The Wind Cries Mary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Wind Cries Mary
Singel av The Jimi Hendrix Experience
B-side

«Highway Chile»

Språk engelsk
Utgjeve 5. mai 1967
Innspelt 11. januar 1967 i De Lane Lea Studios i London i England
Sjanger Rock, psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 3:20
Selskap Track
Komponist Jimi Hendrix
Tekstforfattar Jimi Hendrix
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi 
«Purple Haze»
(1967)
The Wind Cries Mary «Burning of the Midnight Lamp»
(1967)


«The Wind Cries Mary» er ein song av The Jimi Hendrix Experience gjeven ut som den tredje singelen deira med «Highway Chile» som B-side, den 5. mai 1967. Songen er eit døme på psykedelisk bluesrock. Songen var ein av dei første hittane til Hendrix i England og vart spelt inn mot slutten av innspelinga av «Fire» Songen vart plassert på 370. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største rocke songane gjennom tidene. Han vorte spelt inn av mange andre artistar, som Jamie Cullum og John Mayer .

I USA vart songen først gjeven ut som B-side til songen «Purple Haze» i juni 1967 og seinare på den amerikanske versjonen av albumet Are You Experienced i lag med dei andre tre første singlane hans.

Songen er sagt å vere inspirert av ein krangel Hendrix hadde med den dåverande kjærasten Kathy Etchingham om matlaginga hennar. Ho skal ha storma ut av leilegheita og Hendrix skreiv «The Wind Cries Mary», sidan Mary var mellomnamnet til Etchingham. Billy Cox, som var bassist i Band of Gypsys og ein gammal ven av Hendrix har sagt at Curtis Mayfield påverka songen.

«'The Wind Cries Mary' var eit riff påverka av Curtis Mayfield, som var ei stor inspirasjonskjelde for Jimi.»

Det er ei mistyding at Hendrix skreiv songen om marihuana, sidan «Mary Jane» er eit slanguttrykk for marihuana.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen «Mademoiselle Mabry» på Miles Davis-albumet Filles de Kilimanjaro er i røynda Gil Evans sitt arrangement av «The Wind Cries Mary». Andre som har spelt songen er Marc Ribot, Richie Sambora, The Bobs, Seal, Sting, Pat Boone, John Mayer, Xavier Rudd, Jamie Cullum, Cassandra Wilson, Widespread Panic og World Saxophone Quintet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]