Theatrum Orbis Terrarum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Theatrum Orbis Terrarum («verdsteateret») blir sett på som det fyrste moderne atlaset. Det blei trykt 20. mai 1570 i Antwerpen, og var skrive av Abraham Ortelius. Det var sett saman av ei samling av like store kartark med tilhøyrande tekst innbunde som ei bok. Trykkplater av kopar blei gravert spesielt for denne jobben. Orteliusatlaset blir somme tider referert til som ei oppsummering av kartografien1600-talet. Mange av karta i atlaset er basert på kjelder som ikkje lenger er tilgjengelege eller er ekstremt sjeldne. Ortelius la ved ei unik referanseliste («Catalogus Auctorum») der han skreiv ned namna på samtidige kartografar som elles ville ha vore gløymt i dag. I løpet av åra atlaset blei gitt ut kom det versjonar på sju språk, latin, tysk, flamsk, fransk, spansk, engelsk og italiensk.

Etter fyrsteopplaget av Theatrum Orbis Terrarum reviderte og utvida Ortelius atlaset med jamne mellomrom, og gav det ut i varierande format fram til han døydde i 1598. Frå dei 70 karta og 87 bibliografiske referansane i fyrsteutgåva (1570) voks atlaset gjennom dei 31 utgjevingane til 167 kart og 183 referansar i 1612.

Verdskart frå 1570-utgåva av Theatrum Orbis Terrarum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]