The Yes Album

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Yes Album
Studioalbum av Yes
Utgjeve 19. februar 1971
Innspelt oktober–november 1970 I Advision Studios in London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 41:44
Selskap Atlantic
Produsent Yes and Eddie Offord
Kritikk
Yes-kronologi
Time and a Word
(1970)
The Yes Album Fragile
(1971)

The Yes Album er det tredje albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes. Dette er det første albumet der gitaristen Steve Howe medverkar. Albumet vart gjeven ut i februar 1971 i Europa og i mars same år i USA. Dette albumet vart det store gjennombrotet til bandet, og vart hylla av platekjøparar så vel som kritikarar. Dette er òg det siste albumet Tony Kaye medverkar på, før kom attende til bandet 12 år seinare på albumet 90125.

Albumet kom på 40. plass på Billboard 200 i USA, og på fjerdeplass på UK Albums Chart i Storbritannia.[7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Yes Album vart nettopp det albumet plateselskapet ynskte seg etter den labre interessa for bandet sine to første album. Innspelingane vart gjort i studioet Langley Studios i Devon i England, og Steve Howe likte seg så godt der at han seinare kjøpte huset med tilliggande landområde, og han bur framleis der.

Òg på dette albumet er førenamnet til Jon Anderson stava «John» men for siste gongen sidan alle dei påfølgjande albuma brukar staveforma «Jon». På coveret er det eit bilete av bandet, og ein kan sjå Tony Kaye med gips på det eine beinet. Dette på grunn av at han kort tid før fotografiet vart teke var innblanda i ei mindre bilulykke.

Under den påfølgjande turneen var bandet Strawbs med som oppvarmingsband. Klaverspelaren i Strawbs var den unge og særs lovande Rick Wakeman, som med sitt virtuose spel på alle sine ulike tangentinstrument trekte til seg merksemd frå alle, Yes-medlemmane inkludert.

Etter turneen fekk Kaye sparken fordi han berre motvillig gjekk med på å spele på Moog-synthesizer og generelt nekta å ta i bruk moderne synthesizer og Mellotron, og ynskte berre å spele piano og Hammondorgel. Dermed tok Yes kontakt med Wakeman, som under tvil godtok å møte på ei øving. Få dagar seinare vart han presentert som den nye klaverspelaren i Yes.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I 2000 plasserte magasinet Q albumet på 86. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Yours Is No Disgrace» (Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Tony Kaye/Bill Bruford) – 9:41
  2. «Clap» (Steve Howe) – 3:17
    • Innspelt live på The Lyceum Theatre i London, 17. juli 1970
  3. «Starship Trooper» – 9:25
    1. «Life Seeker» (Jon Anderson)
    2. «Disillusion» (Chris Squire)
    3. «Würm» (Steve Howe)
  4. «I've Seen All Good People» – 6:56
    1. «Your Move» (Jon Anderson)
    2. «All Good People» (Chris Squire)
  5. «A Venture» (Jon Anderson) – 3:18
  6. «Perpetual Change» (Jon Anderson/Chris Squire) – 8:54

Bonusspor på 2003-utgåva[endre | endre wikiteksten]

     7. «Your Move» (singelversjon, redigert fra «I've Seen All Good People») – 3:00
8. «Life Seeker» (singelversjon, redigert frå «Starship Trooper») – 3:28
9. «Clap» (alternativ studioversjon) – 4:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011 [last update]). «The Yes Album - Yes | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/the-yes-album-r171654. Henta 17. juli 2012. 
  2. Dahlen, Chris; Leone, Dominique; Tangari, Joe (February 8, 2004). «Pitchfork: Album Reviews: Yes: The Yes Album / Fragile / Close to the Edge / Tales from Topographic Oceans / Relayer / Going for the One / Tormato / Drama / 90125». pitchfork.com. Pitchfork Media. http://pitchfork.com/reviews/albums/11869-the-yes-album-fragile-close-to-the-edge-tales-from-topographic-oceans-relayer-going-for-the-one-tormato-drama-90125/#review-album-13613/. Henta 17. juli 2012. 
  3. Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: yes». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=yes. Henta 17. juli 2012. 
  4. Warburg, Jason (2011 [last update]). «The Daily Vault Music Reviews : The Yes Album». dailyvault.com. http://dailyvault.com/toc.php5?review=1273. Henta 17. juli 2012. 
  5. Koegel, John (July 22, 1971), «Yes The Yes Album > Album Review», Rolling Stone (87), Arkivert frå den opphavlege versjonen den 20. feb. 2009, http://web.archive.org/web/20090220195154/http://www.rollingstone.com/artists/yes/albums/album/114558/review/6067829/the_yes_album, henta 17. juli 2012 
  6. Lechner, Ernesto (February 6, 2003), «Classically Trained!», Rolling Stone (915): 64, Arkivert frå den opphavlege versjonen den Mal:Date, http://web.archive.org/web/20060323145441/http://www.rollingstone.com/reviews/album/_/id/114558, henta 17. juli 2012  Reviews reissues of Yes, Time and a Word, The Yes Album, and Fragile. Posted januar 15, 2003.
  7. UK Albums Chart: Yes – The Yes Album