Angel».[1]

«The Wanton Song» vart spela på nokre av konsertane til Led Zeppelin i 1975, men vart så droppa. «The Wanton Song» vart spela mykje som opningsnummer på turneane til Page and Plant i 1995 og 1998. Songen vart òg spela eit par gonger då Jimmy Page turnerte med The Black Crowes i 1999.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1993: Whyos (The Song Retains the Same II)
  • 1999: Sen Dog (The Song Remains Remixed: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2001: Earth Crisis (Last of the Sane)
  • 2006: Hammer of the Gods (Two Nights in North America DVD)
  • 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin)
  • 2007: Reconstruction (The Many Faces of Led Zeppelin [remix])

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.