The Weight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Weight
Singel av The Band
frå albumet Music from Big Pink
Innspelt Januar 1968
A&R Recorders (studio A),
New York City
Sjanger Folkrock, rootsrock
Lengd 4:34
Selskap Capitol
Tekstforfattar Robbie Robertson
Låtskrivar(ar) Robbie Robertson
Produsent John Simon
The Weight
Singel av Diana Ross & the Supremes og The Temptations
frå albumet Together
B-side

«For Better or Worse»

Innspelt Hitsville U.S.A. (Studios A & B); 1969
Sjanger Funk, pop, soul
Lengd 3:00
Selskap Motown
M 1153
Tekstforfattar Robbie Robertson
Låtskrivar(ar) Robbie Robertson
Produsent Frank Wilson
Diana Ross & the Supremes-kronologi 
«No Matter What Sign You Are»
(1969)
The Weight «I Second That Emotion»
(1969)
The Temptations-kronologi
«I Can't Get Next to You»
(1969)
The Weight «Psychedelic Shack»
(1969)


«The Weight» er ein song frå 1968 av The Band. Songen kom først ut på debutalbumet til The Band, Music from Big Pink.

«The Weight» er ein av dei mest kjende songane til bandet og av dei mest populære songane i motkulturen på slutten av 1960-talet. Songen vart ikkje ein stor hit for bandet, og nådde berre 63. plass i USA, medan han i Canada nådde 35. plass og i Storbritannia 21. plass. Tre coverversjonar av «The Weight» nådde høgare på den amerikanske singellista i 1968-1969 enn The Band si originale innspeling:

Songen er rangert på 41. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[1] Pitchfork Media kåra songen til den 13. beste frå 1960-åra.[2]

Songtema[endre | endre wikiteksten]

«The Weight» nyttar eit motiv frå folkemusikken om ein reisande, som i den første linja kjem fram til Nazareth i Lehigh Valley-området i Pennsylvania. Fleire år seinare tok bandet Nazareth namnet sitt frå denne linja. I byen møter personen fleire av innbyggjarane, og songen omhandlar møta med desse personane.

I sjølvbiografien sin This Wheel's on Fire forklarar Levon Helm at folka som er nemnde i songen er basert på verkelege folk The Band kjende. «Miss Anna Lee» nemnd i teksten er venen til Helm, Anna Lee Amsden.[3][4]

Den 17. august 1969 spelte The Band songen som den tiande i settet deira på Woodstock.

Film og reklame[endre | endre wikiteksten]

«The Weight» har vore nytta i mange filmar og fjernsynsseriar, som Hope Floats; Igby Goes Down (coverversjon av Travis); The Big Chill; Easy Rider; Girl, Interrupted; Patch Adams; 1408; og Starsky & Hutch (som ein parodi på ein scene i Easy Rider); og på fjernsyn i Californication, My Name Is Earl, Sports Night og Cold Case. Songen er òg nytta i reklamar for Diet Coke og Cingular/AT&T Wireless.

Songen vart nytta i Easy Rider, men på filmmusikkalbumet vart songen spelt av bandet Smith, fordi platekontrakten hindra The Band i å nytte originalutgåva. The Band-versjonen finst derimot i sjølve filmen.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«The Weight» har vorte ein moderne standard, og derfor spelt av særs mange artistar, mellom andre Little Feat, Stoney LaRue, Aaron Pritchett, The Staple Singers, Joe Cocker, Travis, Grateful Dead, The New Riders of the Purple Sage, O.A.R., Edwin McCain, The Black Crowes, Spooky Tooth, Hanson, Old Crow Medicine Show, Panic! at the Disco, Aretha Franklin, Joan Osborne, John Denver, Cassandra Wilson, Miranda Lambert, Al Kooper og Mike Bloomfield, Deana Carter, New Madrid, Dionne Warwick, Ratdog, Bob Weir, Lee Ann Womack, Smith, Weezer, eit samarbeid mellom Diana Ross & the Supremes og The Temptations, The Allman Brothers Band, The Marshall Tucker Band, Jimmy Barnes med The Badloves og Aaron Pritchett.[5] Mot slutten av dokumentaren It Might Get Loud spelar Jack White, Jimmy Page og The Edge «The Weight» akustisk og deler på vokalen.

Bob Dylan har spelt songen på konsertar og det same har Waylon Jennings.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Arkivert frå originalen 16. april 2007. Henta 23. januar 2011. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. mars 2015, henta 23. januar 2011 
  3. Jacques Steinberg, "New Generation Hops the Mystery Train." New York Times (Online) July 9, 2007.
  4. «KATV.com Channel 7 - All About Arkansas: Anna Lee Amsden». Arkivert frå originalen 31. august 2009. Henta 23. januar 2011. 
  5. Aaron Pritchett Scores 10th Consecutive Top 10 Single at Country Radio With "Done You Wrong", arkivert frå originalen 9. november 2007, henta 23. januar 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]